måndag, januar 22, 2007

Drops frå mitt liv,

Synna sin 22 års dag!!

Kikki og Trine gjev Synna ein klem akkurat kl. 00.00 Prikkejentene kikki, netti og hetti.
Synna dagen derpå. Har ein busrdag, so har ein bursdag!;)

Klatring på Fanetoft!

Min nye yndlingshobby! Eg ska bli ei klatremus....


Klar til dyst.
Høgt ned?

Martine og Britt besøk!

Klatring igjen......

Trine og sprekkferdig;) kotsasi på Logehaven.
Thore på Opra.
Kaffidrikking med John erik.
Martine e definitivt ein unge som ikkje e lett å ta bilete av......
Sokkar Martine fekk av "oldemor" Kåra:) Mi besta!!!
Anders og Ane i eit lukkeleg augeblikk på Opra.
Forspel hjå oss. Trine og Cess leika.
Anders, Ane og Sebastian.
Hm... ikkje prøv dette heime.......
mmmmmmmmmmm...Chips....
Sambuarane, pluss ein ekstra.
Vi har raude sko!!!!!!
Gravidejenta på godt brød:)
Restar frå nyttårsafta
Vi e so gla i kvarandre atte....

Nyttårsafta!
Jeanette skålar det nye året velkommen!
Synnøve kabbar det nye året velkommen...hihih
Fine Marianne...:)
Fine Elin!
Tilbake til Bergen....snufs...
Jannike, camilla og Kirsti

Lurejenta...

Psykiatrisk pasient har rømt...
Jannike, Emil og Amund.
Bestevenna'n!!
Betstemora på nyttårsafta:)
Kartin og Geir Egil ved grava til bestefar nyttårsafta.
Grannjane:)
Pappa piska krem
Era føle seg litt aleine....
Karane slost!

Gammer'n prøva ut mobilen

torsdag, januar 18, 2007


Eg ve stå på skia mine!!!!!!!!!


Kor i alle daga e all snøven blitt av???

Eg har lyst å prøve dei nye skibrillene, skibuksa, hua og skihanskane mine.

Eg har lyst å få følelsen av at det e påske, at slevet frys fast i kjakane mine, medan sola sakte tinar det opp att. Eg har lyst å puste frostrøyk, kjenne knitringa av snøv under føtene mine.

Eg har lyst at alt ska vere reint og kvitt.

Eg har lyst å kjenne at legga og lår knapt kan halde seg oppreist grunna ein lang dag i bakken. Eg har lyst å komme inn i ei varm hytte, vrenge av seg dei våte kleda, ta på seg ullkle, pakke seg inn i eit teppe med ein kopp kakao i den eine handa og skjeve med brunost i den andre handa.

Kjære mann i himmelen. Gje oss berre litt snøv, vertfall sånn at ein får stå på ski jaffal to meter.

Amen
Spiderwoman!

I morgon ska eg vere spiderwoman.

Eg skal klatre på Fanetoft. Og ikkje for å skryte, men eg trur eg har anlegg til å klatre. Eg tenkte ta på meg latexdrakta mi, den med edderkoppnett på ryggen. Eg ser for meg at eg slenger meg frå vegg til vegg, frå det eine "henget" vanskligare enn det andre. Og det beste av alt. Eg treng ikkje sikkerheitstau.

For eg kan klare alt.

Stygt redd for at "dei vakre" i nygårdsgata 82a er sterkt inspirert av "Sex og singelliv" for tida. Vi slenge på oss dei raude pumpsa, flagrande designar gavantar, drikk cosmopolitan og martini til vi ligg vannrett på parketten, går i gatene som vi skulle eige dei og ikkje minst datar menn som anten er berømte eller som er spennande kunstnerspirar som har reist verden rundt til eksotiske dalstrøk ein kun har høyrt om i eventyrbøker....

På tide å komme ut av bobla no. Snart ferdig med sesong 6, disc 3.

Berre to att.

Grøss, gruar meg til "hangoveren".....

tysdag, januar 16, 2007

Bileter utan sensur.

Mange bileter vart tekne i helga av både fulle, nokon ikkje so fulle, rompedansen, tenning av sterneskot inne i stova, korsrygglås og andre festlige syslar........ Må berre få dei lasta inn på dataen. Trine tek på seg jobben håpar eg;)?

mvh jeanette

fredag, januar 12, 2007

Nytt år, nye moglegheitar!

Godt nyttår allje ihop!

Må berre beklage at bloggen min har vore "ute av drift" frå romjula til no, men nettet i aller innste Kjølsdalen har vore heller ustabilt kan ein seie.....Det samme kan ein vel seie om mobil dekninga. Jeanettte har hatt sin faste mobilplass i glaskarmen på rommet til Therese, der får eg til tider inn nokre meldingar, og er eg ekstra heldig... ja då får eg tom. sendt ei melding i ny og ne!! Lenge leve netcom!!!

Uansett er vi starta på eit nytt år. Og alle har vel sine formeiningar om kva sider ved seg sjølv ein skal forbetre, og kva sider ein helst bør "dysse" liltt ned:) Eg for min del har sjølvsagt ein del nyttårsforsetter... men av eiga erfaring, noko dokke lesarar óg sikkert har erfart, er det best å halde dissa nyttårsforsetta for seg sjølv:)

Uansett er det godt å komme tilbake til kvardagen, etter nesten to veke med slaraffelliv..... sjølv om det ikkje er til å stikke under ein stol at det var litt vemodig å reise heimaifrå.

Lukke til med det nye året godtfolk!!!

onsdag, desember 27, 2006

3. Juledag, og tida flyr.

Tida flyr alt for fort no når det e jul, og ein har det kjekt ilag med vennar og familie. Ein stressar frå det eine familieselskapet til det andre. 1. Juledag var det duka for den obligatoriske julebrunchen ilag med Erdal familien på pappa si side. Medan 2. juledag tok vi den tradisjonelle turen til Stryn, for å feire ilag med Tonning familien.

I begge høve er det heilt vanleg med høglytte diskusjonar, sta argumentasjon og betrevitande haldning....

I går kveld tok eg og systa turen til Eid ilag med ein skokk med kjølsdøle. Kjekt å sjå alle att!:) og ikkje minst kjekt å ta turen til Expeditionen og treffe att alle folka frå svunnen tid. Taxituren heim var eit kapittel for seg sjølv. Karaoken har gjort sitt til at i dag har ei sexy og rusten wiskey stemme...

Her er eit par bileter frå jula..








måndag, desember 25, 2006

From all of us, to all of you a very merry christmas!

Til alle mine trufaste lesara (Og dei som ikkje er fullt so trufaste):

God jul, og godt nyttår!

Kvart år kjem vel julafta like brått på, med ingen unntak i år. Mykje har skjedd på eit år, sjølv om det ikkje kjennast slik ut. Ein har gjort nye bekjentskap, fått nye sambuera, blitt kjærast, mista ein kjærast, fått ny jobb, vore sint, vore veldig gla, vore veldig trist.

Ein har ledd så ein har fått gangsperre dagen etter, blitt kjefta på, vore tankefull, malt nye bilder og nye minner. Vi har snart utvida venneflokken (Beibi Menes), medan nokre er blitt til englar som kikkar ned til oss på jorda...

Eg har reist mage mil i buss. Ete mi kvote med fajitas. Savna heimbygda når bylivet blir for voldsomt. Sett nye stadar, høyrt ny musikk. Tenkt tanken saman med gode venner at "denne stunda vil vi aldri gløyme". Trøsta venner som har hatt det vondt. Eg har sove i telt. Blitt kjend med livsnyterar som er brun i huda....Blitt sommarbrun i huda sjølv. Fått mjuk sand mellom tær....

Alle valørane av eit liv vil vel før eller seinare dukke opp på eit år. Godt er det. Ein klok mann har lært med at ein ikkje kan oppleve lykker før ein har kjend på korleis det er å ha det vondt.

Det stemmer på ein prikk.

Forsatt god jul og ha eit fantastisk godt nyttår!... Bilder kjem som perler på ei snor etterkvart....:)

søndag, desember 24, 2006

Glimt frå dagen før dagen.


Bestemor Kåra glad og fornøgd etter at huset er klappet og klart til jul.
Bestemor sitt juletred. Vakkert pynta av meg;)
Nesten i hamn.
Era får den store gleda av å ha på seg julepynt..... Berre
vent, tenkjer bestemor...
Vakker julekule......
Bestemor har ei lita kyrkje med lys i ved sidan av juletredet. Den spelar "glade jul" dersom ein trekkjer ho opp. Kan til tider gå ein på nervane....
Era har fått på seg julepynten bestemor so lurt pønska ut....hohoho....
Katrin utanfor julehuset Sundal. Klar til å vende snuten bort til bestemor.
Hardt å vere gammal nisserfar på lisjejulafta.

To nissar tek seg ei velfjortjent matpause

torsdag, desember 21, 2006


Driving home for christmast!

No er eg endeleg koma i hus. Og det heime i Kjølsdalen!!

For å ikkje snakke om blokken min, som er oppe å går igjen:) Ikkje veit eg kva som har skjedd, men kanskje den har fått sjokk, sidan det er ei studn sia eg har oppdatert den.
Det grunna i mykje jobbing no framfor jul. Det har vore kjekt, men travelt:)

Skal prøve å oppdatere bloggen med bilder og mykje tøv og fjas frå jula, sidan kjære mellomsystra vår er i Thailand for å feire jul. Vi saknar deg allereide!

So får du/dykk og ta ein liten del av jula her, sjølv om du ikkje er i samme landet.

Eg skal prøve å ta bilete av:
-julevasken
-pyntinga (med full oppdatering kor dei forskjellige tinga skal stå)
-hovmeisteren og grevinna
-kyrkjegåinga.... med fam. Sundal på fyrste benk (kjøpt og betalt:)
-etegilde
-etegilde
-etegilde
-etegilde
-oppakking av gåve
-ribbeeting
-rølpefesta
-m.m.

So følg med i neste episode.......alt kan skje!:)

torsdag, desember 07, 2006

Berre to veker att:)

No er det berre to veke at til eg ska vende snuten min heimover. Og eg kjenne på meg at det snart er jul. Ein av grunnene til dette, er at eg støtt og stadig har mamma på tlf. eller som sende melding...Eg får ta del i kva kakesortar ho har bakt, kva kakesortar ho kan tenke seg å bake, informasjon om kva dei innheld, og kva kakesortar eg kan tenke meg å ha av dei. Det viktigaste av alt; kakene kan frysast! Slik at dei ikkje vert forderva til vi kjem heim.

I tillegg har eg fått nøyaktig plan om kortid dei fjorskjellige romma skal vaskast, kva dynetrekk vi skal bruke, og at vi IKKJE skal pusse messingen i år, men VASKE den....(takk gud for meg og John!)

Samstundes får eg meldingar med systrene mine. Dei sender meg ønskeliste og korreksjonar på dei i hytt og pine... "Eg angrar meg.... eg ønsker..bla bla i stadenfor...".....jaja, tenkjer eg og ler ein ond latter. Eg har ikkje penga uansett til å kjøpe bla bla eller bla bla....

Ein ting eg lurer på midt opp i det heile....kor er det blitt av Jørn og pappa? Er det liksom ein dameting å feire jul? Eller er det berre fordi at mannfolka blir sure når dei må gå i butikkane å bruke pangar (...som eg og har fått ein tlf. om) noko som dei til vanleg ikkje likar? Eller kanskje ein kan lære litt av dei, at jula ikkje skal bli berre stress og mas, men ei tid der ein slappar av og tilbringe kvalitetstid ilag med familien. Noko som ein ellers gjer svært lite av når heile fam. er spredde for alle vindar. Men samstundes hadde det ikkje blitt den tradisjonsfylde jula om ikkje damene i huset hadde tatt i eit tak.....

Uansett, eg synst utrykket :
"som julekvelden på kjerringa....." er eit fortids og diskriminerande ordtak. Kanskje det heller burde skiftast til "som julekvelden på mannjen....."

tysdag, desember 05, 2006

Cortney&Curt

Foto: David Lachapelle
Beiteskifte...

Eg og Synna har endelig fått oss nytt korps!! Jippi jippi jippi!

Vi skal spele i 2. div. ilag med Flesland Musikklag! So då betyr det at vi skal kjempe i NM i same divisjon som Jølster Musikklag:)

Eg og Synna gledar oss som ungar!

måndag, desember 04, 2006

Den store kjærleikstesten.

So satt vi der då, eg ,Trine og Elin. Klare med kvar sin penn og papir. Vi svarte i beste evne, og det var svært så sjølvinnsikt vi plutseleg fekk.

Sa ein klart ifrå dersom partnaren skulka sine oppgåver?

Hadde den som tjente mest den viktigaste jobben?

Hadde ein nokon sinne vore flau over partneren sin?

Trivst ein med å være singel?

Eg vart svermaren, det vart Trine óg, medan Elin og Herman Friele hamna i same bås, forføraren.....

Sant skal seiast at eg prøvde dagen etter, då vurderte eg svara mine nøye og lenge. Og havna til slutt på "Drømmekvinnen".

laurdag, desember 02, 2006


Lysfest.




I dag er dagen for å tenne lys for håp, glede og kjærleik.
Kva er vel beire enn å tenne ein fakkel på festplassen, synge julesongar, ete mandarin og sjå på fyrverkeri? Det skal vertfall eg;)

torsdag, november 30, 2006





JIPPI!!!!


Jippijodlejuble!!!!!!!

Fuck of HF! Eg tek resten av dagen ffffffffffffffffrrrrrrrrrrriiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii!!!:)

onsdag, november 29, 2006

Snart....

I dag spratt eg opp av senga ti på sju, opplagd som ein fole!:).......For kva skjer i dag??.....jo, jeanette kjem eit steg nærare juleferien!!!!!!!!::))



jippijippijippijippijippijippijippi!!!!!! Då ska eg kose, doze and rocking around the christmast tree til Wenke Myres og Vikingarnas julekasett ete mandarin og marsipangris all night looong!!!!:)
Ulldott.

Hjerna mi kjennast ut som ein stor ulldott. Eg prøvar å komme fram til finurlege, elegante og godt gjennomtenkte setningar som eg kan brilliere med i oppgåva mi....men alt eg tenker på akkurat no er ingenting.

Eg skal ta ut ulldotten snart.....

måndag, november 27, 2006

Endeleg......


Endeleg har eg funne min sjelefrende. Ho heiter Marit, og er jorunalist i "Studvest"......

Her er eit utdrag frå det ho skriv....:

"Det er leggetid, en tid jeg har sett frem til siden vekkerklokken smertefullt bekreftet dagens begynnelse. Med sminkefritt tryne, frisk ånde og pysjamaskledd kropp spankulerer jeg tilfreds fra badet i retning soverommet. Blikket sveiper over stuen. Det er best å legge seg sist.Kun da kan jeg vere sikker på at alt ser plettfritt ut. En smule på komfyren er katastrofe og kan medføre støvsuging. Etter å ha stappet klippan-stoffet på plass, fløffet putene og kastet alle de utbrente stearinlysene og erstattet dem med nye, kan jeg endelig senke skuldrene og forsvinne inn på soverommet.

Jeg bretter sengeteppet og legger putene i riktig rekkefølge ned på gulvet. Riktig rekkefølge vil si at den puten som skal ligge innerst i putehaugen neste morgen, får plass på toppen. Fem puter har sin faste plass, både i, og utenfor sengen. Jeg er klar til å lukke øynene. I et siste krafttak løfter jeg armene for å slukke lyset på nattbordet til venstre for meg. Men så får jeg øye på den. Skapdøren. Den er åpen. Den jævelen. Hvem kan sove med en åpen skapdør?..........."



Det Store Norske Leksikon definerar tvangshandlingar som "Handlingar som individet gjer av ei ubetvingelig indre kraft, men utan rasjonell intensjon eller fornuftsmessig logikk"

onsdag, november 22, 2006

Mandarin.



Denne orange vesle djævelen her er rota til alt vondt.


Ja, eg veit det. og eg skammar meg.



Eg har ete mandarin so det helde......


I dag blir eg spandert på ein betre middag!mmmm..... kan ikkje vente:)

søndag, november 19, 2006

Pepparkakebyen og juleverkstad.




Kortid skal vi ha juleverkstad og besøke pepparkakebyen folkens?....
Det blir vertfall ikkje jul uten å ha tatt ein tur på galleriet.....
Kjølsdalen best i Nordfjord!
Jølster musikklag var som vanleg suverene i Sogn og Fjordane-meisterskapen for amatørkorps, men Kjølsdalen musikkorps sikra nok ein gong andreplassen
.

"Kjølsdalen musikklag har fleire andreplassar frå tidlegare, og korpset frå bygda lengst vest i Eid kommune har all grunn til å vere fornøgde med både innsats og plassering. Dei kan smykke seg med å vere best i Nordfjord, og dei var også einaste korpset utanom Jølster som fekk tresifra poengsum." Sitat: Sunnmørsposten.



Brass
1 Jølster Musikklag - 95 + 10 = 105 p
2 Kjølsdalen Musikklag - 91 + 9 = 100 p
3 Torskangerpoll Musikklag - 90 + 7 = 97 p
4 Fjordbrass Lavik - 88 + 8 = 96 p
5 Florø Hornmusikk - 86 + 8 = 94 p