tysdag, oktober 12, 2010

Våkn opp!

I går, på veg til jobb vart eg søren meg overfalt av fem gamle damer, med store runde briller, kvitt hår og ekkelt smil rundt munnen. -Ja, for eg synast dei rett og slett er ekle. Dei gamle damene og menna som går rundt med "Våkn opp!"- blada som blir utgjeven av jehovas vitner.

For det fyrste; kven i alle dagar er dei, som trur at andre mennesker synst det er kjekt å bli prakka på religion? Går der som fromme jomfruelege lys utsendt av Gud for å vende om alle som lever i "synd" dvs. alle som ikkje leve som dei sjølve. Eg mislikar sterkt måten dei nærmar seg uvitande folk på gata. Held bladet tett inn til magen, og idét ein person nærmar seg så pressar dei nesten det forbanna bladet opp i andletet. Ser ut som hjernevaska små opptrekksdukker! 

For det andre er tittelen til bladet svært provoserande. "Våkn opp!". Våkne opp av kva? Trur dei deira levemåte er den einaste rette vegen?

Eg trur og håpar der finnast meir mellom himmel og jord enn kva vi mennesker anar. Så eg kan vel kalle meg religiøs på ein eller anna måte. Men eg trur ikkje på ein religion som er fordømmande, som seier kva som er rett og gale- eller som grensar til det pietistiske. Det må vere opp til kvar enkelt sjel å bestemme kva som er til det beste for ein.

Om der finnast ein Gud, så er det i tilfelle ein god Gud. Ein som tenker at så lenge personen har det godt så er det ikkje så viktig om han leve på det rette viset. Anten det gjeld å ta seg ein fest i ny og ne, være samboer eller ha sex før ekteskapet.


Gamle ekle rotter på gata, eg synst jammen det er på tide at dokke vaknar opp!

2 kommentarer:

Mari sa...

Enig! Man må vel kunne få gå i fred på gata!? Og det verste e når dei ringe på husa til folk og latar som dei kjenner deg før dei seie kem dei e. Greit at folk er religiøse og alt ditta der, men det er valgfritt og eg syns det er heilt idiotisk å skulle tvinge det på andre!

hmfr!! Føle eg kunne skrevet mykje om ditta emnet, men skal gje meg no)

jeanette_s sa...

ja, eg blir so provosert at eg aldri seie verken nei, eller noko anna til dei. Berre rista på haudet, ser surt på dei og går vidare.

Makan!!