søndag, desember 02, 2007


1. desember og julefest.

Etter å ha kome meg gjennom nattåpe fredag, med jobbing i nesten 11 timar, og julerushet som tok seg opp laurdagen med ville tilstandar av julegåvepakking. Kunne 1. desember julekosen for fullt sette i gong.

Fekk så vidt med meg siste, og den beste delen av lysfesten. For dei som ikkje veit kva lysfest i Bergen er, så er det ei slags feiring over at vi er gått inn i desember og at jula snart står for dør.

Med storscene på festplassen, synging av julesongar, fakkeltog og Sigvart Dagsland, enda heile feiringa opp i eit gigantisk rakettshow! Og Bergen trur eg viste seg i frå si vakraste side nokon sinne, med nesten stjerneklar himmel, tusenvis av fakkelar, juletrelys på alle trea rundt lungaarden, blått lys som lyse opp heile telgeverket og avrundinga med fantastiske rakettar!

Med eit smil om munnen, og tårevåtte auger kunne bergensara og innflyttara vandre heim til laurdagskos. Og det gjorde vi og.

Stova hadde vi pynta med julestjerner og eit slags provisorisk juletred (palme) pynta fint opp med juletrelys og julepynt. Gløggen stod på ovnen og fylde leiligheta med ei fantastisk krydderlukt som minna oss på om at det berre er 22 dagar til julafta. Og ikkje minst haddevi gjort storinnkjøp av mandariner og pepparkaker!

Med julekjolar og pumps var vi klare for julefesten!































Ingen kommentarer: