fredag, mai 18, 2007

Kjære bloggen min!

Unnskyld at eg ikkje har vore så flink til å oppdatere deg. Eg beklaga så mykje at eg har dumpa deg til fordel for ein anna.Nemmeleg facebook.Eg lova å skrive meir på deg snart.


Snakkast.

tysdag, mai 01, 2007

Mordet på storbonden.
-Episode 4. Siste del.

Dette har skjedd:
"Påskemorgen slukker sorgen" seiast det i salmen. Dette stemmer ikkje for familien Sundal. Hytteturen, som skulle bli ei avkopling etter alt det groteske og forferdelige som hadde skjedd heime på storgarden, vart i staden eit mareritt! I tilegg til at storbonden Rolf vart drepen i si eiga stove og den utsvevande dottera Jeanette forgifta... funnet liggande forvridd på stovegolvet, så vart poshy Therese brutalt slått i hel av ei ildrake på hytta. Dei gjenværande er vettskremde! Den sleipe komande svigersonen frå Oslo har reist sin kos, i frykt for at han skulle bli det neste offeret. Det same skulle husmora Mia, odelsdottera Katrin og den alltid like pliktoppfyllande sonen Jørn ønske at dei kunne gjere óg........Detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era er fortvila over ikkje å komme til bunns i saka, det er som om dei symjer i gjørme, seigmenn og tronge bukser.....




Det kvilar ei lumsk stemning over den ellers så praktfulle og staslege garden. Det er som om lågtrykket er komen for å bli. Det er ikkje mange att på garden no. Dei som er att går rundt som zombiar, klare for å brutalt bli sløya ned av drapsmannen/kvinna som går rundt på frifot. Detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era jobbar på spreng, og det ryktast at dei truleg endeleg er komen fram til kven som har drept storbonden og døtrene hans.... Kanskje er dette berre lause og usanne rykter satt ut av Løken fordi han er redd for sitt gode namn og rykte.....




Jørn, den stakkars pliktoppfyllande sonen har ikkje heilt vore seg sjølv i det siste.... Han går rundt å syng salmar, har tre kors rundt halsen og lommane fulle av kvitløk... berre for å sikre seg livet. I tilegge har han gjort det til ein vane å heise flagget på halv stong kvar dag, berre for å vise si sorg over dei tapte familiemedlemmanen. Stakkars guten er blitt så skral og svak etter at han måtte ta over drifta på garden heilt aleine......


Plutseleg ein dag ringer Løken i ekstase over at han har funne ut kven mordaren er!! Etter å ha studert lappen som poshy Therese hadde i handa, lagt saman to og fem har han kome fram til at Den "snilde" nabodottera Jannike må ha gjort det. Klart og tydeleg hadde Poshy Therese skreve "J_A.." på lappen. Øksa som storbonden Rolf vart tatt av dage med, viser seg å komme ifrå den lokale landhandelen, innkjøpt av landhandelkona Merete. Men Merete hadde alibi. Ho hadde vore på Ludo-kveld hos bestevenninene Kirsti og Rønnaug, dei eldre damene litt lenger opp i dalen. Kven andre hadde då tilgang til Landhandelen enn Jannike, den sjøga. Løken var overbevist og sikker i sin sak. Han hadde aldri likt Jannike noko særleg. Det var noko ved ho som han aldri greidde å setje fingeren på, men som han no hadde fått erfare var ein mordar av kaldaste slaget. Og, at han ikkje hadde tenkt på det før.... Jannike, som utgav seg for å vere "snild" og tok med mat av den venaste sort på hytta, hadde heilt andre planar for kvelden enn å gjere familien Sundal mette og gode.
No måtte han berre få tak i ho. Han antok at ho var reist langt avgårde. Men der skulle det vise seg at Løken tok feil. For i det han hadde satt seg i bilen og skulle kjøre avstad, kem andre enn Jannike var det som gjekk gatelangs? Løken ringde etter fortserkningar, for slik ein grusom mordar kunne ikkje vere lett å huke inn åleine.
Forsterkningane kom og fjorten bevepna menn hoppa ut av ein svartlakkert van og pågreip udyret.


Jannike var iskald under forhøyra, men innrømte drapet på storbonden. Men drapet på si bestevenninne, den utsvevande Jeanette, ville ho først ikkje ha på samvitet. Men løken var ein forhøyrskunstnar og etterkvart knakk ho saman og innrømma det heile. Motivet var klart. Odelsguten Jørn. Jørn skulle erobrast og storgarden Sundal skulle bli hennar. For at det skulle skje måtte nokre hindringar fjernast. For garden ville ho ha no. Ho klarte ikkje vente. Sidan ho ikkje fekk prinsen Kai Jonny, og hans gard. Mangel på tolmod hadde teke ho og fått fram sider ved ho, som ho sjølv knapt nok visste at ho var i bestittelse av.


Detektiv Løken kontakta den resterande delen av familien Sundal og fortalde alle kva som hadde skjedd. Det var ei blanda mottaking, der det var godt å få vite kven som hadde gjort desse ugjerningane, men tungt å få vite at det var deira kjære venn, og nabo, Jannike, som var mordaren. Måtte ho brenne ein stad der det er varmt!.... tenkte Odelsjenta Katrin
Klitt og Katrin tenkte at det beste var å drukne tankar og sorg med alkohol, og slik var det at siste del av påsken ikkje satte seg i hukommelsen og turen heim til sine respektive byar og bygder vart gjort unna med ei dundrande hovepine.

Måtte freden kvile over storgarden Sundal, no som svinet er tatt.........


The end.


( Beklaga forsinkelsen, men utan internett og data er det ikkje så lett å lage ein interaktiv påskekrim!)