Sjukepleiar Synnøve.
I går, etter ein lang og hard dag på universitetet, då eg stod å gjorde mine aerobic øvingar... Kom Synnøve i ekstase over å ha fått ein pakke i posten. Eg letta so vidt på smilebandet, sa "jippi"....og forsatte mi treningsøkt.
Synnøve la på sprang til butikken. Og etter nokre få minuttar var ho tilbake igjen. Endå meir i ekstase! Jo, for kva hadde ho fått?..... Eit stetoskop.......! "Jippi "..... sa eg endå ein gong.... med "god" innleving......
"No kan eg ENDELEG bruke mitt eige.."... sa ho.
Altso, kva er det med sjukepleiara og kjærleiken til stetoskop???....
Har budd ilag med sjukepleiara før- og det samme fenomenet oppstod der.
Synnøve greide knapt å vente med åpne det før ho hadde ete opp maten, foten dirra, augene vart store som tinntallerkenar, og det var både julafta og bursdag på same dag.
Berre for å vere litt kjip, so tok eg stetoskopet og lata som eg skulle sjå på det akkurat då Synnøve hadde ete ferdig og var klar til å kaste seg over hærligheiten....
Då fekk ho store auger då! hehe... DET synst EG va moro!:)
Vel, no har vi både sjekka lunger og hjerter. Og det ser ut til å stå bra til med oss bort i Nygårdsgata!
So veit dykk det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar