torsdag, mars 06, 2008

Trur eg.


"I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,men synge åndelege sanger i Zions bedehus,trur eg.
Alle kvinnfolk(mannfolk) som eg møtar skal eg sky som bare fan,trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,trur eg.
Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,og drikka kaffe medandrøset går om andelege ting,trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,trur eg.
koma ruslandepå heimveg utan stivety og hatt,trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,og stå opp når hanen flakserog gjel i morgonsol,trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrstat eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,trur eg."
(Jakob Sande)

Ingen kommentarer: