torsdag, desember 17, 2009

O' store spydag!




Det her skulle eigentlig vere eit koselig innlegg om min, Britt og Malin sin vekelige fellesfrukost, Bergen som er opplyst av fine julelys, pepparkakebyen, nissa, dei gode hjelparane, reinsdyr, rudolf, mandarine, gløgg osv osv.

Men i staden for alle desse fine tinga så tørkar eg spy som vår kjære gullklomp Malin nettopp så fint la ifrå seg utover teppe og golv. Tusen takk for den julegåva, liksom ;)

måndag, desember 14, 2009

Julespelet.

For dykkar som hugsar påskekrimen eg hadde på bloggen min "Mordet på storbonden", så vurderar eg altså i år å slå til med eit julespel. Kanskje ei nymodens forteljing av Juleevangeliet? Då Maria vart 'smellt' på tjukka?
Eller kanskje det er på tide at nokon andre på garden Sundal blir tatt av dage?

Eg skal bruke siste veke før heimreise til å tenke ut ei utruleg spennande 'plott' med eller utan mord. So følg med- eller vær kjip.

søndag, desember 13, 2009

laurdag, desember 12, 2009

Heim.

Reise heim for å feire jul berre om nokre dagar. Og eg gledar meg! Har ikkje vore heime sidan i sommar! Har brukt dei siste dagane på å kose meg, handle julegåver og treffe folk. Og for fyrste gong på fleire år har eg ein anelse julestemning i kroppen. Og det kjennast godt. Før har det alltid berre vore stress, og eg har ikkje fått reise heim før tett opp under jula. I år blir heile familien samla. Til og med dei gifte turtelduene. So det blir kjekt!

No står det berre julekonsert og julebord for dør, så flyg eg avgarde til fjordar, fjell og forhåpeltlegvis snøv! Håpa inderleg eg får stått litt på ski i jula:)

I mellomtida lada eg opp med "All i want for christmas for YOU!"

fredag, desember 11, 2009

Festfri helg!




Har vore litt for mykje 'hyggeleg-lag' dei siste helgane! Og det har vore veldig kjekt og koselig. Men dagen 'derpå' blir sjølvsagt lite produktiv- og dermed kjennast det ut som om eg ikkje får nytta helga til det fulle. Den helga her skal eg berre kose meg for meg sølv, sette på julemusikk, tenne lys, fotografere, drikke gløgg, lese bok, trene og ikkje minst kjøpe litt julegåver. Skal lage litt julekort til folk så det blir nok glitter og stas utover heile leiligheta.


Ellers satsar eg på å møte mine kjære og nære på kafé og ta den obligatoriske turen innom den berykta 'Pepparkakebyen'. Og, ja- eg gledar meg som ein unge! Kjenner det langt inn i hjertet når eg blir omfavna av den deilige atmosfæren i pepparkakebyen. Lukta, dei dunkle fargane, lyset frå alle dei små pepparkakehusa, julemusikken og den litt 'heilage' stemninga ligg som eit lunt teppe over 'byen'. Og den stemninga får meg til å kjenne lykke og kjærleik. Som eit parallelt univers ifrå kvardagen.



Snart jul folkens!

onsdag, desember 09, 2009

Lykkeliten.


Prinsen til Lene og Niklas er om ikkje lenge klar til å komme ut for å helse på oss. Vi har jo allereide snakka med han, klemt og trykka litt på han. Men då har jo det vore ein liten mage i vegen. Mest sannsynleg kjem han ut med fingeravtrykk i ansiktet. Men han kjem utan tvil til å bli ein vakker og kul liten kar. Vi gleda oss!

laurdag, desember 05, 2009

Plan-fadder.


Små problem forsvinn som lauv i eit vindkast, når eg tek innover meg orda og bileta som kjem på skjermen under artistgallan til Plan-noreg. For berre nokon timar sidan kjende eg synd på meg sjøl- i bakrus etter ei fuktig natt på byn. No kjenne eg meg kvalm over eigne tankar og medynke. Stakkars meg som sjølv har pådrege meg haudeverk og kvalme etter sipping av raudvin og fråtsing av god mat.

Når eg ser kva dei stakkars menneska må kjempe seg gjennom kvar einaste dag. Sorgtunge auger som fortel om kampen for å få tak i det daglege brød, traumar etter å ha sett nokon av sine næraste bli tatt av dage og voldtekter. Når eg ser desse bileta får eg tårer i augene og skulle ønske eg kunne adoptere nokon av dei for å gje dei mat og kjærleik. Det er så alt for mykje hat i verda. Kvifor må mennesker skyte kvarandre? Kvifor må barn bli drept?- Folk som er uskyldige og som havnar midt opp i ueinsemder mellom dei som sit med makta i landet. Det er urettferdig. Urettferdig at nokon mennesker som har det godt legg livet til dei som er fattige i totalt ruiner.

Det er ufattelig trist. Men ein kan gjere små glimt av håp som kan hjelpe dei til ein betre kvardag. Eg skal utan tvil få meg ein fadder-unge etter å ha sett desse hjerterå bileta. Klart eg visste korleis mennesker i u-land har det. Men det er noko anna når ein ser mennesker som ein kjenner så godt ifrå Noreg ta turen til sine respektive fadder-barn. Usminka og med tårer i augekorken fortel dei om korleis dei opplevde besøket. Og slikt gjer vertfall inntrykk på meg.

Så kjære godtfolk. Bli ein plan-fadder i dag!
The coctail of disturbing emotions.

I'm angry, I'm proud.
I'm madly in love.
I'm jalouse, i'm stupid
because above.
My deisire is taking me
on a roller coaster ride
the disturbing emotions
can not be denied.
I have to send you
back into space.
I can not take
this crazy race.
I thank you for the poems
you inspired me to write.
And retreat whit my dreams
into the night.

torsdag, desember 03, 2009

Sjekk ut det her!

Dei fem fyrste artistane til Malakoff rockfestival 2010 er allereide lagt ut på heimesida. Eg er svært godt nøgdt! Kan bli spennande å sjå om "The cumshots" har like visualliserande sceneshow som dei hadde på quarten i 2004! Venta i spenning:)

Sjekk ut dei andre 4 her: http://www.malakoff.no/

onsdag, desember 02, 2009

Tivolihesten min.

Utkast éin av tivolihesten som eg akkurat er ferdig med. Trur kanskje han skal få ei grime så eg kan leide han. Ellers er den SVÆRT vanskelig å ta bilde av med blitz. Og får heller ikkje med detaljane i gull.....Ups, han e visst ikkje heilt i fokus heller.
Hm, får prøve att i måra i dagslys. På tide å legge seg kjenne eg. Har plana om å komme med opp TIDLEG å jogge med ein tur før eg sett i gong med nytt måleprosjekt. Nesten nok bilder til ei utstilling no. Kjenner at det er godt å tenke på.....

måndag, november 30, 2009

Sushi, piker, vin og sang!


Nydelig og absolutt kjekk helg! Overnattingsbesøk av venninner er lenge sidan eg har hatt, og det vart ein heilaften som ein kan minnast i lang tid framover. Fekk besøk av fina Mona! Vi har laga sushi til ein heil armé frå bottenen av, drukke god vin, leika oss, rocka med rockering og sjarmert med å gå utkledd som eit juletre på by'n.

For å ikkje gløyme 'Lysfesten' på laurdag formiddag. Kjende tårene i augekroken då vi song 'Deilig er jorden' med alle fakelane og lysa i treda som omsveipa oss i den mørke november kvelden. Fekk óg høyre vakker musikk av Ole Edvard Antonsen. NYDELIG speling! O' deilige helg! No gleda eg meg stort til jul!

Ventetida.



Advent, og i måra er det allereide 1. desember. Tida går alt for fort! I mellomtida pynta vi litt og venta på at jula og juleferien skal komme over oss......

fredag, november 27, 2009

Jeg vil ha en liten hund!



Eg vil ha ein hund. No! Savna å ha 'tassande' labba over parketten, lydar som eg er vand med heimaifrå.
Vil ha nokon som alltid der for å trøste meg, nokon som får meg til å le uansett kor dårleg humør eg måtte vere i og som alltid er supergla for at eg kjem heim. Sjølvsagt finnast det berre ein hund for meg; Era, men ho er alt alt for langt vekke.
Derfor. Eg vil ha meg ein hund.

Lysfest!




Då var det atter duka for ein av mine favorittdagar i året! I morgon blir det feiring av lyset i mørketida her i Bergen. Det blir feira med tusenvis av fakelar, lys i treda, allsong av julesongar, tenning av julegrana i Lille Lungårdsvann og avslutta med eit spektakulært fyrverkerishow!
Det er min tiande lysfest, og for kvart år som går blir eg berre meir og meir gla i denne dagen.
Atmosfæren og gleden rundt det å stå ilag i mørket med kvar sin fakel- godt innpakka i skjerf, hue og vottar og synge 'deilig er jorden' medan ein skuar utover eit hav av små lys gjer meg varm i hjertet.


I fjor stod eg i festantrekk og var klar til å gå på julebord då eg stod på festplassen og song 'jul med din glede' av full hals. Og der, sjølv om eg trudde eg skulle fryse meg i hel, gløymde eg kulden og dei forfrosne tena i små pumps. Eg var berre ifrå meg av kjærleik, lykke og barnseleg fryd. Og når rakettane glittra over himmelen i dei mest fantastiske fargar og formasjonar så håpte eg at eg ville kjenne det slik for alltid og at ingenting ville forandre seg. Eit fantastisk augeblikk som eg aldri kjem til å gløyme.

torsdag, november 26, 2009

Kvelden då vi laga det katastrofale pepparkakehorehuset.

Skisseteikning av horehuset.Mekking av glasur. Eller "Cumshots" som vi kallar det.Skitne idéar blir sett ut i live!Mona happyface. Ivrig etter å få pynta sjøgehuset!Jabba må bestikkast for å legge seg til ro.Sol laga den finaste "sjøge-gulen" eg nokon sinne har sett!Nymodens husmor. 'Posing' -Deretter baking. Ergo; bakinga kjem i andre rekke.Sleiking av kjevle. Berre for å lade opp til horeriet.Husmora set i gong med horehuset!Her er altså gardinene som skal hengast opp i horevindauget. Der seighorene skal vise fram varene.Trekant logistikk på 'puffen'Jabba gøymer seg, og vil ikkje ta del av dei skitne leikane.Skitten aktivitet på 'loungen'Og Mona dokumenterar.Sol overraskar med ein 'handy' måte å dele opp pepparkake deiga på!Ja!! Morro å lage pepparkakehorehus!Meg, skjær ut vindu med mord i blikket!Nyaste mote innan horekolleksjonen. Og den fine dicokula til Sol.Mona let seg hypnotisere.Utprøving av 'poledancing' av den frekkaste seigdama i bygget.Mona si side blir inngongen for dei som er 'dragqueen'. More is more!!Lei? Kan det vere grunnen til at glasuren tok litt av?Lady GaGa tøffar seg i vindauget. Berre fordi Herman Friele kjem på besøk.Fest i horehuset!Siste finishe'n på verket!Det "swingar" i horhuset...humre.Dei skitne jentene betraktar det katastrofale huset.Naka seigdame.Seigdama gjer seg deilig for fotografen.Jo fleire kokkar......Dokumentasjon av horehuset.
Frekke seighorer lokkar med 'poledance'. Burlesque dance!