måndag, mars 12, 2007

Martin Andresen.

Rett og slett ei fabelaktig helg!

Mykje god mat, og godt selskap. Fredag var vi ein liten tur på våre vanlege plassar, Pingvinen og Opera. Vi var så heldige å få møte Trine sin Bent. Trur kanskje han var litt skremt av jentne som fjasa og masa på at han måtte komme på besøk til oss, men det var i beste meining altså;)

Laurdag var vi på eit litt ellers uvanleg medlemsmøte med Flesland musikklag... møtet varte ut i dei seine nattetimar.Ikkje noko å seie på stemninga! Veldig godt fornøgd med kvelden. Har ein del Veldig festlige bileter derifrå som eg skal legge ut. Men trur kanskje nokre av dei bør sensurerast fyrst;)... berre for å ikkje havne i "klammerier".

Men til den viktigaste saka; I går då eg var ute å gjekk rundt Svartediken, såg eg plutseleg to raudkledde menn som var ute å gjekk/sprang. Å joda. Heilt riktig. Det var min draumeprins! Martin Andresen. Ikkje nuk med det; han smilte til meg óg! Vel, det kan hende det var for at eg vart rimelig stressa, eller fordi eg nistirra på han... eller berre fordi eg rett og slett ser rar ut. Men det bryr ikkje meg.

sukk. Dette kan eg leve lenge på.

Helga: Terningkast 6.

fredag, mars 09, 2007

Mimring og babyskrik.

I går hadde vi ein fantastisk fin kveld med mimring og babyskrik. Delar av "strikkeklubben" var samla hjå Kotsasi. Veldig kjekt å sjå at Sol, Siv og Lena att!! Alt for lenge sidan sist gong.

Alle har komt eit steg vidare i livet. Lena er blitt sjukepleiar, og ikkje minst, ho har gifta seg med den mexikanske draumeprinsen sin:) Sol har fått bachelorutdanning på kunsthøgskulen og Siv er i praksis, for ho skal bli lærar. Og ikkje minst Kotsasi som har fått seg ein liten baby:) Rart kor tida går. Ikkje lenge sidan vi alle i hop satt å skvaldra i munnen på kvarandre på KIB.... So ja, eg savnar den tida! Derfor e det ekstra kjekt når vi kan treffast igjen slik som i går.

Tobias var vel ikkje heilt i det rette humøret. Stakkar lisje babyen hadde sikkert låkt i magen sin. Eller kanskje berre var han lei av alle damene som bråka høgt og lenge.

Eg har veldig mange bilder av kvelden som eg skal legge ut! Skal prøve å få gjort det i måra.

I dag har eg veldig vårstemning. klokka er snart seks, men allikevel er det lys og fint ute! Har vore ute å gått masse i dag, folk er liksom litt gladare, smile meir, og blomstrane rundt lille lungaardsvatnet er på god veg til å slå ut i full blomst!!

Jepp, livet er hærrleg! I dag e det fræddan! ..og alle veit ka som skjer då.....;)

torsdag, mars 08, 2007

Latter og spagat.


I dag er vi så heldige å være eigarar av tre nydlige lysestakar som kvarteret tidlegare var eigarar av.
Trine, som håva inn lysestake på lysestake, blir sikkert ikkje spesiellt glad for at dette biletet blir lagt ut på. Men som sagt kan du klage det inn for PFU dersom du ser det naudsynt!;)
I går var vi på stand-up show på kvarteret. Nokre av stand-up'arane trena magemusklane meir enn andre, nokre var "Hønkar", medan andre berre var pervo. Kjekt hadde vi det vertfall!:)
Har ikkje ledd slik sidan krigen.
Eg, som skulle vere ordentelig å ikkje drikke, greidde det nesten. Og ikkje nuk med det. Eg gjekk tidleg heim. Berre for at det var onsdag, og for at eg ska vere opplagd til "strikkeklubb-samlinga".
Som sagt, dei andre var litt meir bedugga. Midt under ein samtale fann Trine, som også viser seg å vere SVÆRT så akrobatisk, ut at ho skulle hente lysestakane på det andre bordet, slik at vi fekk dei til odel og eige (FY!). Eg fylgde med på heile scenarioet, og plutselig går Trine ut i spagat! Midt i lokalet på kvarteret!:)........ Vel, det viste seg at jenta, som sikkert kunne ha hatt sitt eige stand-up show, ikkje fekk lysestakane "gratis" men også måtte gjere noko for å få ei. Og kva er vel beire då enn å ta ein liten spagat?
Bortsett frå det, er det sinnsjukt godt å kjenne at kreftene kjem tilbak etter det helsika infulensaen som har herja med meg i ei veke!:) Sola skinn, og eg har berre lyst ut å springe i den deilige vårlufta!:)
Snart e det påske óg, og det gleda eg meg vannvittig til!!! Eg gleda meg til å komme på hytta igjen, og få stått litt på ski, ha det kjekt ilag med familien, og ikkje minst ete masse påskegodt:) Lenge leve hytte/påske kos!
Ps.
Om nåken seie "gratulerer med dagen" til meg i dag, so kjem dokke til å få dokke ein på snuten! Eg hata kvinnedagen!
Altså, eg e sjølvklart for at det skal vere likestilling, men snakk om å gjere seg sjølv undertrykte ved å lage sin "eigen" dag!.....
Eg lar den dagen være forbeholdt kvinnegruppa OTTAR. Kvinner som ser ut som ei krysning mellom dame og mann, skiftar traktorhjul, og som sikkert ikkje har "fått seg" nåke sidan krigens daga..... Denne konklusjonen trekker eg utifrå eigne observasjonar.... mykje agressivitet lagra.

onsdag, mars 07, 2007

JA!!!!!!!!!


Endeleg e eg tilbake på bloggarfronten!!!!!!!!

Eg har slete so sinnsjukt lenge med å komme meg inn på bloggen min, fordi blogspot.com ville at eg skulle oppgradere bloggen min... noko eg har gjort..... men feilen va at eg har gløymd å godkjenne vilkåra som dei hadde gjeve meg.

Kjære gode gamle bloggen som er akkurat runda eit år, aldri forlat meg igjen!!!

Ikkje stort mykje har skjedd her, eller jo, egentlig.

Alle ser ut til å gå rundt i babymodus.

Tobias kom som sagt til verden 1. Februar.
Susanne fekk sin lisje baby for berre 3 daga sidan, altså 4. mars.
Kotsasi vart også tante til ei lita prinsesse i går, 6. mars
...og ikkje nok med det i går møtte eg Marte, min gamle sambuar, ho fekk sin lisje baby Johanna 28. Januar.

Skal tru om det er smittsamt?

tysdag, februar 13, 2007

Lés misérables....








Vi e so sjuke... So vidt vi greidde å komme oss til butikken......

Warning!

Dei vakre er sjuke og ligg strak ut på stova.

Kall oss heller Lés misérables.

I dag var eg t.o.m. på jobb intervju med infulensa. Klappe på skuldra! Hilmershus e ein fin butikk! Der ve eg byggeog bu!






Detter var i glansdagane då eg ikkje hadde infulensa. Takk for besøket sisters!!

søndag, februar 11, 2007


Vel





Fire takter pause.

No er bobla sprukke. Livet skal gå vidare etter iherdig innsats med øving. Eg kjenner nesten allereide abstinensane!

Takk alle saman for ei flott helg!! Familie og vener har vore på besøk, og vi har gjort mange nye bekjendtskap men supertrivlige folk!

Fredagen var dagen med høgast puls. Ei flott oppleving å spele i grieghallen! Stykket var krevande og meget spesiellt og til tider ubarmhjertig avslørande (som det stod i dommarkommentarane). Dette endte med at Flesland rauk ned til 3. div. Men ingen sure miner her i garden!:) Som Eldrid og Anita sa " Dokke va dei finaste som stod framme på scena for å ta imot premie!" "hadde det vore ein anna konkurranse hadde dokke garantert vunne!".

Kjølsdalen derimot gjorde ein fabelaktig innsats! Dei tok like gjerne andre plassen, og rauk opp i tredje divisjon! Samtidig tok dei prisen for "beste gruppe" som vart vunne av slagverkarane! Godt jobba!!!:)

Helga vart avrunda med ein alle tiders fest i Grieghallen:) Mykje gode kommentarar på lur. Therese utnevna seg sjølv til dirigent for eit nyoppstarta korps. Nokre var på god veg til å ta med seg ei tromme på veg til etterspel,medan andre trudde på at korpse vårt heitte "Kjølster"altså ei blanding avKjølsdalen og Jølster.

Natta vart lang,ogSynnøve var ikkje i seng før klokka sju......det seie sitt.

Atter har eg ein del bilde av galskapen!

onsdag, februar 07, 2007

Showtime!!






No er det berre to dagar til nesten heile fam. Sundal skal samlast til hela i taket og tenna i tapeten!:)

Og berre to dagar til vi skal sitte på scena i grieghallen. Vi skal spele ca. ti over fire. Og alle er hjarteleg velkomne til å høyre på oss!

I dag hadde vi vår andre konsert saman med elitedivisjonen. Og nervane var sjølvklart i høgspenn! Men vi greide oss bra synst eg.

Eg og Synna har sjølvklart allereide både fått og brukt uniformen som Fleslandmusikklag har tildelt oss. Og det er ikkje til å stikke under ein stol at vi ser ut som vi jobbar i eit catering firma....
TJokka!!

Eg mottok ein mail frå ei viss syste her om dagen.

Har ikkje fått åpna den før i dag, grunna at eg rett og slett svært sjeldan får nokre interessante maila. Dei einaste mailane eg frå e som oftast frå systene, som har svært så lavpanna diskusjona med visse syssjennebonn, altso ein slags kjedemail oss syssjennebonn i mellom.

Men i dag, ja, då vart eg rett og slett TJOkka...... Og det skal litt til av ei dame som ikkje lenger har moral (ifølge Trine).

Therese, vær vennleg å ikkje send meg meir av dei skjETNE, umoralske og totalt avskyelege bildene!!!!!!

Skulle gjerne lagt dei utpå her for å beviske kor ufattelig ekkle dei var. Men eg vil gjerne behalde friheita. Vil ikkje sitte i fengsel i 10 år.


Æsj.... det sitte ein rev ved sidan av meg. SPY!

tysdag, februar 06, 2007

Jeanette goes quaysi in the snow!
Sommerminner.

I dag fekk eg følelsen av påske. Sola skinn og snøven lyse i all si prakt på Fløyen og Ulrikken.
Men deter bitande kaldt ute, og kva passar vel betre enn bilder frå stranda som kan varme littegrann......




Fridagen.

I dag har jentene fri frå korps, og kva er vel betre enn å starte dagen med ei god treningsøkt på vektertorget. Eg, Synnøve og Ane har gjort eit framifrå arbeid! Musklane verkar på stadar der ein aldri skulle tru dei kunne verke! Pass deg vektertorget, vi er på veg til å slite deg ut!

Og Trine, nei, det er ikkje for å bygge opp att moralen vi har mista. Moralen vår synest å ha reist sin kos for godt....Dessutan synest eg livet er mykje meir morro utan moral. Kva eg har tenkt på før?????

Berre for å gjere litt reklame....: Husk NM i helga! Flesland musikklag spelar fredag, ein gong mellom 10 og 13 ca. Det kjem an på trekkinga. Kjølsdalen spelar laurdag. Deira tid kjem også an på trekkinga.


Vi gleda oss alle til å få besøk!!!!:)

måndag, februar 05, 2007

Daglegdags samtale hjå "Dei vakre".


Trine: Kor e saudebamsen?

Synnøve:Inn på rommet mitt.

Jeanette:Eg har ein krabbebamse eg.

Trine: Hm...krabbebamse?Eg har ein kiwi bamse eg. Den bruka eg til å ha mellom puppane mine om natta. Det er forebyggande slik at eg ikkje får rynker mellom dei når eg blir eldre....

fredag, februar 02, 2007

Den vakre prinsen er komen.

Endelig skjedde det! 1. Feb ville den vesle guten komme ut til mammaen og pappaen sin, og alle andre som har venta i spenning.

I dag har vi besøkt det nye mennesket som skal merkelig nok alltid vere her med oss.
Det e litt rart.
At no er han kommen for å bli, han som vi berre har kjedt og klemt på. Og heldigvis hadde han ikkje fingermerke i panna etter all klemminga! Men han var ein perfekt liten guttebaby som vi gledar oss til å bli kjend med!

Eg trur eg og Trine begge vart veldig rørt, og nesten litt sjalu, over kor heldige dei er som har fått ein slik fin, mjuk og god skapning som dei elskar over alt på jord.

Velkommen skal du vertfall vere lille prinsen.

Den nye vesle famileien...
Stolt pappa.....
Og mamma...
Eg trur eg må grine litt eg......


GrineTrine.........
Kan eg få ta han med meg heim...?

Ein perfekt liten babygut....


Vi e blitt forelska i den nye lille vennen vår.......



Trinemor er betatt av den vesle prinsen....



onsdag, januar 31, 2007

Min drømmemann.



Dei vakre er i sorg.

For ein sjokkerande, nervepirrande og hjerterå episode.

Er det virkelig lov å sende slikt hjertskjerande drama som rystar oss langt inn i dei indre organa? Skjønnar ikkje Tv2 at vi sarte sjeler har det vondt nuk frå før om ikkje vi skal få dette i tillegg?

Synnøve og eg grein våre såre tårere i går. Og vi grein høgt. Om grunnen er at dei vakre er blitt til dei håplause og at Danny er vår drøymemann finnast det ikkje svar på. Mest truleg er det ein kombinasjon.

Vi greier ikkje til å vente til tirsdag. Vi må ha svaret no.

Kan nokon forbarme seg over oss med å brenne episoden? Takk...




I mellomtida sørgar vi forsatt.

laurdag, januar 27, 2007



Lykke til Kotsasi!



Vi kjem opp ein time etter at du har fødd. Ok?

By the way... I dag skkal eg ete fem-rettes på Bølgen og Moi!:)