onsdag, september 05, 2007

Barnehage.

I dag har eg hatt litt av ein begivenheitsrik dag. Eg har jobba som ei slags kunstnarisk barnehagetante. Etter å ha stått opp 06.15, og tatt buss til Sotra 07.00. Havna eg i ein barnehage.

Der va dei mest skjønne og tillitsfulle ungane ein kan tenke seg frå alderen 2-3 år. Allereide etter ein halv time hadde dei supermange spørsmål om kva eg heite, kvifor eg hadde påsa i støvlane mine, kvifor eg hadde sekk på ryggen, om eg kunne tenke meg å komme på besøk heim til dei(men dei måtte selvfølgelig spørre mamma fyst..:)og litt refleksjonar over at mamma faktisk va ei dame, og ei jente på samme tid- og pappa va både ein mann og gutt.

Eg har hatt kunstnerisk undervisning for dei, der fire og fire småtroll fekk måle på lerret, mens resten av barehagetantene og ungane satt i garderoba og song. Eg prøvde alt eg kunne å lære dei om primærfargane, og kva fargar ein skulle blande ihop for å få dei forskjellige fargane....utan hell.... Dei blanda ca. alle fargane dei hadde i ei salig blanding. Eg har leika ute i høljregnet i fire tima, brukt ca. tre av dei til å skubba ungane i reia(dissa som dei seie) mens dei ropa "meir, meir!!!"

Eg har funne ut av ein av ungane, som kanskje berre er to og eit halvt år, kan synge heile songen til Brann.....so vi song om att og om att "Heia Brann, heia Brann. Blod e' tjokkere enn vann, heia Brann!" medan han reia fram og tilbake fram og tilbake, og smilte til meg med store brune auger:) Og då han skulle demonstrere korleis "pappa"song sangen la han til ein rå "piff" på stemma si, og auka volumnivået to hakk...hehe..

Eg har lest bok om "Postman Pat" medan åtte unga skulle sitte på fanget mitt. Tørka små barnehender som er fulle av både gjørme, måling og smøreost. Høyrt kommentarar som:
" nårr påppa sær hænnenne mine me så mye gjørmæ kommær han til å si"Åånnææiii! Æsj, og bæsj!".

Trur kanskje dei små knøttane har gjeve meg like mange opplevingar i dag, som dei sjølve har i denne utforskande alderen, der kvar dag er som ei ny lita oppleving i ei ganske så ny verd for dei....

2 kommentarer:

Anonym sa...

so alt i alt va d ei positiv oppleving? :) beate

Monica sa...

Unga er heilt crazy. Ein skulle aldri blitt vaksen..