Bole og meg.
No, når kvikksølvet er på veg nedover trekker eg, som fuglane, ikkje til sørlegare strøk- (Skulle gjerne!) men inn for å trene for fyrste gong på lenge. Og eg svergar til 'Vektartorget'. Berre fordi det gjev meg nostalgiske assosiajonar og fordi eg alltid har trent der, og kan til og med sjå att noko av dei gamle 'travarane' forsatt trenar der.
Men vektertorget har ei 'liktå'. Mannfolk med strørre overkroppar enn fém dobble Jeanette. Går gjerne i singlet, sjølv om det i bunn og grunn ikkje er lov. Og lagar rare lydar som ikkje høyrer heime i det offentlege. Bruka ikkje alltid å vere like gale, men i dag var det ekstremt!
So går lille Jeanette der då, tek seg like godt til rette som ho er stor i kjeften. Eg tek meg i å le litt for meg sjølv medan eg har pause inn i mellom øktene. Ei underhaldning som utan tvil kan måle seg med den beste komedien på tv i beste sendetid.
Uansett, håpe dei kjem til å trene der så lenge eg er der. Gjer styrketreninga til ein leik!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar