V.I.P guiding.
Fredag på Garage møtte vi to spanjolar. To skvaldrande jenter over kvar sin irish coffe vart spurt til råds om kor dei ville gått dersom dei var turist i sin "eigen" by. Vi tok pennen fatt og kryssa ut både Fløyen, Verftet og Ulrikken- med andre ord dei største turistfellene som ein kvar utlending bør få med seg ved eit besøk av 'Noregs perle'.
Slurkane av drinken og kryssa på kartet vert fleire. Til slutt hadde turistane kartet fullt av fine og mindre fine stadar dei måtte innom før dei reiste vidare på si ferd rundt om i verda. Og ikkje uventa kom spørsmålet til slutt; "Heilt utan baktankar; kunne dokke tenkt å vise oss eit par plassar på t.d. søndag (vel, dei sa det vel meir på gebrokkent engelsk/spansk)"
"Jo, korfor ikkje?"- sa både meg og den andre skvaldrande jenta i kor. Så vi avtalte å møtast i sjølve kjerna av Bergen; den "blå" steinen klokka to på søndag.
Laurdagen sprang av garde med kyss klem og klapp av Krisine som var på besøk frå Bodø. Helsing på svenskane, eting av sushi og fanteri.
Laurdagsleiking hang godt igjen i kroppen då eg vakna. Og eg ville ikkje noko anna enn å pakke meg inn i pledd, ete chips og sjå dårlige seriar på tv. Men søndagen var vakker, og to jenter hadde lova spanjolane å syne dei rundt.Og slik vart det etter å ha gått eit par runder med seg sjølv- der 'nei, pokker- eg gidd ikkje' var det som stod høgast.
Spanjolane var lukkelege over at vi møtte opp der vi skulle. Og vi kjende oss som dei snildaste jentene i heile Noreg. Det var vertfall det turistane meinte.
Vel, dei fekk ikkje sjå så mykje som vi kanskje hadde håpa på. For dette folkeslaget tek livet med ro. Vi vandra i dei fine smuga mot Verftet, tok ein kopp kaffi der. Skreiv ned forskjellig norsk musikk dei måtte høyre på. Gav dei kjapp opplæring i grunnleggande norsk (det kulturelle, og det språklege). Vart både filma og tatt bileter av. Sang nokre få strofer av 'Ja, vi elsker' og sveipa innom Nordnesparken på vegen tilbake.
For ein "vanleg" nordmann ville turen kanskje berre tatt ein time og litt meir. Men vi brukte tre og litt til(!), og hadde ein frustrert mann med heimelaga mat som satt heime å venta på at fruene skulle komme tilbake ifrå guiding. Men for all del, turen og folka var kjempe hygglege. Og no venta vi i spenning på ein liten pakke ifrå Spania. "I will find something that reminds me of you!"
3 kommentarer:
gu ka koselig då. og så snilde dåkke va:)
gu ka koselig då. og så snilde dåkke va:)
Eg e mektig imponert over innsatsen :)
Legg inn en kommentar