måndag, april 26, 2010


And all that jazz......

I dag skriv vi 26. april. Dagen då Noreg fekk besøk av Russland sin president Dmitrij Medvedev. Og gardemusikken spela opp med 'Gammal jegermarsj' på slottsplassen.
Det er óg mandag. Og dagen etter helga.

Ei helg med god blanding av jobb, kunstutstilling, maling og påfyll av åndelig føde med konsert på verftet og Kvarteret. Konsertar som gav meg smil om munnen når eg gjekk til sengs for natta. Regnet kunne berre hølje ned. Det gjorde absolutt ingenting.

Men regnet hølja ikkje ned søndag. Med vår i lufta, is i handa og medbrakt kaffi koste vi oss på Verftet. Meg og Sol. Vi vurdera starte landslag i synkronsvømming. Kven veit. Kanskje vi har ei framtid innan den idretten?

laurdag, april 24, 2010

Latterlig.

Gutter er gutter. Men jenter er jaggu jenter. Nokre jenter kjem seg aldri ut ifrå den ungdomskule mentaliteten med baksnakking, surmulig og 'du får ikkje være med å leike med oss'- haldninga.

Vaks opp.
Udugelig.

I dag. Laurdag. Kjennest ut som alt eg gjer blir feil. Eg går på ting, søla kaffi, snubla i mine eigne bein, kjem ikkje på korleis systemet på dataen fungera, har ingen treffande kommentara til kundane. Lista er lang.

Trur eg har lagt att hovudet mitt heime. Skal heim om ikkje so alt for lenge å sjekke kvar eg har gjort av det. Håpe det er der. I tilfelle må eg etterlyse det til politiet dersom det har gått over eit døgn.
Dust.no

Domenet dust.no er ikkje ikkje i bruk. Har kanskje vurdert å kjøpe det domenet sjølv.

Ingen dum idé, gitt.

fredag, april 23, 2010

Loppemarked.

Flesland Musikklag hadde loppemarked i helga som var. Og som eit vanleg loppemarked- så var der både gyselige ting, nydelige skattar, rare folk, folk som stjal, krangling og pruting. Ikkje minst kaffi og kake inn i mellom slaga.

Eg fann vertfall mine skattar som eg tok med meg heim, og som bur hjå meg no.

torsdag, april 22, 2010

Kvifor.

Kvifor ikkje springe heile dagen lang, når ein føle seg som ein er kongen av verda, har vunne i lotto og er forelska på same tid- rett etter ei god treningsøkt?

Det er vel kanskje det 'Sunvally' som Andreas kallar meg har funne ut. Og som har resultert i ein herleg betennelse i skinnleggane.
Vel, som Gud gjor då han skapte verda. Tok ein dags kvile- så tok eg min kviledag i går. Og kanskje mine vonde leggar har blitt litt beire?

Eg testar det ut. Håpe eg landa på alle fire.


Innerst inne veit eg kva svaret er. Men eg har erfart at det beste er å lære på den harde måten.
Knudsen og kompasset i Blomsterdalen.





Tenk at han rare som alltid smilte og såg ut som han visste noko vi ikkje visste- 'Has left the building'. Eg har vore litt småirritert, igrunn, opp gjennom heile barndommen berre fordi han var i godt humør non stop- virka det som.

Allikevel, visene han lagde festa seg til mi teflonhjerne, uansett om eg ville det eller ikkje. Eg huska då kongen skulle komme til Måløy. Ikkje veit eg kva han skulle der. Men han tok uansett turen til "Byen" Då pakka familien Sundal alle ungane inn i den blå Datsunen, og sette kursen for Måløy, syngande på 'Kanskje kommer kongen'- Og det gjor han jo. Han satt der i all si prakt. Og mamma som kanskje er den største monarkisten i manns minne gliste frå øyre til øyre.

Det eg kanskje i seinare tid er aller mest fascinert over, er for ein stor ordkunstnar han var. Han leika seg og satte i saman ord på ein måte ingen andre kunne drøyme om. Dei fleste har vel ikkje fantasi nok ein gong til å koke saman så velformulerte og leikande setningar.

Som det stod i VG i dag. "Blant konger og krokofanter blir du djupt sakna". Kvil i fred.




måndag, april 19, 2010

Magisk.




Nokre morgonar er magiske. Berre fordi skyene letta og ein kan sjå blå himmel så langt auget kan bære. I dag er det ein slik dag. Eg elska å vakne av solglimt frå vindauget som legg seg som striper i rommet og fangar kvart minste støvkorn som dansar i lufta. Eg elska å kjenne at sinnet er utkvild, og at tankane om kva dagen vil bringe får musklane rundt munnen til å krume seg til eit smil.

Føter som hoppar lett over det morgon-kalde golvet, og ein dusj som varmar like mykje som den rykande koppen med svart kaffi som ventar på kjøkenet. Musikk og mjuke tonar frå den deiligaste stemma til Egil Olsen gjer starten på dagen komplett.

Det er tirsdag, den fyrste dagen i resten av ditt liv.







fredag, april 16, 2010

New pic for sale!



Free porn!

Våren kom til Bergen, og det gjor tydlegvis jammen paret i parken ved sidan av Lille Lungårdsvann óg! I strålande sol, myldring av folk og nesten midt i rushen elska det unge paret for alle sitt åsyn. Eg er nysgjerrig på kven som er eigar av eit mørkeblått fleecepledd og nesten litt fascinert over korleis dei kunne finne på å 'ha seg' midt i byn til stor underhaldning for alle som satt rundt? Nokon skuldar på realityshow slik som Paradise Hotel og Big Brother. Andre meinar vel kanskje at dei rett og slett må ha gått glipp av ein del vesentlege ting i bardomen som heiter sosial intelligens.

Ikkje veit eg. Eg er både sjokkert og fascinert på same tid.


http://www.bt.no/nyheter/lokalt/elskende-par-jaget-fra-park-1066481.html


Elsk! Det er vår!

onsdag, april 14, 2010

Tiny dancer.



But how it feels so real
lying here with no one near
Only you, and you can hear me
when i say softly, slow.
Hold me closer tiny dancer
count the headlights on the highway
Lay me down in sheets of linen
you had a busy day today.
Good vibrations!

I går måtte eg banne litt. Ca. 5 ganga pr. meter. I strålande sol gjekk vi på Stolzen. Og merkelig nok- som den drevne Bergensaren eg er, så har ikkje eg vore på Stolzen før. Vel, du kan vel kalle den "trappa" frå helvete. Ei deilig stigning rett opp, melkesyre som brenn i låra og pust som ein overvektig gris.

På toppen er det berre nydelig og godt. Brukte ikkje all for lang tid opp. Med tanke på at eg hadde med meg ein med rakett i rompa.
Nydelig utsikt, puls som senkar seg, fregner som spreiar seg i ansiktet.

Dagen i dag; stiv. Slik som ein 80-åring. Trur eg. Men allikevel- deilig. Ut å nyte sola igjen! I helga skal det bli snøv. Seiast det.

torsdag, april 08, 2010

Shmack!- Rett i hjartet.

Delet.
I år som i fjor, og alle andre åra før der.



Våryr!


12 grader i lufta, sol som inn i mellom stikk fram mellom skyene, solbrille og menn som ropar Lady Gaga etter ein. Då er dagen fullkomen. Våren er komen for å bli her i Bergen!


Sit forsatt med eit smil om munnen og varme i hjartet etter gårsdagen sin konsert på kvarteret. Songklassa frå Griegakademiet hylla Vera Lynn med nydelig song akkompagnert med piano.
Kjende som eg vart sugd rett inn i ein film frå 40-tallet. Små runde bord, dunkel belysning frå stearinlysa kring i lokalet og songarar som var oppkledd i antrekk frå svunnen tid. Nesten som eg berre satt å venta på at draumemannen skulle dukke opp attvend frå krigen ikledd uniform, med eit sleskt smil kring munnen og med brylkrem dekka hår.


Padam, padam, padam!


torsdag, april 01, 2010

God gammaldags påske!

Heimeheimeheimeheime!

Klart det kjem bilder og oppdatering. Men ei lita pause frå verdsveven gjer godt.