onsdag, april 28, 2010

Kulturuke.

Som mange kanskje veit er det duka for Bergensfesten her i byen, med mange av dei største stjernene musikkbransjen kan oppdrive.
Og det blir ei storslått veke! Er så heldig å få stå på gjesteliste til Karpe Diem og Magdi- og håpar på å få med meg dei andre banda som skal spele på Verftet óg.

Alltid kjekt å oppdage nye band! Har høyrt ein del på 'The souljazz orchestra' den siste veka. Og eg elska det eg høyre! Ei deilig blanding av soul, jazz og reggea-rytmer. Musikk som ein blir tvers i gjennom glad av! Det er det som er så fint med musikk. Det er eit universellt språk som uttrykke følelsar i alle valørar. I tillegg til Karpe Diem, The souljazz orchestra- skal óg Veronica Maggio, Lars Vaular, The very best og Mayer Hawthorne and the county halde konsert. Eg gler meg!

Ellers åpnar masterutstillinga i design i dag, Substans 2010. "Designing the social world" Blir veldig spennande å sjå kva dei har fått til. Champagne og design er ikkje feil. Som overskrifta seier: Kulturuke. Bring it on!

1 kommentar:

Anonym sa...

http://www.youtube.com/watch?v=Tz8hxErxhBI