torsdag, mars 30, 2006


Skrivesperre...

Har litt skrive sperre eg. Trur det kan ha noko med å gjere at eg faktisk ska levere 2. utkast av mi oppgåve i måra. Hjerna mi reagerar rett og slett ved å koble ut ei lita stund, berre fordi eg har ein deadline, og ikkje fordi eg gjer det av fri vilje....

Fann forresten eit utruleg flott bilete av ein hyllest til Britney Spears...lekkert???

måndag, mars 27, 2006

Piker (Kristine, kotsasi, Trine og meg) vin (raud og kvit) og sang (les:plystring)

No er eg sistemannen av dei tre bloggarane til å skrive om denne fantastiske helga vi har hatt! Og eg føle eit sterk forventningspress... Om formodning alt skulle bli berre svada, vissvass og tull, so skuldar eg på skrivenervar:)...

Ok. No startar eg.

Skal eg gjere ei kort oppsummering vert det sikkert noko slikt som dette: Mat, latter, vin, øl, smågodt,meir mat, oppdeling av smågodt, klipping av hår, fylleklipping, visning av cellulittar, juicy tubes, rouge, rocke taxi, meir latter, latter igjen, soving på utestad, lurvete fleece kledde innfødde osv.

Vi var vertfall tre glade jenter som hadde den ære av å bli invitert til Høyanger, oh vakre Høyanger av vår gode venninne Kristine, som har gjort Tromsøværing av seg.

Trine burna inn på Vadheim city i sin lekre smekre bil, rulla ut den raude løparen, raska meg med, for so å sette kursen til staden mellom dei høge fjella.

Etter ei raskt overblikk på Coop mega, handling av blomar til vertane, øl, chips og smågodt, kunne vi endeleg foreinast me dei to deilige i huste til Kristine... (vel, "lommekjend" som eg er guida eg Trine opp ein bratt og fæsleg bakke som slett ikkje var vegen til Kristine og Co. sitt hus)

Kristine er ein aldeles utmerkande super brilliant vert. Det var som å komme til ein "velværsfarm". Alle som ein fekk gåver me snilde jenta (kjempe fine toppar! tuuusen takk!!) kvar sine fancy frisyre (og fyllefrisyrepannelugg) og ikkje minst mat, sjokolade, vin og øl til knappar på bukser spratt i hytt og gever.....

Forspel var akkurat slik som det skulle vere! Menn ville vel uten tvil ha rynka på nasa, men ka gjer vel det når vi var i slikt godt selskap?! Lippgloss, rouge og"pyntejente"faktoren var høg då vi satte oss til bords for å innta eit fantastisk måltid, heilt aleine mekka av Kristine!

Etterpå følgde immitering av hønelydar medan vi åt "cheese doodles", kutt-fort-opp-alt-smågodtet-slik-at-det-vert-meir-smågodt, eting av "Toblerone" med pølseklype, kven kan plystra/kven kan ikkje plystre konkuranse(kremt, ingen tvil om kven som "vann"), oppringing til ekkle obskøne menn, foto session, Kristine har høgast latter og diskusjon om kvinner med bart.

Etter eit slik forspel vart trailersprekk-fleece-eg hata kona mi-ølhundane på Øren i det meste laget for oss. Vel. nokon av oss hadde terapi time med mannen som påstod at når ein får barn tek ekteskapet slutt, andre sjekka ut stoffet i sofaen... i mange timar faktisk(Trine, HADDE sofaen EIGENTLEG so godt stoff som det såg ut til??) medan innbyggaren og broren hennar mingla blant Donald, Ole Dole og Doffen... eller ka dei no hette.

Eg gjekk under namnet "Eid" og fekk spørsmål om ein forsatt måtte te "Hånndalen" for å få tak i øl. Kristine konkluderte i at mannen både måtte ha altzheimer og grøn ster. Kotsasi kunne livshistoria til mannen, det likte ikkje han noko særleg. Og Trine, mykje moro eg kunne skreve om deg her, meg lille Tornerose sa ikkje so mykje der ho låg. Faktisk kunne vi ane ei hand som vart rekkt opp, då "altzheimermannen" spurte om nokon ville ha ei øl. Men det vart med det.

Turen oppatt i taxi var kjærkomen for trøtte partyløver. Vi rocka i taxien. Meir enn vi gjorde på Øren. Vi hadde faktisk planar om å lenke oss fast i taxien vi.

Å legge seg va vertfall moro. Kotti og meg i ei seng, Trine og Kristine i ei seng. To rom tett i tett. Ska seie "rompehumoren" e stor i dalande rus! Ikkje treng vi heller prate me kvarander face to face- vi berre ringe vi.

Tusen takk for ei trivelig helg go' jenter!!! Det va trist å reise ifrå dokke allje i hop! Snart mine venner, snart treffast vi igjen. Ikkje la det bli for lenge til:)

I mellomtida: TA DOKKE I VARE!

fredag, mars 24, 2006

Endelig helg!


Lås att døra, hald ungane inne, steng av vatnet i fontena, set gitter framføre glasa og ha på dokke vernesko!

Høyanger her kjem vi!!

Staden vil aldri bli den same etter dette...

Som sagt skal vi te Høyanger i dag/måra. Eg er svært redd for at det vil bli mykje melankoli på turen, sidan eg i min pure ungdom var så heldig å få bu i denne gudsforlatte hola (no offence...)
Eg budde som sagt på hybelhuset, eller"rottereiret" som dokke utanforståande ville ha kalla det.
Sjølv om eg aldri so mykje som hata denne plassen over alt på jord, so e det ikkje til å stikke under ain krakk at vi som budde i dette huset hadde det FORFERDELIG morosamt til tider!!

Vi målte "i know what you did last summer" i raud maling på glaset til hybelhus 2, og observerte det heile... Visse jenter vart hysterisk skremde, men ingen ville innrømme det dagen ette på at dei vart dét. Alle la skulda på raud-russen, sidan det var midt i russetida. Godt planlagd av oss!

Vi hadde óg besøk av politiet, etter at eg og ei venninne skulle lure eine sambuaren vår.

Medan ho var reist heim for helga, såg vi vår sjangse til å spele hon eit puss. Glaset hennar var nemmelig ikkje att lete, so vi sneik oss inn... tok med oss ein kondom vi hadde fått av helsesystera same dagen, fylde den med såpe og la den i senga hennar.

So reiste vi heim til kvar vår heimstad for helga.

Då søndagen kom, og vi var vél på plass att i Høyanger og hybelhuset, var vår kjære venninne allereide på plass (kom attende ca. 1 dag før oss)... Ho kunne fortellje at ho hadde hatt besøk av politiet; Fordi nokon hadde brote seg inn på hybelen og hatt seksuellt samkvem opp i senga hennar. Kondomen var t.o.m. godt brukt! Politiet hadde tatt med seg objektet som bevis, og dei var no klare for å analysere "sædprøva" for å finne ut kven som var gjerningsmannen....

Med bleike ansikt måtte vi berre fortellje at det faktisk var vi som stod bak heile plottet..Og hon reagerte heldigvis i "sprutlatter"... før heile gjengen te slutt låg paddeflate på golvet og lo!:)
Vel, vi røpte aldri vår historie til politiet. Vi har heller aldri fått svar på desse prøvene som dei tok av kondomen.... Trur kanskje onkel politi er ein anelse flau..sia innhaldet faktisk var Lano.

jaja.... Lano for liten og Lano for stor:)

Må berre minne dokke på at det faktisk SNART er påske!!
Ka passe betre då enn eit påskebilete ifrå stryn??




torsdag, mars 23, 2006

Nedtellingsbarometer!


Éin dag til vi skal sette Høyanger på hovudet.....




Og TO veke og éin dag til PÅÅÅÅÅSKE!!! JUUUUHHUUUUU!!!!

Bonderomantikk...


Ja, for bønde forelska seg dei og.

Eg må ærlig innrømme at eg har benka meg framfor tv'en i beste sendetid når "Bonderomantikk" har rulla over skjermen.

Føle meg på ein måte litt heime når eg ser på det, dessutan e det igrunnen det beste, mest moralske og jordnære reality-programmet som blir sendt på tv. Kan heller ikkje stikke under ein stol at det er uuutrulig koslig litt sånn nussedusseligt....og rett som det e tek eg meg i å smile over bøndene finne kvarandre! Det e so kjekt!

I dag tok eg turen innom TV2 sine nett sider.
Og der las eg nåke rasandes festlig, som eg trur ve gjere årets sesong me " Bonderomantikk" enda eit hakk betre:


"Jakten på nye TV 2-bønder til ser lovende ut, men det er forsatt mulig å tipse om nye kandidater.
I disse dager gjennomføres en rekke intervjuer rundt omkring i Sør-Norge. De casting-ansvarlige har besøkt et titalls gårder rundt sørlandskysten, i Rogaland og skal i løpet av de neste dagene innom Nordfjordeid før de vender nesen hjemover til Oslo igjen via Gudbrandsdalen."

Kan du tenke deg so moro det blir, om ein bonde heimaifrå blir med i "jakten på kjærligheten"?!!
Og allereide no e eg sinnsjukt nysgjerrig på ken den heldige bonden kan vere?

Har nokon meldt på broren min??? I tilfelle ve eg gjerne gå å vifte litt i bakgrunnen når tv- teamet ska gjer opptak på garden vår..... kanskje eg berre "tilfeldig" kan springe forbi, henge opp i eit tred, eller hoppe opp- og ned heilt lydlaust i bakgrunnen? Kanskje eg t.o.m. kan få litt av kunsten min på tv, slik at "alle" berre MÅ ha ein "jeanette" etter at "Jakten på kjærligheten" har gått på skjermane.....

PR-kåt eg nei?......

onsdag, mars 22, 2006

Lotto- millionærar er ikkje som andre millionærar!

I dag har eg nettopp denne tanken i hovudet mitt.

Ette å ha blitt "pressa" til å tippe på vikinglotto i dag, tok eg utfordringa på strak arm!

I dag er det endeleg min tur til å bli ein av gjengen; Røkke, Celina, Hegnar, Petter Stordalen... Here i come!
For det er egentlig der eg høyrer heime. Rik, berømt, vellykka er synonymt med Jeanette. Ikkje ein fattig student som knapt nok har råd til rosina i pølsa...

Eg har vertfall so stor tru på at eg skal sitte med alle dei 6 rette i dag, at det kan hende eg går ut å feirar me Champagne og russisk kaviar før pengane e i boks:)

Vertfall so får eg so mykje som eit par titals milliona inn på kortet. Og det må eg seie e ein heilt grei sum for ei som ikkje har so mykje inn på kontoen frå før av...

Eg gleda meg til i kveld eg..

tysdag, mars 21, 2006

Det snør det snør...


Ette ei strabasiøs helg med festing både fredag og laurdag er det endelig tid for strieskjorte og havrelefse igjen!

Helga starta me at eg og Ingvill skulle ta byen med storm! Forspelet vi hadde i stova heime hjå meg e noko alle burde fått oppleve!:)

Nokon har kanskje fått varige mén etter å ha haurt Cristina Aguilera sin melodi "I am beautiful", eller rettare sagt "Unbeautiful" i flott tolkning av Ingvill på song og Jeanette på kornett( hahah, det rimte) i telefonen...... Tor Milde ville nok uttalt at vi ikkje leverte varene, og at vi burde putta katten tilbake i sekken, men ette 5-6 øl synest vi sjølv vi faktisk var ganske flinke!..

Laurdag va det Kotsasi og Martin som skulle te pers som vertar.

Eit resultat av den kvelden kan (kunne) dokke faktisk sjå nedanfor.... Ikkje noko "less is more" der i garden... her peise eg faktisk på med 13 bileter av samme person. Men i mitt forsvar var det ikkje min feil. Skuld heller på den oppfucka dataen te M&K! Trur den må ha fått eit snev av fugleinfulensa.... Eller ha overtatt "dødssjukbakterien" som vertane hadde for nokon veke sidan; då begge låg hjelpelause til sengs, for svake til å lage seg mat, til å trykke på fjernkontrollen eller vaske av seg 2 cm. lag med skit som hadde hopa seg opp på kroppen ette å ha bada i sin eigen svette i fleire daga (HIHIHIHIH)

Vi endte vertafall opp på Garage til slutt...Kvelden tok liksom aldri heilt av. Kva kan ein seie? ÉIN fest må no kunne feile for oss rockestjerner óg.... Hallo liksom...

Uansett. Søndagen vart som søndagar flest. Eg tok på meg mine stor mørke solbriller. Store nok til å dekke gårsdagens fyll. Deretter tussla eg til "BOCCA"". Bergens mest bedritne utestad, me den mest bedritne servicen.

Eg var så uheldig å skubbe til eine servitøren idé eg skulle snu meg. Dei tomme glasa på serveringsfatet holdt NESTEN, eg gjenteke, NEESTEN på å dette i golvet. Eg sa unskyld, men fekk det mest hatefulle-eg ska drepe deg- e du heilt idiot blikket tilbake av servitøren, ogso sa han: "E DET MULIG!!!".... eg vart so sjokka og paff over reaksjonen at eg berre stirra olmt tebake på han....

Trudde det va mennesklig å feile.... men der tok eg visst feil (ha.. ha). I den glattsleika- GUCCI- brille- boblevest- uuuu- so- tilfeldig- hår- sveis- verdenen e det visst ikkje vanleg å gjere noko som ikkje e innanfor deira rammeverk... Lenge leve glansbildene!

Kjem vel ikkje som ei overrasking at eg ikkje gav servitøsa på "BOCCA" so mykje ei krone i tips, etter å i tilegg til fadesen ute på terassa vart oversett då eg skulle ta bestilling, til fordel for ein "dandy" eldre herremann som stod bak meg i køen. Hadde ho ikkje hatt øyrer ville det ekkle "sleik meg i ræva blikket" gått heilt rundt hovudet. Takk til den eldre "dandy" herremannen som fint sa ifrå at eg va før han i køen (no ve vel Trine&Kotti nemne at eg e sint i bloggen min igjen.... men dette va ein god grunn, va det ikkje??)

Moralen e vel, trass i at "BOCCA" e ein utrulig kul og komfortabel plass so har vertfall ikkje eg tenkt å sette foten min der lenger. Usjånaden har ingenting å seie dersom innhaldet ikkje held mål.

So det so.

laurdag, mars 18, 2006


Elg i solnedgang




Vi e på fest vi!!! Kotsasi og Martin e vertskapet! Dataen har visst klikka litt. So istaden for eit bilde av min kjære, kom det plutselig tusen bilde av Christian!!! Ka har skjedd liksom??????? Min eigen hundre millionær!!!

Vi lika deg godt vi, kom nedatt te oss!!!!

onsdag, mars 15, 2006

Streif av sol....:)




Eg lova skjerpe meg med oppdatering av bloggen min!:)Eg skjønna eg har ein viss forpliktelse til "tilhengarskare" som flittig les bloggen min kvar dag.


Eg har vore i Trondheim og besøkt vår alles gledesspreiiar. Både Trondheim og Christian viste seg i frå si vakraste side.....

4. daga med sol, påskeføre, god mat, snill gut,trikketur,fjelltur, appelsin, kvikklunsj,latter og glede er noko som burde ha vore på timeplanen MINST ein gong i mnd. For då, Trine og Kotsasi, slepp ein at egentlig søte snilde jente laga sure bloggar..... noko som ikkje har vore min intensjon i det heile:)

16. tima på buss kvar veg kan ta motet frå alle og ein kvar.... Men forsvinn raskt som dugg for sola når ein foreinast med det gode selskap og eit smil som kan blende sola.

Alle burde tatt ein tur til Trondheim!!

Men Bergen smilte og når eg kom tilbake. "Kaffislaberaset" me Rannveig va FANTASTISK!!! Makan te koneemne ska ein leite lenge ette. Bordet bugna av skulebolla so store som tinntallerkena, kanel i svingane som hadde fått Jon Bolstad sinn munn til å bli til ein foss og eplekake av den gode gamle sorten!mmmmmm.... Rannveig, om du skulle vere so snill å lage meir kake, so veit du kor vi bur hen:)

Og Ingvill, vi burde sett "frustrerte fruer" kvar einaste dag!

Vel, no har eg vertfall innvia den som kanskje skapte frustrasjon fortvilelse og sinne til min blogg. Men no e eg berre gla igrunn....:)

Takk for ei fin fin helg! ve ha meir, ve ha meir....

Kjekk 1.


Kjekk 2.


Lita Jeanette i stort rom.


ÅÅhh, so alvorlige vi e! Ganske fornøgd me det bildet her eg. Det trur eg kanskje hovudpersonen e og?
Eg har sett lyset i Trondheim....

Christian and the rocks.


SSSoooo stor!...... hihihih...




Eit sjukt sjukt bilde....dog ganske festlig:)


Endestasjonen på turen. Skulle nesten tru det va påske! So fint va det! Kan ein ønske seg nåke meir?
Christian på Dragvoll. Tøffare enn toget:)


Jeanette slikka sol og ete appelsin.
Ikkje heilt på nett....

Eg har fått ein del klage på at eg til tider virkar svært sint inne på bloggen; Det heite ikkje sint, det heite engasjert!:) Eg e forresten ganske blid som ei lerke.... men tenkte eg skulle snu denne negative trenden me sinte innlegg. Derfor skulle eg legge inn ein heile del solskinnsbileter i frå Trondheim.

Lenger kom eg ikkje. Fekk lagt ut eit bilde av ein turglad Christian. Eit bilde han eigentlig ikkje va so fornøgd me...( rart han ikkje har kommentert??...)

Det hadde sine grunna, vi har eit meget ustabilt nettverk i leiligheta vår. So dette var alt eg hadde å komme med til no folkens. Eg ska legge go' viljen til i kveld. So får vi sjå om eg greie å legge inn på enda eit bilete... Kanskje det blir av meg der eg ete appelsin???

Vent i spenning!!!

tysdag, mars 07, 2006



Eg hata Telenor, og Space worl der eg eg "kjøpte" min mobil..... eller rettare sagt fekk den igjen på forsikringa.

Ein svensk lurendreiar på Space world fekk meg til å tru at dersom eg overførde mitt gamle abonnement, altso frå mobilen min som vart stjålen, til den nye mobilen som eg fekk igjen på forsikringa. So kunne eg om ca. to mnd. (altso då bindingstida mi gjekk ut) velge og vrake i abonnement av den billigaste sorten. Detta va KJEMPE lurt sa han.....

Vel, bindingstida mi i djuice gjekk ut 11. februar. Eg bestillte eit nytt abonnement i Chess, sidan eg har haurt det ska vere det beste. Eg fekk tilsendt eit nytt sim-kort, då mitt galmle vart deaktivert. Glad og fornøgd tok eg det nye sim-kortet i min mobil....Einaste meldinga eg fekk opp på skjermen var då følgande: "Sett i riktig sim-kort....."

Etter å sett tida an, og sim-kortet forsatt ikkje verka på mobilen min....begyndte blodet å bruse i årane mine, og det va like før eg kasta heile faenskapet ut i gata so ein trailar kune kjøyre på den...

Eg ringde chess (satt i ein halv time før eg fekk svar;...."Du rykker stadig fremmover i køen"..) Men dei kunne ikkje hjelpe meg. Deretter ringde eg Telenor. Dei kom med den gledelige nyhenda om at mobilen min var sperra for andre sim-kort (noko eg faktisk allereide HADDE oppdaga..) og at den sperre ikkje åpna seg før eg hadde hatt mobilen i eit år. Skulle eg bytte abonnement måtte eg KJØPE ut mobilen, eller få tak i ei kode som åpna mob. min for andre sim-kort!

jaja... tenkte eg. Space world kan hjelpe meg, dei e alltid so snilde og behjelpelige når eg e der ellers. Koda e i boks tenkte eg.

Der tok eg retteleg feil. Det vise seg at Space world gutt'a berre e behjelpelige ovanfor Telenor fuckings kunda, ikkje til andre som har konvertert til t.d. Chess... som by the way e blitt Netcom (jejej... ska bli ein hyggelig sommar i Kjølsdalen...ned til hovudveien kvar gong eg skal sjekke om eg har fått melding grunna manglande dekning)

Eg forklarte saken nøye. Om at svenskemannen HADDE sagt til meg at dette va KJEMPE lurt, og at eg faktisk kunne skifte te kva abonnement eg ville ette bindingstida va gått ut. Ein vesentleg informasjon han hadde unlatt å fortelle va at mobilen forsatt då ville vere sperra for andre sim-kort enn Telenor sine.....Lite visste dei då om at Chess ville bli Netcom...

Uansett kva han hadde sagt eller ikkje. Dette BURDE eg ha sjekka ut sjølv. For det står FAKTISK på mobilboksen som eg får når eg kjøpte den...So dette var ikkje deira problem, sa den åndssvake mannen på Space world. Han fekk vertfall ikkje eit smil av meg, der eg trampa sur ut av butikken med leppa i ein spennt boge.

Kanskje eg e ei "blåauga jente" eller kanskje eg rett og slett stola for mykje på gribbane der ute i den store stygge verda. Eg har vertfall kome til den konklusjonen om at folk som viser seg å vere rævesleikara og ufattelig spyhyggelige... so e det berre for at det gagnar dei.

dumme dumme mennesker....

søndag, mars 05, 2006

Metrofil!



Eg og synnøve har enda ikkje komt ut av skapet.

Vi har alltid hatt ein viss nedlatande tone ovanfor uteplassen "Metro".... Paljett jente, mannfolk me "ta meg glis" og "fy- faen-for-ei-deilig-rompe -blikk"....reine kjøtmarkede! Takke meg te Garage der dei ekte rocarane e!

Men vi vart omvende ein vakker laurdagskveld i februar.

I god "Harald gjør ting han ikke kan" ånd, bestemte vi oss for å gå på Metro. Og for ein gledelig overraskelse! Der traff vi både Trine, Cecilie, Kim Tore (pluss ein del venna... "hei hei hei jeg heter jeanette hei hei hei hva heter du?")Svein Petter, Stig og ein kjekk mann frå New Orlens som by the way spanderte alt vi ville ha av drikke:) ......Skulle ønske kvelden ikkje ville ta slutt!!

Sia den kvelden har både eg og Synnøve gått rundt me ein hemmlighet. Vi ve ha meir Metro!!!!! Men dette e nåke vi ikkje sei te andre.

I går då vi va på husfest begyndte eg og synnøve og tiske og kviskre me kvarandre... Vi skulle på Metro!!! Då kvelden leid på snnneeiiik vi oss forsiktig ut....Kor vi skulle hen va det ingen som visste..

Vel, kvelden på Metro tilsvarte ikkje heilt våre forventningar...sjølv om vi fann ein rik mann som kunne spandere inngongspenga og drikke, men Bergen by hadde tydlegvis tatt vinterferie... slukøra måtte vi traske til utestaden som aldri søv; Garage!

Aldri aldri meir ska eg svikte dei Therapy hard rocka langhåra øl hundane på Garage.....Det e dei som kan å feste!!

Med den perfekte kvelden på Metro vagt i minnet.....


fredag, mars 03, 2006

Klokke....


Eg skulle ha vore fødd før 1400-tallet, kan hende eg faktisk har levd mitt forrige liv i denne tida.


Eg hata nemmelig klokka, og klokka vart ikkje oppfunne før på 1400-tallet. Det lærte eg i dag på forelsening. Munkane i klostera va det som fann opp klokka.... Dei fann den opp fordi munkane trengde litt disiplin. Dei trengde den rett og slett for å kunne møtast til samme tid når dei skulle be.

Eg hata munkane.

Kunne ikkje vi berre hatt den naturlege sykliske perioda, der vi visste at det ein gong skulle bli vår, eller at vi visste potetene ville komme opp ca.på den bestemte tida, eller at vi møtast ved t.d. kinoen når det begyndte å bli "skymmert" ute.

Veit forresten om andre som ikkje e heilt gla i klokke. kven er det som bestem kortid ein middag starta t.d.? Er ikkje det veldig individuellt?? Eller veit alle at ein middag starta kl. 6? Vel, det gjer den ikkje heime hjå oss... der ete vi middag i ekte "bondetid" 12.30. sharp.... Her i byane ete vi mykje seinare. Ein kan t.o.m. ete middag kl. 20.00..... E ikkje alle som e heeiiilt enig i det. DU veit sjølv kem eg meinar;)....elin.

Uansett, ferdag.. ka gjer ein på ein fredag. Eg ser vertfall på krompen og Mette flette.... fnisejenta... er det ikkje på tide at Mette utvidar sitt ordforråd?? "veldig kjekt, og veeeelldig fint...."

Ha ein god kveld alle smånissar!! U rock my world...

torsdag, mars 02, 2006

Ikkje ein dritt....



I dag gidde eg ikkje skrive ein dritt....

Ikkje har eg nåke å skrive om heller....
kanskje eg ska slå i hel nåken so eg har eit eller anna å skrive om??
Uansett, eg har berre vore på jobb...sitte på rotne uni. og ska på middagselskap i kveld.

Skulle ønske kvar dag va ein fest....

onsdag, mars 01, 2006

Heilt på vidda.....

Tenkte eg skulle legge ut nåken gode seinsommarbilde av meg og min kjære sambuar Synnøve. Vi hadde ein FANTASTISK tur over vidda.... sola steikte, so då va den mjuke avkjølande vinden kjærkomen......sukk.... det var tider det...




Leik....

Blir nåken me ut å leike i det fine veiret snart?? Ta på store solbrille, flagrande bohemskjørt og flørteblikket.. so kan vi gå å slikke litt sol og drikke øl på Zacken!
Morgenstund har gull i munn.....


Eg har låge vaken i heile natt......

Eg har grua meg som ein hund for å låse meg inn på frim.logen heilt aleine.....
Eg har sett for meg at monster skulle komme ut ifrå mørker når eg åpna dørene til dei store ulmande hallane, at eg skulle bli offer for eit obskønt ritual, at aldri nokon meir skulle finne meg att... og at ingen heller skulle etterlyse meg..

Vel, tru det dei som ve..(treng ikkje nemne namn). Eg greie FAKTISK stå opp i grisotta!
Det gjorde eg i dag. Nervevrak som eg va satte eg beina utanfor sengekanten 06.15... sharp.
Etter ei natt med lite søvn og tankar som kunne skremme vettet av t.o.m. Jon Bolstad tenkte eg at det er like godt å få det overstått... Dette måtte eg komme meg igjennom med eller uten livet i behald....

Nølande drog eg nøkkelkortet og tasta pin-koda....Døra åpna seg. Og eg venta berre på at ting skulle dette ned i haude på meg, gardinene (som sjølvsagt e igjen) skulle ta til å blafre, eller stemmer skulle komme frå det indre djupet....

Sakte gjekk eg gjennom hallane, skrudde på lyskrunene, ein etter ein..... Fann min mopp og starta den i ein "slow swing".

"DRRRR...!!" sa det... Og eg trudde eg skulle få hjerteattakk, daude og besvime. Heldigvis var det berre isbitmaskina i baren, som berre skulle lage llliiitttt te me beta... I tillegg skullle det H.... kjøleskåpet stå å lage lyda.....


Vel, etter eit halvtime me nervøstsammenbrudd tok eg meg sammen.... Eg sa te meg sjøl "Jeanette, dette her skal du ta som ei ekte bondejente!!!" "Slutt å tull, rett deg opp i ryggen og kjeme det nåken monster e det berre å banke dei opp!!"- Etter dei formanande orda av meg sjølv gjekk det uuuttruuleg mykje beire.

Og kan du tru det?? Frim. som styre "sjappa" begyndte å straume på.... Einare blidare enn den andre.

Kontor som eg trudde eg måtte vaske under oppsyn fekk eg lov til å styre meg akkurat som eg ville. Dei eldre menna holdt opp dørene for meg, hjalp meg me heisen, spøkte om det hadde vore fest opp i den eine salen sidan eg kom med så mange tomme Oldenflaske...."Du treng ikkje vaske so grundig, vi ekje so nøye på det her" og "Berre gå litt tidlegare du, sidan du skal rekke forelesninga di" Dei eldre menna va rett og slett kjempe hyggelige!!

No har eg fått av ti kilo av skuldrane mine... Og va rett og slett i so eit godt humør etter jobben, at eg tok på meg miniskjørt og solbriller. ... So no e det berre å nyte det strålandes veiret i Bergen!

Trur neppe det kjem nåken monster å tek meg i måra.... Då sei eg berre te dei; "Ha dokke vekk! Eller so pussar eg dei eldre menna på deg!".... Ogso tuska monsteret fint innat i det mørkne ulmande rommet.....

tysdag, februar 28, 2006

Eyes wide shut.....


Eg har fått meg jobb.... ikkje kva som helst jobb; Eg ska vaske på Frim.logen...

Eg har vore inn i det hemmelige bygget.

Med ærefrykt hadde eg opplæring i kvar eg skulle vaske, korleis eg skulle gjere det, og kva rom eg IKKJE hadde lov å stikke min nysgjerrige snute...Ingen utanforståande veit kva som skjular seg bak dei svære dobble tredørene som førar inn til dei hemmelege hallane/kapella. Eg følte meg som "Alice i eventyr land" eller ein statist i "Eyes wide shut"...Rom med gresk lignande søyler, store hallar med sjakkruta golv, "alter", gardiner som er trukke for, og ei stor svart og massiv dør der eg ikkje hadde lov til å gå inn....

Kva driv dei med? Og kva er det som er så hemmelig?......I mine auger verkar det berre som dei er svært opptatt av rollespel. Vel, eg har forsatt ikkje fått svar på det. Kjem vel neppe til å få det heller..

Frim.logen er vertfall ein hierarkisk oppbygd organisasjon, kor ein ettekvart vert innvigde i nye nivå. Totalt er det mogleg å stige ti garder og to embetsmannsgrader. Kor lenge ein har vore med bestemme tidspunktet for kortid ein skal innviast i ei ny gard. For å bli medlem må du være over 24 år, ha plettfri vandel, være bekjennende kristen, og bli anbefalt av to andre medlemmer.

Trur vertfall denne jobben er ein liiitt spesiell, og utan om det vanlege... Eller so e det berre meg som har fått eit overvelande fyrsteinntrykk....

Følg med i neste episode...

måndag, februar 27, 2006

Død eller levande...



Jon Bolstad adm. dir. i Helse Førde irriterar meg SVÆRT mykje for tida.

Så mykje at eg faktisk har vurdert å sende ei kjedemeldig til folk ifrå Sogn og Fjordane, med tlf. nr. til denne arrogante mannen, der eg ber folk om å ytre si meining direkte til han....


Her er nokon utdrag ifrå Dagbladet 26.feb-06:



"Administrerende direktør Jon Bolstad angrer ikke på måten han gikk fram på for å hente folk til ledergruppa. Helse Førde-sjefen avviser kameraderi"

"Bolstad mener en slik stilling ikke er noe du lyser ut i avisene. Han beklager at det er vanskelig å skaffe nødvendig kompetanse.
- Husk at vi er i Sogn og Fjordane. Jeg har heller ikke angret ett sekund på denne ansettelsen. Jeg prøver å sette sammen et godt team, er kommentaren fra Helse-Førde-sjefen til kritikken. Han hevder foretaket nå har kuttet konsulentutgifter med fire millioner kroner"


"Dagbladet avslørte i går at ledelsen i Helse Førde med administrerende direktør Jon Bolstad i spissen, kjøpte inn designmøbler for 600 000 kroner til Bolstads kontor, forkontor og møterom. Blant møblene er 30 Jason Lite stoler for 226 882 kroner"


"Innkjøpet skjer i ei tid hvor Helse Førde går med 65 millioner kroner i underskudd og helseforetakets pasienter må ta til takke med gamle senger og nedslitte venterom"


Vel, håpar denne mannen revurderar si stilling..Og at folk støttar opp om lokalsjukehusa. Dei treng vi!




Staden der tida står stille...

I helga var eg heime. Kjølsdalen e den finaste bygda ein kan tenke seg.... men, alle bygder har eit men...Eg e alltid so spent når det e lenge sia eg har vore heime; Kven er blitt gravide, kven har trynesleika nokon andre sin partner, kor mykje snøv eller ikkje er det, har nokon blitt ilag medan eg har vore vekke???

Eg forventar alltid at det har skjedd store revousjonærande ting... Men ingenting har skjedd!!
Er tida med sladder og utskeielsar forbi... eller har alle blitt gravide og kjedlige slik at dei ikkje gidd å finne på nåke sprell?? Eg prøvar å dra eit eller anna "juicy stuff" ut av sambygdingane, med det er som dei har inngått ein konspirasjon mot dei som har flytta ut.... alle ristar på hovudet "nei, her hakje det skjedd nåke spesiellt.... Han Ole har no fått seg ny traktor, og Else nye gardine.."... OI!! seier eg... å prøvar å legge mitt engasjement i det...

Vel, so kan eg spørre meg sjølv.... "byjenta" som eg er blitt... Er ikkje alle stadar slik? Har Bergen forandra seg noko spesiellt på eit halvår?... Nei, Bergen har ikkje det.
Alt går i sin vandte gong her og. Sjølv om Kjølsdalen ikkje har kafera på kvart eit hjørne, 5000 uteplassar(som ein uansett aldri rekke over!) kino med premierar i hytt og gever og gamle dame med Gucci-briller.... So har slike små bygder sjarm...

I byen finnast ikkje bestemor sine gode vafle, kosesjuke Era, ein småkranglande fam. rundt middagsbordet, rauting av kyra som står i fjøsen, den gode stilleheita, kjende folk uansett kor du snur deg, dei gamle heltane på Ekspedisjonen(uteplass), folket som samlast uansett kva alder dei er i, og selvfølgelig... Ole me den nye traktoren....

Eg har fått det både i "påse" og sekk....

Eg e kjempe stolt over å ha vokse opp på bygda! Samtidig som eg e takknemmelig over å ha opplevd storbyet sitt pulserande liv!

Ken veit, kanskje eg sjølv flyttar tebake "bøgda" ein gong. Skaffar meg mann og 10 ungar, hund og Volvo stasjonsvogn....

Ein gong bygdejente, alltid bygdejente:)!

torsdag, februar 23, 2006

Nordleninga.......


Vel, eg har igrunnen alltid hatt eit litt ambivalent forhald til nordleninga....Oluf, Tore Skoglund og pianisten Trond, Steinar Bastesen.... You name it.


Kan vel ikkje seie at den humoren fell heilt i smak hjå meg! Med fare for å trakke i salaten.Grei nok kan eg humre over småting som til tider KAN vere morsome....... men eg får ikkje den go' følelsen av at dette er humoren som ligg mitt hjerte nærmast. (sorry Svanhild og Kotsasi, eg veit dokke e halvt nordleninga..)

Heilt til i går.

Eg var på "stand up" på Kvarteret. Eg tok meg i å le so eg grein av ein nordlening!!! Eg kan ikkje fatte og begripe det! Ikkje hadde eg konsumert alkohol, eg var heller ikkje overtrøtt eller ustabil i gjerningsaugeblikket... Bergensaren som og var på scena vart berre ein flopp i forhald til nordleningen (BOmbe... heia Brann...)! Eg lo av etterlikning av bie, parodi av kappgong, forskjellige forslag til OL greiner (Hopp-skyting) osv.....

Eg må berre bøye meg i støvet!:) So feil går det an å ta! Neste gong skal eg ha eit mykje meir åpent sinn til ein nordlening moroklomp! Det lova eg......(Berre han ikkje heite Oluf).


Neste veke tek vi for oss Trøndera....So følg med!

No ser eg snart atter slike fjell og fjordar...!:)


onsdag, februar 22, 2006

Datanerd og fugleinfulensa.....





Eg e blitt eit datanerd.

Det e Kjølsdalen musikklag sin feil. Web masteren i musikklaget har nemmelig lagt ut eit forum slik at bådet kjende og ukjende kan "prate" me kvarandre.

Kjølsdalen er i ekstase! Det er so vidt folk går på jobb, ete mat, stelle ungane sine, pleiar samlivet, gløymer å sove etc. Det einaste som betyr noko i livet no er datamaskina! Ektepar som er med i musikklaget har gått til anskaffelse av ein bærbar pc i tilegg til maskina dei allereide har, berre for å behalde husfreden!! Slik at dei begge kan delta aktivt i diskusjonane inn på forumet.

Det har til og med gått so langt at medlemmane vurderar å ha øving på nettet istadan for å samlast i samfunnshuste kvar tirsdag. Kva er vel betre enn å slenge inn ein "smily" til den som tek kontakt med deg, istaden for å måtte seie hei til personen face to face?? Eller ein sur "smily" dersom du har ein dårleg dag?

Nettet gjer deg nemmelig mykje meir laussluppen. Du sei akkurat ka du meinar, legg ut bileter som du aldri ville ha vist dersom du hadde dei i papir format, du kan pirke deg i nasa og prompe medan du "snakkar" med ein person.... osv. På nettet blir alle seg sjølv!

Det hadde vore greit då. I dagleglivet. Om du er trist og lei av den vanlege kvardagen, ja då kunne du berre "logge" deg av, eller gå i "dvalemodus". Og om kvar dag var ein fest, kunne ein ha vore "pålogga" heile tida...t.o.m. "surfa" litt rondt-om-kringfallera:)

En ting eg har tenkt litt på i desse fugleinfulensa-pandemi-epedemi tider er; Kor "frittgåande" er eigentleg desse "frittgåande" hønsa?
Er frittgåande høns høns som berre går fritt rundt om kring inne, eller er frittgåande høns høner som går fritt omkring ute? (inne på natta sjølvklart)....

I det siste når eg har kjøpt ein kartong me "Egg frå frittgåande høner" so føler eg Prior ler meg bak ryggen...: HAHA!.... Veit ho ikkje at høner ikkje har lov til å gå ute no når hønefeberen rasa!!?(dvs. Prior lyg om sine høner!)

- og jo, eg veit det...Eg trur dessuten desse "frittgåande" hønene dokka ikkje e so jævla "frittgåande" allikevel eg....Altso... Kor lettlurt trur dokke eg eigentleg e??

Uansett.... Frittgåande eller ikkje.. Trur eg går for å mate duene i parken eg...


tysdag, februar 21, 2006

Samme gamle gode Britt som har blitt ein anelse mjukare i kantane ette at ho inntok rolla som vår alles favoritt mor!

Prinsesse Martine! Britt og Morten si lille skjønne jente, og som eg e fadder til! Bestemt som få, det har hon etter sin mor...:)



Og her e eit bilde av snilde skjønne morosame Ingvill. Ho maste sånn om at eg skulle legge ut eit bilde av hon på bloggen min....haha...Ingvill hadde eksamen i dag, ein kjempe STOR ein, fordi ho ska bli ein ekte tannlege. Til lykke med vel overstått eksamen Pingvill! Kjenner eg deg rett så gjekk det aldeles strålandes! Vi heia på deg!:)

Dagen for flagrande skjørt og store solbrille!



Dette tenkte eg då eg stod opp i dag tidleg! Klar for ein ny dag, klar for solbriller,klar flagrande skjørt og ikkje minst klar for å levere 1. utkast av mi bachelor oppgåve!

Eg leverte faktisk opppgåva ein halv time før tida!...

Derfor har eg gått med ein snikande følelse av at noko må vere gale. leverte eg i feil resepsjon?... Har eg misforstått heile oppgåva? Har eg tatt feil av datoen?... vel, tida ve vise.....

Universitetet e ikkje det d ein gong va... Eg kan stadig observere uggs, måneboots (sånne store me pels på) og miss sixty bukse godt hengande ned på ræva slik at ein kan sjå den vakre stringen stikke godt over buksekanten....

Kor e det blitt av konfirmasjonsdressen til han far? Gardina te bestemor som er blitt omsydd til eit skjørt og resten av dei raudvinsdrikkande bohemane?....

Eg kjenner meg litt skuffa og trist over at ting har endra seg....

Eg likar ikkje at tilstandar, oppførselar til mennesker og at følelsar forandrar seg... Kan ikkje alt berre vere som "i gode gamle dager"?

Har verkelegheita du ein gong var så gla i berre vore ein illusjon?...Eller e dette det ein kallar å bli eldre og ta lærdom av dei feilstega ein har tatt i livet? I tilfell so synst eg det å bli eldre og "visare" sucks!

Vel, visse mennesker endrar seg ikkje, eller jo. Britt mi kjære barndomsvenninne er forsatt den samme gode gamle!:) Noko, eller rettare sagt nokon har endra seg med Britt og. For litt over eit år sidan vart hon to. Ei lita illsint, skjønn, bestemt og veldig kosete jente har hon fått seg! Martine heite vidunderet!

Britt er den som trilla meg i barnevogn då eg var lita(sjølv om det berre er eit år i forskjell mellom oss) som alltid åt flest ispinnar ned me "bestemor" Sigrid. H o kom alltid på døra kvar dag heile sommaren igjennom og sa på klingande bææærrgensar "ska æg vææærrreme deg?".

Britt var den mest frykta jenta i gata når ho kom til Kjølsdalen. Hon kunne banke dei største gutane, sykle raskast på sykkel(mens eg satt bak på), rape nasjonalsongen(til bestemor sigrid sin store fortvilelse) og skyte dei kraftigaste skudda rett i mål. Og eg, eg va berre soo stolt over at ho var mi venninne!

Vi fann alltid på jævelskap, noko kattane våre fekk smertelig erfare....og ikkje minst min bror Jørn. Britt gjekk besjærk me fiskestonga....kven fekk ho på kroken?.. jo det va min lille bror på då 5. Eit legebesøk var uungåeleg....

Vi forelska oss alltid i dei samme typane...Kven kan vel skryte på seg å ha gått heilt opp på sætra, i snøstorm, vadande me snøv opp til knea klokka 12 om natta... med ei nylaga sjokoladekake til vår utkårede? Det kan vi!! Visen på enda var jo at vår utkårede faktisk ikkje var på sætra i det heile..

Kven var det som la meg trygt i seng hjå bestemor Sigrid, men ei bøtte ved sidan av og ein klut på panna då eg var så full at eg knapt kunne stå på mine eigne bein?

jo, det var vår alles kjære Britt..

(-vel, ho sjøl rømde ut i natta for å finne den store kjærleiken... og kom ikkje att før ettermiddagen dagen etterpå)

Som sagt, visse ting endra seg aldri. Slik som Britt.
Og det er slike ein veit å sette pris på i livet!

Ting ein aldri trudde ville endre seg, har som oftast ein tendens til å gjer nettopp det. Det e vel det som kallast "å la vegen bli til mens ein går".

Hadde berre den vegen ikkje vore so fordømt kronglete av og til......:)








måndag, februar 20, 2006



Må berre legge ut eit lite skrytebilde!:)

Her e Kjølsdalen musikklag ette ein framragande innsats på NM i Bergen forrige helg!!

Akkurat no e heile musikklage i teknologisk ekstase over å ha fått eit forum som går utover samlivet, matinntaket, skule, jobb osv...hihihi



Ps. Kotsasi. Skulle du vere so heldig å støte på denne mannen, ja då veit du ka du skal gjere!

Sol sol sol sol..........

I dag va d dagen for inntak av naturlege d-vitamin "pilla".....og det gjorde godt!

Eg følte meg nesten som ein turist, når eg vandra fram og tilbake, fram og tilbake på bryggen. Uviten om ka slags dør eg skulle banke på...

Hadde eg haurt på dei som "visste" kor Adecco låg hen, hadde eg forsatt traska fram og tilbake no....Takk til den snilde Narvesen mannen som hjalp meg!

Adecco e snilde. Dei ville gje meg ein jobb!

"Det ska nok ikkje bli problem å få deg ut i jobb" sa dei.....
Eg smilte og va igrunnen heilt enig:) !

Eg synst eg e flink. Eg e ikkje redd for å ta i eit tak, heller ikkje for å få skit under neglene... Eg smile og e blid uansett ka slags kunda som tek turen innom butikken, kan t.o.m. komme me eit gullkorn i ny og ne......(send mail for meir info.:)

Glad og fornøgd vandra eg ut av Adecco. No venta eg berre i spenning på DEN draumejobben......!

So, finnast der nåke der oppe i himmelen, GJE MEG NÅKE ANNA ENN EIN VASKEJOBB!!

Sidan eg forsatt følte meg som ein turist... ja, so tok eg det like godt heilt ut. Eg kjøpte meg ein kaffi, muffin og dagbladet...deretter satte eg meg på torgallmenningen som ein diva.

Torgallmenningen e ein snodig sak....Der eg satt so godt tilbakelent og naut min kaffi i sola, fekk eg gleden av å overhøyre "Mari" , ein ekte bææærrrgensar. Hon hadde funne seg DÆN typen. Muskla hadde han, smal midje og DI sexy hendene!!!

Det rare va at for å sjekke ut om han typen med stor H va flink til å kline, ja då hadde hon faktisk bedd veninna si kline me han fyst !!??

Hallo? e det berre meg, eller e det vanleg for tenåringa no te dags?? E det nåke eg har gått glipp av her? Eller burde eg faktisk be td. Kotsasi kline me den eg e intressert i??

Herregud! korfor har ingen sagt det te meg før?? E det nåke rart e aldri har fått eit forhald te å fungere??!

Kjære Kotsasi, ve du kline me min neste beilar? Sånn at EG og kan få meg eit stabilt forhald?

Mitt hjerte står forsatt i brann... snodig nok...:)

søndag, februar 19, 2006


Trist som faen....

Hjelpe ein god film...? Nei.... Hjelpe ei go bok..? Nei. Skulle eg ønske eg hadde eit lass me sjokolade og masse pistasj is? Nei...
Akkurat no føles det som ingenting hjelpe.

"Fortida" tek tak i deg og røska deg me ned i ein djup svart brønn, der alt berre e bunnlaust trist. Salt blir gnidd inn i såret....Mens du sjølv prøva å kravle deg nytteslaust opp av brønnen, utan at det går. Den svarte kalde kloa held deg fast, skubbar deg nedatt.

Eg har lyst å stå opp på eit fjell og rope ut min frustrasjon!!

Fuckings dritt dag. Trur eg utsette "vær gla dagen" min nåken daga te eg....

Men på torsdag då e eg gla! for då ska eg heim....
Søndag blues....


Fam. Sundal, jula 2005.




Vel, sidan det er søndag, og søndagar vanlegvis står i familien sitt namn, so kjem her eit utvalg av eksklusive bilder ifrå min kjære familie...

Sjølv om eg e her i Bergen, systrene Therese og Katrin e i Oslo, og mammaen pappaen broren bestemora og Era e heime i Kjølsdalen, so kan vi jaffal vere samla allje ihop her inne på min blogg!:) (sorry resten av familien om dokke føle dokke ekskludert, men kanskje dokke e so heldige å bli publisert ved ei seinare anledning??)
Det lille gule kule huset til bestemor.


Årets nyttårshelsing anno. 2005. Var du så heldig å få denne helsinga på mobilen din, kunne du og nyte søstrene sisters synge "We Wish you a merry christmast". Vel, so dei seie om ein god gammal årgang, vi blir berre bedre og bedre for kvart år som går!

Meg, Systra Therese og ein mindre villeg Era.