Her er den nye blogg adressa mi!
Bloggen er framleis under oppbygging, så ja. Det seier vel seg sjølv at den akkurat no er svært spartansk.
http://frkfjongsundal.blogg.no
Kjøttkaker med grove brødsmular, sesamfrø, løk og kvitløk. NAM! |
Husmora googlar og leitare etter gode pizzaoppskrifter (les nymodens husmor)med grov botten. Mannen dokumenterar med bileter. |
Det lukta svingodt på kjøkenet av god gammaldags husmanskost! |
Forkle må til når ein skal steike kjøttkaker! |
Sola var inne og i alle fall ikkje ute. Men eg tok ho med ut. Berre for å gjere eit forsøk i å lyse opp regntunge Bergen. |
Vi er heldige i Bergen trass i at himmelen ramla ned. For første gong i Bergen- "ekte" persisk kebab! Skiltet lyste i alle fall opp gata og alle andre i hundremeters omkrets. |
Sol gjorde stor innsats i å trasse vatnet. Og det var deilig. |
Innsatsen var heller ikkje til å klage på hjå meg. Paraplyen var heller lite samarbeidsvillig. Trudde det var ein paraply sin jobb å vere himmelen sitt skjold i slike tilfeller. |
Vi fann 'stien' vår. Vi kjende oss som heime. Og paraplyen bøygde seg oppover. |
Sol vart ekstatisk då ho fann ein raud ballong ute i det fri! Vi var einige om at dette måtte vere det beste som hadde skjedd oss så langt på denne dagen! |
Verda smilte til oss.Og vi vart lukkelege over den raude ballonge. |
Vi vart raskt gode kompisar med ballongen. Sjølv om den var liten og hadde sett sine beire dagar. |
Fortida gjekk forbi, med ein skugge av meg sjølv. |
Og vi vart så glad at vi hoppa i dammen. For heime visste vi at han fine venta, og at han er alt anna enn fortida, og alt anna enn ein skugge. |
Livet er godt. I alle fall med ein raud ballong i handa. |
Til og med bygningane på den andre sida av Lungardsvatnet smilte til oss. |
Og Sol var som alltid nydeleg. |
Vi fann vakre fargar stadar med fargar som passa perfekt saman med den raude ballonge. |
Og opplyste stadar. Og begge vart mykje smartare av det. |
Sol held ballongen i si hand og vi var like ved målet for turen. |
Maria var midt i sorteringa av alle dei fine neglelakkane ho har. Vi fekk stjerner i augene og kjende oss som ungar med nasa i ein godtepose. |
Eg kjende meg heilt ør av dei fine fargane. |
Ho mangla ikkje ein einaste farge. |
Ho fortalde om fine møter, musikk som har blitt spelt sidan sist og huset ho bur i som har spøkelser. |
Dei to kunstnarane Sol og Jeanette kunne ikkje anna enn å legge neglelakkane etter farge og tone. Vi vart nesten som besatt. |
Maria har den finaste sprinkelsenga med misunnelsesverdige lys ovanfor. Dei har ho laga sjølv. |
Vi sat lenge å pludra med fargane. Vi fekk til og med ta med oss nokon heim. Blå er ikkje akkurat Maria sin farge. |