Ei lita oppdatering!
No har eg betrakta kledene opp og ned i mente. Det vise seg at nåken av dei ikkje e so vest allikevel.
Katten te bestemor har fått rie. Eg har kokt opp varmt vatten, og har reine kluta klar.... (veit ikkje heilt ka ein ska bruke det te, men dei gjer alltid det på film)
Vi har foreslått akupunktur som eit hjelpemiddel; slik som Marta louise hadde. Vi har diverre ikkje skikkelige nåler, men håpe at bestemor sine strikkepinnar duge. Har haurt ifrå dei konglege kretsar at rosenterapi skal hjelpe óg, men rosene i hagen til bestemor har ikkje "språtte" ut endå.
Uansett ligg katta fint på skinnfellen oppi stolen te han bestefar. Hm... kan tenke meg bestefar grmmast opp i himmelen over at "den fordøøømmmte katta" ligge opp i stolen hass for å føde. Mest trulig hadde han kasta tøffelen sin på den, før han hadde kome med nåken svært så saftige gloser som både hadde hatt bokstaven F..i.......osv. og H....e.....osv i seg!:) Bestefar, berre slapp av! Bestemor har lovd at hon ska vaske skinnfellen godt ettepå. Kanskje vi t.o.m kalla eine kattungen opp etter hon "Perneeele" i bakkjen??
10 kommentarer:
Ver snill med katten!! Strikkepinna?!?!?!:|
Håpe de blir fine kattunga, så kan vi kanskje ha ein av dei i huset vårt. det hadde vert så kjekt!
Eg vurdere forresten en kampanje for at du skal fjerne de he...... word verification-dritet, det e så kjedelig!!!:(
Sende ei "lykke til med fødinga"-helsing til katten til Bestemor. Katten vår føda ein gong i ein kasse midt i stova med ca 10 besøkande ungar over hovudet sitt. Litt dumt å føde akkurat den dagen det e familieselskap...
Eg è med på den kampanjen Trine!!
Ut me word verification!
hmm... eg trur eg egentlig ikkje har gjort nåke for å få det opp... trudde det va sånn alle hadde det eg???
wow!! borte borte!
eg ska huske å helse te katta! har høyrt rykte om at hon har fått fem stk.!
gratulerer trine! verdens mest effektive kampanje:)
bøye meg i støvet!har irritert meg og dinna Word verification... men hakje tenkt over at det går an å fjerne:)
Eg skal starte kampanjen innfør word verification igjen! Eg likte å skrive inn den magiske koden som gjorde at du fekk etterlate deg spor. Det betydde at vi faktisk hadde noko og sei og at vi tok oss bryet med å skrive inn meiningslause bokstavar. No kan vi jo berre skrive inn altslags tull og fjas. Tilbake med word verification!
uff... no vart eg grådig usikker!
Legg inn en kommentar