torsdag, mai 27, 2010

Mensen ut øyre.


Eg veit no utan tvil korleis det må vere å føde. Vel, ut øyret då. Eh, ja. Akkurat.

Den verste smerta eg har hatt i mitt liv, nokon sinne, fekk eg i går. Etter å ha vore tett i bihule, øyre og det som måtte vere av hovud i det siste- så tok eg skeia i eigne hender. Noko eg ofte gjer når eg er sjuk. Lege er so oppskrytt!

Hadde noko øyreskyll liggande frå forrige år. Og tenkte med mitt kloke hovud at eg skulle fikse biffe. Ja, eg skylte grundig eg. Etter skylling fekk eg smerter som MÅ ha oppkome ifrå helvete. Sol, mi kjære venninne og reddande engel kjøpte både paracet og ibux. Og etter å ha ringt til legevakta (medan Jeanette gjekk rundt i ring som ei hysterisk høne) fekk eg beskjed om at eg berre måtte ta ein god coctail med begge sortane av tablettar.3 paracet og 3 ibux.

Etter vaktskifte og Mr. Kjønås overtok som lege på vakt, så toppa verkeleg smertene seg. Litt komisk- men eg hylte, grein og var steike forbanna på same tid. Slo gjerne handa hardt i veggen. Berre for å overgå smerta som romsterte inn i øyret.

Vel, enden på visa var at etter nokre timar ga dei verste smertene seg. Då eg plutselig kjende noko som rann ut av øyret. BLOD!- Kjende hysterien breia seg over kroppen. Og kasta meg over telefonen for å ringe til Jannike. Kanskje kunne hon vete kva slags lidelse eg hadde. Jannike visste det ikkje. Men råda meg til å ta i bruk internett.

Internett har alltid svaret. Og joda, eg kunne lese at dersom eg hadde mensen ut øyret, så var det nok trommhinna som hadde røke med. Eg valgde å utelate det siste punktet som stod at dersom det rann gult puss ut i tilegg, så hadde eg nok mest sannsynleg brot på hjerneskallen. Trur ikkje det nei.

Og i dag den dag, valgde eg å bite i det sure eplet. Eg tok turen til legen, som seg hør og bør. Og har no fått ein hestekur med antibiotika. Lenge leve øyreverk og mensen ut øyret! Eg vurdera å amputere hovudet uansett.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Nei dette hørtes skikkelig vondt ut! Det må ver det verste å ha så vondt i hode-regionen! har hørt at å få hull på trommehinnen ska ver vondt, men å mista an hørres jo bare skikkelig pain ut! Håpe du blir bedre snart og at smerten gir seg!
Herlig blogg btw=)

God bedring!

Mari sa...

Huff. det hørtes ikkje godt ut! Håpa du er betre no! lika måten du beskriv et på då:)

Mari sa...

det mangla visst ein d i det...