måndag, desember 25, 2006

From all of us, to all of you a very merry christmas!

Til alle mine trufaste lesara (Og dei som ikkje er fullt so trufaste):

God jul, og godt nyttår!

Kvart år kjem vel julafta like brått på, med ingen unntak i år. Mykje har skjedd på eit år, sjølv om det ikkje kjennast slik ut. Ein har gjort nye bekjentskap, fått nye sambuera, blitt kjærast, mista ein kjærast, fått ny jobb, vore sint, vore veldig gla, vore veldig trist.

Ein har ledd så ein har fått gangsperre dagen etter, blitt kjefta på, vore tankefull, malt nye bilder og nye minner. Vi har snart utvida venneflokken (Beibi Menes), medan nokre er blitt til englar som kikkar ned til oss på jorda...

Eg har reist mage mil i buss. Ete mi kvote med fajitas. Savna heimbygda når bylivet blir for voldsomt. Sett nye stadar, høyrt ny musikk. Tenkt tanken saman med gode venner at "denne stunda vil vi aldri gløyme". Trøsta venner som har hatt det vondt. Eg har sove i telt. Blitt kjend med livsnyterar som er brun i huda....Blitt sommarbrun i huda sjølv. Fått mjuk sand mellom tær....

Alle valørane av eit liv vil vel før eller seinare dukke opp på eit år. Godt er det. Ein klok mann har lært med at ein ikkje kan oppleve lykker før ein har kjend på korleis det er å ha det vondt.

Det stemmer på ein prikk.

Forsatt god jul og ha eit fantastisk godt nyttår!... Bilder kjem som perler på ei snor etterkvart....:)

2 kommentarer:

Trine sa...

Litt hermegås her, ja. Men det er greit:) *suss*

Trine sa...

Ikkje for å vere dritfrekk altså, men det heite christmas;)