torsdag, juni 25, 2009

Kvil i fred.

Det er natt, men snart morgon. Vi har drukke rosé og kost oss masse ut på by'n. Men so dukka eit rykte opp. Kongen av pop er død! Mannen som minne meg aller mest om då eg møtte min eigen kjærast, Ragnar.
Uteplasseen hadde slått på lysa, tatt av musikken. Men inn i hovudet til meg og Ragnar kverna "Beat it!" medan vi song høgt og Ragnar tok moonwalken som eg fall pladask for. Han kunne den til og med betre enn kva Michael kunne sjølv!

Takk for all den gode musikken kjære Michael, takk for alle minna som er knytta til den, og takk for at du står som ein bautastein i musikken si historie.

Du er ein legende. Og dagen i dag er svært trist..........


Kvil i fred.


GET UP, LIKE A SEX MASCHINE!!




Sol, sol, sol og atter sol i Bergen. Dei vakre har kost seg på altanen i vår nettaste stas , no på formiddagen. Blad, bikini, og James Brown rungande ut av høgtalarane. Kva meir kan ein vel ønske seg? DET GODE LIV! I kveld blir det litt jogging etterfulgt av øl og gjerne grilling ute i det fri!




Dette kan vi leve med:):)!! Rocking, moves og leiking på altanen etter James Brown, gla musikken!Johanna tørka buksene sine.....Avslapping.....Eg rocka til The Killers!! Synnøve bryr seg ei.....Men snart e hon med på rytmene og!! Johoo!!Les hon??Akk..livet er herrleg!!Johanna planlegg reisa heim.

onsdag, juni 24, 2009

Vi tviheld på tida.

Leiking, grilling på Jonsok, eting av is, lompe, latter, Jeanette sin heimelaga potetsalat, glede, pølse, grimasar, fest, handling med Lene på Ikea.
Lista er lang. Vi prøvar å gjere alt det som er morsomt på den tida vi har igjen å bu ilag på. No er det berre fem dagar til Synnøve tek ein tur heim, og litt over ei veke til Johanna forsvinn ifrå oss her i Bergen.

Eg vil ikkje tenke på det.
I måra e det visning på leiligheta vår.


*snufs HØGT!*






Har blitt sol, sommar og mange varmegrader her i Bergen, so benytta ei kvar anledning til å ete is og grille. Og det er DEILIG! Må berre få sagt at dersom nokon reagerar på at Synnøve ser ut som ein hamster på nokon av bileta, så er det fordi ho har trekt ei visdomstann. Blond, blondare, blondast! Ps. Tok atter ein tur på IKEA i dag, for å handle siste rest av det eg manglar til å flytte for meg sjølv!:) Eg elskar mine nye noregsglas, skinnfell, og vattenglas:):)