Eg ve stå på skia mine!!!!!!!!!
Kor i alle daga e all snøven blitt av???
Eg har lyst å prøve dei nye skibrillene, skibuksa, hua og skihanskane mine.
Eg har lyst å få følelsen av at det e påske, at slevet frys fast i kjakane mine, medan sola sakte tinar det opp att. Eg har lyst å puste frostrøyk, kjenne knitringa av snøv under føtene mine.
Eg har lyst at alt ska vere reint og kvitt.
Eg har lyst å kjenne at legga og lår knapt kan halde seg oppreist grunna ein lang dag i bakken. Eg har lyst å komme inn i ei varm hytte, vrenge av seg dei våte kleda, ta på seg ullkle, pakke seg inn i eit teppe med ein kopp kakao i den eine handa og skjeve med brunost i den andre handa.
Kjære mann i himmelen. Gje oss berre litt snøv, vertfall sånn at ein får stå på ski jaffal to meter.
Amen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar