fredag, mai 14, 2010




17. mai er vi så gla' i!

Endelig, etter nokon kalde dagar fekk vi helse på sola igjen! Og sidan det snart er 17. mai, min favorittdag i året- så håpa vi på at sola held seg der oppe, og ikkje ramla ned eller blir vekke bak tunge regnskyer.

Tok turen opp Svartediket, Isdalen, Rundemannen og enda til slutt opp på Fløyen i går. DEILIG tur med berre rein glede i bagasjen. No er det tid for å gjere seg klar til 17. mai! Bunadskjorta skal strykast, potetsalat og kake skal lagast, leiligheta skal vaskast og lugg skal klippast! Dersom nokon tilfeldigvis skulle elske å stryke bunadskjorte frå helvete, så er dykk hjarteleg velkomne til å hjelpe meg.

Ingen kommentarer: