torsdag, mai 14, 2009

Planting og fanting.

Då var krukkene på altanen fulle av jord og markens grøder. Vel, det gjenstår no å sjå om solsikkene, basilikumen, ringblomstane og sukkerertene er interesserte i å komme opp å helse på verda og på meg. Kan nemmeleg ikkje skryte på meg å ha grøne fingra. Heldigvis, for grøne fingra er ikkje spesiellt attraktivt. Trur ikkje du på meg, so spør orkidéane som IKKJE står i glaset mitt lenger men som har teke vegen til himmelen.

Og ja, bortsett frå planting har det óg vore ein del fanting. Fantinga låg berre ein times busstur ifrå, nærare nestemt Milde. Ja, på landet utafor Bergen. Som i gamle dagar då flakedans var eit ynda fritidssyssel, tok meg og min sambuar med oss eit par øl i sekken for å besøke Pånni og Griffeluren. Det er han som bur i det vesle raude huset, ilag med den velse hunden og som køyre rundt på ein liten Smart-bil. Ellers har fruene ete ein del lunch på Opera i det siste. Det fine veiret ser ut til å ha kome for å bli hjå oss ei lita stund no, so får håpe det held seg til 17. mai!
Gleda meg til å valse rundt i bunad, ete lunch med kjærast og vennar, drikke litt champagne og nyte kaker. Etter scene-skiftet blir det raud med kvite prikkekjole, blått silkebånd, blå sko og Norwegian country på Logen!



laurdag, mai 09, 2009

Balsam for sjela.

Sart, melankolsk og uendelig vakker er berre tre av dei adjektiva ein kan seie om musikken til Anthony & The Johnsons. Lasta ned eit album av dei på ipoden min i går, og vart med eit bergtatt av dei vakre mjuke tonane som smaug seg inn i øyregongane. Eg kjende meg som nyforelska, og datt totalt ut av den "verklege" verda. Med draumande auge vart eg berre sittande å stirre ut i lufta.
For nokre veker sidan hadde dei konsert i Grieghallen, hadde ikkje kjøpt billetta, men ein kompis av Ragnar hadde éin til overs. Derfor vart det ikkje til at billetten vart brukt sidan vi var to. Og eg angra bittert. Men i august har eg sjangsen til å oppleve dei på nært hald, når dei held konsert ilag med Oslo filharmoniske orkester på operataket! Trur det kan bli ei vakker oppleving!

Sit i den skrivande stund heime i Kjølsdalen. Har vore her nesten ei veke no, so kjenne den rastlause kriblinga etter bylivet ta seg opp i kroppen. Elska å vere heime med familien, men kjenner at det er i Bergen eg har livet mitt no. Kjærast, gode venna og 'De vakre' kan ikkje erstattast med skjønn natur, bondeliv og forhaustara. Hadde berre alle kunne vore samla på same stad hadde alt vore perfekt. Men som ho sa skogsmusa då ho hadde vore ei stund i byen, borte bra, men heime best! Alle har vel kvar sin plass dei høyrer heime og ein stad dei kjenner seg rotfast til, og då er det ikkje meininga at ein skal bli riven vekk ifrå den staden.
Kan meddele at eg har vore på loppemarknad i Kjølsdalen i dag! Koselig å få med seg det når eg fyrst var heime i den vakre bygda! Vart ikkje så mykje loppehandel, men kjøpte meg to DVD'ar.

Ellers smile eg stort om dagen. Min kjære og eg har funne oss ei leilighet som vi skal pusse opp og bu i:) Gledar meg å gjere leiligheta om til vårt eige krypinn. Til å plante urte og blomster på altanen, og til å lage mange gode minner der til å ha med oss vidare i livet.

måndag, mai 04, 2009

Smaken av Noreg, og det gode liv.

Nokre helger blir berre heilt perfekte, sjølv om ein hadde forventa det stikk motsatte. Helga som gjekk var akkurat ei slik helg. For når dei mørke skyene letta, kom sola og den blå himmelen til syne- heilt uventa. Våren har gjort inntog til denne vakre byen, og gjer sitt til at folk og dyr kvitrar om kapp med kvarandre. Blanda drops med gode venner, min finaste kjærest, leik, kos på altanen og levande lys er ein perfekt kombinasjon når våren spring ut i sin vakraste blomst.

Måtte det bli månge vakre og kjærleiksfylde dagar på altanen i bakgården seine sommarkveldar- og ellers i livet.

Hipp hipp!
Smaken av Noreg.....
Sharin i stor rocke-konsentrasjon. Johanna er rett og slett fødd til å rocke. Rune og Synnøve på altanen. Blant ca. hundre tusen levande lys. Røverhistorier om båtkantring og forlis fortaldt av min kjære Mr. Melz. Trine nyt boblevatnet. God stemning, og fleire folk kjem på besøk.


Lys, lys, lys.....:)
Leik og kos.

Hærlig leik på Skansemyren.
Ragnar held seg fast det beste han kan. Finen. Klatring. På eige ansvar soklart. Ja, på eige ansvar....:) Mannen laga klar råvarene, so eg kan lage maten. smart. Mmmm...asiatisk gryte. Happy Ragnar! Johanna på altanen. Dag to. Vi kosa oss....... Levande lys i heile trappa.....

Snikfotografering, kaffi og konfekt...:)
Don't try this at home. Bestiging av døra i stova. MED klatresko soklart!Klatring er gøy!!
I rein ekstast fann vi ut at vi skulle bestige døra i stova. Understrekar at dette stuntet IKKJE er gjort i berusa tilstand, men i rein livsrus. Fantastisk stil oppover døra.
Stakkar døra, seier eg.
Nesten på toppen.....
Og der satt eg godt, ja.....
Då va det på tide å komme seg nedatt...
Ikkje meir moro enn kva ein lagar sjølv...:)