onsdag, desember 22, 2010

Saudehaud

No er eg vel på plass i winterwonder Kjølsdalen. Og det er storvegs! Har ikkje sett dalen sidan den var i si finaste sommardrakt- så det var rart å kome attende til eit vinterlandskap med snødekte tred og høge brøytekanta. Eg vart godt teken imot av familie óg ein hund med hale så logrande at rompa svinsa ukontrollert fram og tilbake. Det er lykke!

Då eg la meg i går undrast eg på kor stille det var. Eg la ifrå meg boka eg les i, pusta inn eit djupt andedrag og lytta til stillheita kring meg. Og det var godt. Eg kunne ikkje høyre anna enn snøven som landa mjukt på rekkverket utanfor og mine eigne hjarteslag. Eg sovna som ein stein.

Eg smilte inn i meg i dag tidleg då eg vakna og såg ut vindauget. Snøv! Julestemninga kraup under huda då eg fekk tendt i peisen, laga meg ein kopp kaffi og sett 'God morgen Norge'. Ellers har eg vore på besøk hjå mi kjære bestemor, som igjen hadde besøk av tante og nokon andre slektningar frå bygda. Eg fryda meg over å høyre folk- ikkje berre ein eller to, men alle andre snakkar same dialekt som meg. Det er lenge sidan. For å ikkje snakke om lufta, som er 100% reinare enn 'smogen' i Bergen.

Som tradisjonen hør og bør, et vi saudehaud søndagen før jul. Men sidan mamma og pappa faktisk gløymde å tilbreide saudehaud den søndagen, så åt vi det i dag istaden for. Og som alltid smakte det fortreffelig! Huset er blitt vaska, den siste av dei heimkomande søstrene kjem att i natt og i morgon blir huset pynta...so no kan snart julefreden senke seg over garden.........

Ha ei trivelig natt!

3 kommentarer:

Mari sa...

God Jul, Jeanette! Kos deg mykje heime:)

Saudehaud e kjempegodt!!

jeanette_s sa...

God jul til deg og, Mari! :) KOs dokke masse på hytta og heime!

Frøken Barmen sa...

So fint skrive:) Sjøl om eg e ein av dei som syns at saudehaud e ufattelig ekkelt. Orkar ikkje augekontakt med det eg ete.
Uansett: håpa du har ei herleg julefeiring! God jul!