laurdag, april 07, 2007

Leik med Era:)
Blomsterpiken sjekkar ut forhalda.
Me and pikenes Jens.
Katrin er grade
Katrin ved toppen av trekket!
Like før tårnet rasar ned.....
Smørgutt og silje solstråle.
Synnøve solbakken....
Mamma, Anne og Jan
Englar i snøven
Familien Tonning Sundal i liveleg diskusjon.
Eg såg lyset....
Kvaldsmaten..
Mamma tenner i peisen
Katrin, Jenny, meg og Era leikar oss ute
Karpe Diem.


Torsdag va vi så heldige at Magdi satte oss på gjesteliste på Karpe Diem konsert:)
Kjempe flott!!:) Tante Turid på forspel.
Magdi
Magdi
Folket.

tysdag, april 03, 2007

Mordet på storbonden.
-Episode 2.

Dette har skjedd:
Storbonden Rolf er myrda med øks i si eiga stove, medan heile familien Sundal var til stades i hovudhuset. I kårhuset sit bestemor Kåra intetanande om kva slags bestialsk drap som har førekome på garden.
Detektiv Geir Egil Løken og blodhunden Era har tatt saka, men framleis synest den å vere uløyseleg. I eit hav av mistenkte sitt Løken kun att med lause trådar. Era har heller ikkje fått snusen i noko. Er dette ei umogleg oppgåve?




Dagen etter det bestialske drapet får familien Sundal besøk av fashion fetter og den galne tante Turid. Drapet kom ikkje som julekvelden på kjerringa for dei. Det fyrste galne tante Turid sa var "Det overraska meg ikkje at den tyrannen vart drepen. Det er mykje slagg i ein familie som denne, store verdiar(kyr) står på spel og pengar får som kjent fram det svarte i folk sitt sinn".


Familien Sundal såg ikkje noko anna råd enn å invitere den galne tante Turid og fashion fetteren inn på middag. Måltidet vart ei trykka affære. Spenninga hang i lufta og vart utløyst då tante Turid fortalde at ho hadde vore i bygda heile den siste veka for å leite etter eit passande lokale der ho og Per Eirik (komande ektemann) vil starte spa og "gledeshus". Tante Turid sa" Har dykk nokon planar med garden? Fjøsen hadde gjort seg ypperlig som hovedhus til velværesenteret". Tante Turid unnskylda seg og sa ho måtte ein tur på "gongen".


Då ho hadde vore vekke i 25. min. gjekk poshy Therese ut for å sjå etter ho. Då fekk ho til si forskrekking sjå tante Turid helle ei mystisk veske i eit vinglas medan ho manisk mumla " Mitt, mitt, mitt......."


21.06. Familien Sundal er på veg inn i stova for å sjå nyhendene på Tv2. Poshy Therese går fyrst, og snublar over liket til den utsvevande Jeanette. Liket er stivt og kaldt, og bær tydleg preg av kamp. Ein kamp for livet. Frykta breiar seg hjå dei gjenlevande i familien Sundal.
Det er på tide at detektiv Løken tek seg ein tur ut i dalen igjen............
Saka synest å balle på seg. Vil Løken komme til bunns i dette? Kvifor er den utsvevade Jeanette også rydda av vegen? Kvar vil dette bære hen? Kven blir den neste?
Forsettelse følger...................

måndag, april 02, 2007

Påskekrim anno 2007.

Mordet på storbonden.
- Episode 1.

Innleiing:

Oppsummering: Kva har eigentleg skjedd?.......

20:38. Storbonden Rolf funnet myrda av øks i sin eigen lenestol etter ein hard dag i fjøset hjå sine ekstremt produktive melkekyr.

-Ingen hadde verken sett eller høyrt noko. Men heile familien Sundal var heime då det skjedde. Inkludert den sleipe komande svigersonen frå Oslo.

Kven hadde til fordel å Drepe storbonden?

Detektiv Geir egil og blodhunden Era fylgjer mordet med falkeblikk. "Ingen skal få sleppe unna eit slikt kaldhjerta drap" Seier detektiv Løken, Geir Egil Løken til lokalavisa Fjordabladet. "Dette er det verste eg har sett i mi tid som detektiv. Her står vi klart ovanfor ein mordar som utan tvil visste kva han eller ho gjorde" "Ingenting er overlatt til tilfeldigheita..."

Dei førebels mistenkte for mordet er: Odelsdottera Katrin, poshy Therese, den utsvevande Jeanette og den alltid like pliktoppfyllande minsteguten Jørn.


Den sleipe komande svigersonen, dandyen Jens Marius frå Oslo Vest innyndar seg hjå bondefruen Mia ved å forære henne eit gyllent påskeegg frå Pascal i hovudstaden. Han er glattare enn såpe.
Forsettelse følger...........



Kong Haakon (ikkje ein del av påskekrimen Jannike)

Våre nye landsmenn viser eit praktfullt eksemplar av den utryddingstruga Kong Haakon.
Katrin er svært skeptisk.
Å du.
Far er ganske skeptisk óg.
Eg er det ikkje.
Den nye påskekrimen. Har nokon putta arsenikk i sjokoladen vår?
Mensen.


Alle dokke som har eit par finsko med høge hela veit at det kan vere ganske so smertefullt å danse ei heil natt i dei.

Og kva gjer ein ikkje for at det skal kunne vere ein smule meir behagleg. Eg har prøvd det meste. Såla, gelepute som eg fekk kjøpt på ein butikk i Bergen, og papir.

Til inga nytte.

Det mest geniale ein faktisk kan ha i "finsko frå helvete" er bind. Tjukke gode "always-ultra night" med vingar. Det hjelpe ikkje akkurat for flydyktigheitane. Beina er forsatt godt planta på jorda. Men det er mjuk og godt å gå på:)

Vel, eg hadde vertfall bind i skoa mine på bygdedansen. Mange hadde det moro på mi bekostning. Men kva gjer vel det når føtene kjennast ut som silke og ikkje som klumpfot dagen etter.

Turtelduene her i huset har tydlegvis fått ein genial idé. Ketshup i skoa det gjer susen.

Ha ha ha.... seier eg berre.

No har eg mensensko.

søndag, april 01, 2007

Mitt lille påskealbum.
Bestemora har fått seg ny solhatt:)


Katrin og Therese strekker ut etter joggeturen vi hadde. Jørn knuffar.
Pus og Katrin.
Kjølsdalen.
Katrin og bestemora.
Therese og Jens marius.
Etter ein rangel


"I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv,trur eg.
Eg skal aldri gå på fylla meir og skjera folk med kniv,trur eg.
Eg skal aldri skråla visar meir i laddevinsrus,
men synge åndelege sanger i Zions bedehus,trur eg.
Alle kvinnfolk(mannfolk) som eg møtar skal eg sky som bare fan,trur eg.
Og gå vyrdeleg forbi dei som ein nybakt kappelan,trur eg.

Eg skal sitte som ein munk i ein misjonskone-ring,og drikka kaffe medan
drøset går om andelege ting,trur eg.
Det skal ingen meir få sjå meg når det lir til høgste natt,trur eg,koma ruslande
på heimveg utan stivety og hatt,trur eg.
Eg skal legga meg når grisen går til kvile i sitt bol,og stå opp når hanen flakser
og gjel i morgonsol,trur eg.
Ja, i morgon skal eg byrja på den gode veg som sagt,trur eg.
Taka striden upp mot kjøtet og den heile develsmakt,trur eg.
Men i dag lyt det få vera, for eg er so spøkje tyrstat eg må ha eit ølkrus til å leska meg på fyrst,trur eg."
(Jakob Sande)





Meg, pappa og Therese før bygdafest.
Susanne, jens marius, kenny og synna.
Hot babe.
Jannike og pappa dansar swing.. heheh... ken førar ken??

Klitt og katrin.
Jørn, Amund og pappa.
Meg og Jannike.
Dag petter
Katrin dansa swing me John

Jannike.