torsdag, januar 22, 2009

Minner.

Då var vi attende i Bergen og beheld Krakow-turen som eit varmt minne i hjartet. For ein fantastisk by!
Det å gå gatelangs i Krakow trigga eit spekter av kjensler som strekke seg frå A til Å. Historia som ligg i sjela til byen er grusom. Å sjå bileter av store massegrave, høyre historia frå mennesker som fekk kjenne jødehatet på nært hald og sjå dei mange gravplassane som dukka opp med jamne mellomrom i gamlebyen får ein til å kjenne seg trist i sjela.
På same tid er byen full av glede, varme lune kaféar og fantastiske bygg så langt auget kan sjå!

Eg let att augene og drøyme meg tilbake til Camelot med sin varme lune atmosfære, kyrkjer klare til gudstjenete fyld av mennesker med ei oppriktig tru og lukta av stearinlys og røykelse. Klare og vakre tonar frå fiolinen som smyg seg inn i øyrene frå konserten i den nydelege kyrkja. Kjenne smaken av den varme vinen og dei sterke morella som røska i ganen og dei fine menneska eg delt alt det her med....:)

























































1 kommentar:

Anonym sa...

Så fin blogg du har :) Nydelige bilder !!