torsdag, desember 09, 2010

Knask!

Eg er på tur. Nærare sagt til manneland, for å besøke manne-mora og manne-faren. Kom til manneland i går; onsdag. Og herlige land kor deilig det er å komme seg vekk ifrå byen sitt kjas og mas! Her har vi det som plomma i egget! Deilig mat på bordet, fjasing og sofakos med dvd surrande i bakgrunnen.


I dag har mannen vist jenta rundt i manneland. Våkna opp i strålande vinter wonderland. Pakka oss inn i hue, skjerf, votta og alt anna som kunne holde kulda ute. Traska ute i nydelig sol, med snøven knitrande under føta. Besøkte manne-mora på jobben som hadde lagt att matpakka si heime. Gjekk gjennom skogen, inn mellom tred, over knausar og nut. Kjende meg som ein liten unge igjen, på oppdegingsferd i skogen!


Jenta vart litt obsternasig og frekk då ho måtte gå omveg for å komme heim. Ho hadde bein som holdt på å dette av i kulda. Mannen ba ho oppføre seg som den gamle sjøga ho eigentleg er. Jenta beit tenna i hop og smilte det beste og falskaste smilet ho kunne. Men ho vart henrykt av ekte glede då ho fekk sjå ekorn på vegen! Fine mannen hadde gått omvegen KUN for å vise jenta ekorna, og no vart ho stempla som den utakknemmelig hurpa(....) Uansett, saman stod jenta og mannen å lagde "skvirr-skvirr"- lyda. Ikkje ulikt to mentalt forstyrra sjeler.


Seinare tok manne-pappaen og manne-mora med oss til sentrum for å handle litt diverse varer. Og jammen fekk vi oss eit juletred, lys, julestjerne og glitter av dei! So no kan vi ikkje vente med å dekorere leiligheta til jul. VELDIG snilt av manne-mora og manne-faren!


No har mannen og jenta atter fått god mat. Kvelden har senka seg over huset og alle er trøtte og mette etter ein fin fin dag. I morgon kjem manne-systra igjen, og då skal vi lage deilig juleknask!

Ha ein fin kveld godtfolk!

4 kommentarer:

Krista sa...

Haha! Eg gler meg! Klem manne-systra.

jeanette_s sa...

i will! Blir kjekt å sjå deg igjen!

Frøken Barmen sa...

Haha, fint og løje skrive!

jeanette_s sa...

Takk for det!