Når kropp og sinn ikkje heilt går ilag, så har eg fått beskjed om å gjere 'kjekke ting'. Og den fine filmen her går vel under kategorien 'kjekke ting'.
"Hjem til jul" trur eg blir ein film med stor' falde-hendene-under-haka-og-få-tårer-i-augene'-faktor.
Maria Mena syng den nydeligaste songen som får meg til å drøyme meg vekk til jul heime i Kjølsdalen, ribbelukt som smyg seg pirrande opp i nasa, snøkledd landskap og dunkel juletreebelysning.
Gled meg til å sjå den!
5 kommentarer:
Hei Jeanette,
jeg tror faktisk deler av den filmen er spilt inn på stedet hvor jeg vokste opp: Filmmetropolen Stjørdal. Gleder meg derfor også til å se den :)
Mvh
Margrethe
Åh, ekstra spennande å sjå filmen då!
Eg såg nettopp 'Trolljegeren' som er innspelt på Sunnmøre og litt i Nordfjord. Ekstra kjekt når ein kjenne til plassane. Kvinte av fryd då dei sa høgt "SSågn åg fjoordane!" haha...:)
Så kjekt, den vil eg òg sjå! Er forøvrig stor fan av Maria Mena. No fekk eg litt julestemning:)
Eg og e veldig stor fan:)
Nydelig sart stemme blanda med at det virka som ho har ein fantstisk fin personlegheit:)
Den filmen skal eg sjå! Og gler meg. Håpa på skikkelig julestemning-faktor.
Fekk reint heimlengsel av Trolljegeren, ja! Kjekt å sjå fjella og fjordane:)
Legg inn en kommentar