fredag, august 27, 2010

Raff.


Er du i Bergen mellom 30. aug. og 4. sep. er Raff Design 2010 virkelig verdt å få med seg!
I ei heil veke kan "mannen/dama i gata" vandre rundt i Bergen sine gater for å sjå kva regionen sine kreative designere har skapt.


Raff er eit samarbeidsprosjekt mellom Raff design og Design region Bergen, kor det felles målet er å vise fram dei unike vestlandske designarane, både i Noreg og utanfor landet sine grenser. På sikt er målet å bidra til at endå fleire unge og kreative mennesker vel å satse på design-, tekstil- og motebransjen.


Seksten butikkar/utstillingslokaler har den glede av å presentere  eit knippe designera som til dømes; Moods of Norway, T-Michael, SVA-Magazine og Scandinavian Surface. Nova, butikken eg jobbar i er så heldige å ha mannen som har kledd opp både Rihanna, Beyonce og Britney til utstillar; Kristian Aadnevik. Bergensaren som knappe er kjend i sin eigen by, men som er stor i utlandet- og som har uttallige fashionshow bak seg i både London og Milano. Kristian har vore assisterande designer for Alexander Mcqueen, sjefsdesigner ved Harrods International collection osv osv. Merittlista er lang!


Ta turen innom Nova!  

3 kommentarer:

Mari sa...

Nova va ein flott butikk! Der passa du jammen inn:) Koselig å helse på deg i går. Det va jammen lenge sida sist!

jeanette_s sa...

Takk! Veldig kjekt å sjå dokke og, alt for lenge sia sist! Kanskje eg kan gje ein lyd neste gong eg e i oslo, so kan vi ta ein kaffi eller nåke?

jeanette_s sa...

Takk! Veldig kjekt å sjå dokke og, alt for lenge sia sist! Kanskje eg kan gje ein lyd neste gong eg e i oslo, so kan vi ta ein kaffi eller nåke?