Det perfekte liv.
I jungelen av forskjellige livsstil-bloggar kjenner eg meg som eit lite usselt fjon.
Mange av dei bloggane eg les handlar om mote, reise, interiør og generell materiell lykke. Alle ser ekstremt lykkelige, rike, vakre og vellykka ut. Og då startar eg å lure; Er dette deira verkelege liv?
Er det berre meg i heile verda som kjenner haustmørket gjere noko med humøret, energien og følelsane? For akkurat no, når mørket utanfor stoveglaset ser ut som ein svart betongvegg, så får ikkje eg lyst til å hoppe rundt med kameraet mitt for å ta bileter, trene om kapp med regnet eller kle meg opp i mine finaste gevantar. Kanskje eg nettopp skulle ha gjort det- slik at haustdepresjonane ikkje snik seg inn under huda på meg. Men sorry folkens! Inn i mellom kjennast det best å berre legge seg under det lunde gode pelspleddet og la verda der ute berre vere så tilsynelatande perfekt.
No er eg kanskje over gjennomsnittet kaotisk i følelsane mine. Nettopp fordi eg er ein skorpion.
'Ein skorpion er hardast mot seg sjølv. Dei må utforske sine djubder, kjenne seg sjølv, oppleve eksistensen sin essens- og blir like vel ikkje fornøgd. Dei søker etter å rive ned alle grensene mellom 'sjølvet' og 'universet'
Eg ler inn i meg sjølv av dei beskrivingane! For eg kjenner meg igjen på ein prikk. Streben etter å bli "noko". Korleis kan døgnet ha plass og energi til alle dei "Må'a" som trene, jobbe og tjene mykje pengar, vere sosial, lese mange fine og intellektuelle bøker, ta bilder, male kunst osv osv. Lista er motlaus lang! Men ein stad må ein starte.
Eg lærer sakte og sikkert at ein ikkje kan gape over alle dei på same tid. Ein må nøste opp måla ein har som eit garn. Starte i ein ende, og jobbe steg for steg innover mot kjerna. Min kjære har lært meg at eg ikkje må vere for utolmodig i livet. Men at så lenge eg har lyst og mot til å gjere alt eg vil utrette- så kjem eg til å nå dei; ikkje i dag eller i måra, men etterkvart.
Det viktigaste av alt; Ikkje gløym å leve på vegen mot det målet.
3 kommentarer:
Av og til er det faktisk nettopp det som er perfekt; å ligge under pelspleddet på ein kald og grå haustdag:)
Ja, veit du ka- det e faktisk sant! :) Ingenting kan gå gale liksom, om ein ligg under eit godt varmt pledd:)
Legg inn en kommentar