Korps er kjekt, baby!Konsert og speling på Logen saman med Eikanger og Bjørsvik Musikklag. Monica varmar opp. Oppkøyring til NM i Knarvik.Gamlegutta rocka. Hadde samanhengande latterkrampe i ein halvtime. Og eit leveår lenger å leve.Har du ikkje rockering, so skaff deg det. Eit partytriks utan like. Alle skal få!Finn dreg ut puppen.FLØTT deg Jeanette! Eg skal bli tatt bilde av no!Jasså, obsternasig og no??Endelig min tur til å rocke! Må berre skubbe vekk T.J. fyrst.Dobbelrocking!Finn likar vesten min. Som forøvrig gjekk på rundgang. Vel å merke hjå mannfolka (!?)Festen i gong!Fullt i leiligheta, då måtte vi ta senga i bruk. Litt av gjengen i god stemning! Eg hadde mykje jobb med å passe på at ikkje nokon av mine feminine eigendelar tok vegen til Brassnight. Gutt'a slost om å prøve tyllskjørt og smykke....(enda ein gong: !!???) Og då var Jan Banan i vesten! Var ikje mangel på folk akkurat....Øl og korps! Kan ikkje bli betre!MongisaElin og Sander.Skjønne Malin! Grieghallen i si vakre prakt! Stasleg køyretøy høyre med til NMSkøyergutt Fredrik!
Full sal for å høyre på svenska og Eikanger og Bjørsvik.Svenska til oppvarming! Happy Birgitta. Men dog litt sjuk.
Eg bøye meg i støvet, kysser tapeten og set kryss i taket over mi manglande oppdatering! Eg gjev meg sjølv sparken i blogging for tida, men tek meg sjølv inn att i varmen igjen etter å ha lova meg sjølv i å ta meg i nakken.
Livet har bestått av mykje leiking med kornetten i det siste. Nm er vel overstått- og etter å ha hatt stiv kuling på scena og nota som flagra er vi vel "fornøgde" med 6. plass av 13. i 2. divisjon. No kjennast det mest ut som om nokon har tatt lufta ut av ein ballong. Litt tomt å ikkje møte alle dei eg har møtt i nesten kvar dag to veker i strekk. Vi blir mest som ein stor familie.
No når eg kan senke skuldrane og konsentrere meg om dei kvardagslege tinga- så måtte eg sjølvsagt bli sjuk. Kanskje eg ikkje er akkurat vandt med å vere sånn "skikkelig" sjuk, men i går synst eg synd på meg sjølv. Låg som ein unge i fosterstilling og var nesten på gråten. Hadde trena kraftig med vekter dagen før- så ein kombinasjon av gongsperre, kaldsvetting, sår hud og sår hals vart ein fest! Ikkje akkurat den festen eg likar best. Med då kom Maria, min reddande engel, med mat til meg. Tusen takk svenska! Gid hon lenga lenga lenga leva må!
Ellers har eg mykje spennande på gong. Har sagt opp min gamle jobb. Vel, det er ei stund sidan no. Og har så vidt starta med å halde eigne hudpleiekurs gjennom Mary Kay. Eit fantastisk konsept som gjev deg moglegheita til å vere din eigen sjef, styre mi eiga tid og i tillegg få mykje tilbake alt etter kva du vel å legge i det. Ikkje akkurat butikkjobb-betalt. Uansett tek det si tid i å bygge opp sitt eige nettverk, så blir ikkje rik med det samme. Men er imponert over marknadsplanen til Mary Kay! Eller har det blitt ganske så mange bestillingar av bilete etterkvart! Og det er deilig! Deilig å faktisk kunne tjene pengar på det eg elska å drive med. Raudvin og måling ;)
Bergen har vore heldige med mykje fint veir i det siste. Og eg kjenner det gjer noko med både humør og sinn. Kjennast nesten ut som vår til tider. Hadde ein fantastisk tur på Fløyen søndagen etter NM. Turen opp dit var nesten ein leik med livet. Bana stoppa grunna teknisk feil. Kjende eg såg livet i revy då eg såg kor høgt ned det var. Ikkje minst i kombinasjon med fylleangst gjorde det til ei herleg auking i pulsen. På veg nedatt kasta vi oss ut i grøfta tett og ofte. Virka som om alle bergensarane hadde fått på seg ski, eller tatt med seg akebrett. Ein liten tass suste forbi meg. Eller dvs. Ho hadde ikkje sust forbi meg dersom eg ikkje hadde hoppa til sides. Då hadde eg vel nærare gjort ho flat. Eller kven veit. Kanskje eg hadde blitt flat- og hjerneskada?
Uansett, eg fekk blod på tann. Og no SKAL eg skaffe meg 'bortoverski' som eg kan ha her i Bergen. Har jo heime, men dei har seperasjonsangst i forhald til Kjølsdalen. Hadde planlagt ein nydeleg tur i går, men sidan sjukdomen gjorde sin inntreden, så måtte eg heller trene rompemusklane på sofaen. Formen er lettare beire i dag. Fekk servert det deiligaste måltidet av Mr. Fjongesen. Sushi i ny leilighet er ikkje feil!
No har eg skreve for mykje.