onsdag, september 27, 2006
For ein fantastisk produktiv dag eg har hatt i dag! Stod opp kl. åtte for å lese. Deretter va eg på forelesning, hadde ein kjapp tur innom heime for so å gå på trening igjen. Gjekk litt trått me treninga i dag sia eg hadde infulensa i forrige veke, men berre vent, snart e eg i storform!:)
Og jammen det sitte eg ikkje på universitetet igjen... e eg flink eller e eg flink??
måndag, september 25, 2006



Under tre månedar att til jul!
No e det berre under tre mnd. att til jul, og eg gledar meg allereide! Då kan ein svinse seg i finestasen, ete mykje go mat, vere me familien, renne på akebrett, stå på ski.... og berre snuse inn den gode lufta av stemning og jul.
Laurdag då vi hadde forspel før vi vandra til Garage, ja då høyrte vi faktisk på Peter Ljøbakk, til Ole si store fortvilelse...(muligens derfor han vart so full og enda opp med å bli Conan....:)
Songen der han og Sissel syng duett minner meg og Synnøve veldig mykje om då vi satt å pakka inn julegåver, drakk gløgg og såg ut glaset der dei store snøflaka dala ned i Nykirkeallmenningen.... So ja, vi vart litt prega av ein go' melankoli.
Gleden te jul vart ikkje akkurat mindre då vi i går på kaffikompaniet fekk lukte på ein aldeles nydleg te, som lukta rett og slett jul....
Akk ja.....
torsdag, september 21, 2006
onsdag, september 20, 2006
I dag fekk eg verkeleg haust kjensla over meg. Det skjedde då eg satt i gostolen te han bestefar. ... Tanta mi hadde akkurat tatt med seg ein pose med haustmodna plomme frå Stryn, ute på kjøkenet dekka bestemor på bordet med te, skjeve og nylaga sylte, ute va det skumring og regne piska mot vindauget.
Idet eg skulle til å ete eine plomma kjende eg plutseleg att den gode gamle lukta av modna frukt og den skarpe friske lukta av haust....og då gjekk det plutsleg opp for meg. Det e haust.
tysdag, september 19, 2006
Nokon står mest sannsynleg ikkje for det dei har skreve, andre skulle kanskje ønske dei hadde skreve litt meir og spenstigare, medan andre angra sikkert på at dei vart med på hytta i det heile tatt;) Uansett, moro er det å lese hytteboka.
fredag, september 15, 2006
eg
og
synna
har
vore
veldig
kultivert
i
dag,
vi
va
på
ein
flott
flott
konsert
me
Krohnengen
brassband
i
grieghallen!:)
og
eg
fekk
høyre
ynglingssangen
min
riverdans:)
dessuten
skjedde
det
nåke
rart,
spaceknappen
på
dataen
funka
ikkje,
og
i
stad
når
vi
vaska
dusjkabinettet
som
har
stoooore
fine
rundinga
på
seg...
ja....
so
va
der
plutslig
ikkje
rundinga
på!!
dei
hadde
rett
og
slett
dette
av
i
vaskemaskina!....
Blir nuk meir måling i kveld. Har tom. sete oppe om natta for å måle. so ekje eg ein ekte bohem so veit ikkje eg. ..skal seiast at eg manglar pengar til raudvinen...
Kanskje eg legg ut bilder av bildene mine..
beire lykke neste gong Elin!
fredag, september 01, 2006

STONES IN TOWN!
I dag blir det sirkus i by'n. Lure litt på ka eg tenkte på, sidan eg ikkje skaffa meg bilettar før sommaren. Men men, gjort e gjort, og spist e spist. Eg får stå utanfor å høyre på dei istadenfor. Trur neppe svisketrynet har vansklegheitar med å la stemma si bere liiitt utanfor dei høge murane.....
Kven veit, kanskje gamlingane tek seg ein tur på Garage i kveld?
torsdag, august 31, 2006
Det vert halde innflyttingsfest til ære for Trine (og litt for meg og Synnøve) Laurdag 2. September i Nygårdsgata. Ta med noko å drikke godt humør, pass og prevensjon.
Alle er hjarteleg velkomne.
Mvh. Jeanette, Synnøve og nykommaren Trine.
Ps. Innflyttingsfesten vert avlyst dersom Trine ikkje har fått stipendet sitt. So "kjære" føkkings lånekassa, gje Trine lånet sitt.
tysdag, august 29, 2006

Trine flytta inn til meg og Synnøve i helga. Etter at flyttesjauen var vel overstått (Ein Stk. BMW fylt opp til randen)....var det duka for innflyttingsfesten eg var invitert på.Festen hadde muligens starta littegrann før, sidan vi entra festen med berre ei halv flaske raudvin(jeanette) og to øl(Trine).
Vår taximann køyrte oss til døra. Etter litt om og men, baksing i buskene osv. trippa vi netty og letty inn i den koslige stova til kjærestane.
Ikkje lenge etterpå vart drikkespelet leita fram. Og kva kan ein seie? Det tok vel litt av utover kvelden. Mykje gurgling vart det jaffal!!
Ein kjekk kveld, me kjekke folk, og ei perfekt avslutting vart det då vi avrunda kvelden med ein tur på Garage!
Ps. tastelås e nåkka dritt......
Foto: Sigrun Espe
torsdag, august 24, 2006

Trine snart i hus!
Snart flytte Trinemor og vaffelhjernet inn i vårt lune rede. Det ska bli so kjekt! Forløbig er ho komen med nokre kasser, lampe og ein stor bolle, som seinast Christian brukte i dag til å lage pannekake røre i....pannekakene skulle vere i "big size" men endte opp med å bli.. ja, brent utanpå og, kind of moisture inni.....mmmm.. nam nam.. pannekake.......(ps. svak varme e greit å bruke..)
Men ikkje sei nåke te Christian... eg sa te han at dei va... mmmmmmmmmmmmm....åsso smilte eg det finast eg kunne...
Det er IKKJE broren til Trine som er ovanfor, sjølv om det ser slik ut:)
fredag, juli 28, 2006

God sommarrr!!!
Vel, liten aktivitet her. For å seie det sånn, so e det beire å vere ute i fineveiret enn å vere datanerd.
Eg driv fortida på med mi andre veke på parfymeriet Eid.
Der driv eg sjappa heilt aleine, mens Ingrid Oselie har ferie. Det e kjempekjekt! Men kan gå litt trått når sola skinne og kundane mykje heller ve ligge på strande enn å handle hjå meg.
Ellers e heile fam. samla no. For å nemne nokre av aktivitetane vi har bedreve om t.d. festing på laurdagskveldane, grilling av scampi (mmmmm!!!), gått på fjellet, badmintonturniering med luren, sett på Cruiseskip i forskjelligt outfit.... Fin sommar so langt!... skulle berre ønske eg hadde litt fri innimyllja:)
torsdag, juli 13, 2006

E det muligt??
Det ser f... meg ut som om det e haust heime. På parfymeriet, der eg har jobba i dag hadde eg eit fæla strev me å late att døra som bles opp. Solbrille og kartonga flaug veggeimellom!
Ja, eg hadde bytta layout. Berre sånn at dokke ikkje trur at det har klikka for dokke. Men følte ikkje heilt den va meg. Gjorde det i eit forsøk på å rydde opp på bloggen min.... synst den ser svært så rotete ut! dessuten e ikkje det so fint å ha ei svarte triste side no når det e "sommar".....
Føle eg ikkje har so mykje energi te å skrive inn på bloggen. Kreaviteten spira ikkje akkurat når ein e i jobbemodus og veiret e heilt ræva! Har svært so lyst på ferie!! Men ska bli kjekt å jobbe på parfymeriet. Artig å prøve ut alt som e der. Kjeme til å sjå ut som ei oversminka hore i tre veke no... hahahahahah!! Dessuten e det VELDIG kjekt å få rabatta:) Hotellet bye bye, parfymeriet hallo hallo!!
Ps. Trine, huska du dei fantastiske bildene av deg og Cecilie i syden? På tide å legge dei ut no??...Kotti Potti, e leiligheta blitt fin?... Sambuaren! ka du gjer på?..... hm..... For gale når den einaste kommunikasjonen e gjennom ineternett!.. Vel, vi får ta det att med ein heidundrandes fest på Malakoff rockfestival!!!!!.. det ska bli soo kjekt!!!
Allje andre ha ein forsatt fortreffelig sommar!
søndag, juli 09, 2006
Eg tenkte eg skulle bli rik berømt og lage film.Då skulle dette vore avsluttningsscena på premiera. Publikum skulle bli elleville, og alle ønskte å gratulere meg med den STRÅLANDES innsatsen i filmen. Kven veit? kanskje eg tom. ville få Oscar for ei fabelaktig speling??- Deretter kunne eg menge meg me alle kjendisane, ete kanapéa, champagne og russiskkaviar!...det hadde vore nåke det!
I går va eg på fest i Kjølsdalen me alle dei gode gamle heltane. Jannike hadde forspel, deretter tok vi partybussen te Eid og Expiditonen. For det va virkelig ein "partybuss". Til alle sin fornøyelse var der karaokemaskin i bussen!... vi song med den røyst vi hadde... Sinatra hadde nuk snudd seg i grava idét vi skulle ta den høge tonen i "new york, new york"...
Eg hadde ei litt merkelig oppleving på Expiditionen. Då eg prøvde å trenge meg gjennom eine døra som leda oss inn til puben fekk eg ein alboge midt i fleisen "au!" ropte eg. Det va altso ei lita jente.. på ca. 19 år som hadde måkt til meg. Ho sa "unskyld unskyld" deretter lurte hon på kva eg heite. Eg sa eg heite jeanette. "Oja! Deg har eg sett mange gonga!" sa hon. "Du e veldig søt og sånn" forsatte ho med. "Eg trur du kunne fått kven du ville dersom du gjorde litt meir ut av deg sjølv"... greide hon å lirke ut av seg. Eg tende på alle plugga, og sa te fitta "ka i faen du meina med det?!"....., "nei.... vakje nåke vondt meint altso, men om du gjorde litt meir ut av deg sjølv kunne du fått kem du ve!" forsatte ho. "Du må prøve å vere litt meir utadvent".....hm, eg lurte på om hon kjende meg... men nei, det gjorde ho ikkje. Vel, eg gadd ikkje høyre på fitta lenger. So eg slengde nåken glose ut av meg og gjekk derifrå.
Resten av kvelden gjekk eg og lo for meg sjølv, litt sjokka over kva små drittjente prestera å seie. Greie ikkje heilt å tru at eg ikkje e utadvendt.. men men, so e eg vel det då... hahahahahahahaha.....
fredag, juli 07, 2006
onsdag, juli 05, 2006
torsdag, juni 29, 2006
No e sommaren endelig komen te Kjølsdalen! Eit teikn på det va at tante Jenny ba meg kaste gensaren då eg sa det va for varmt "du har no vel BH under!" sa ho. Alltid like dristige tante Jenny. Forresten va ho den med dristigast "splitt" i bestemor sin 86 års- dag, vertfall i følge Therese sine terningkastliste i "gjesteboka" som bestemor har ståande på bordet i stova.
Eg hadde størst utringing og kortast skjørt.
Signe frå Gloppen hadde dristigaste antrekk.
Bestemor hadde fått høgast terningkast for å vere mest glamorøs.
Geir Egil var den som maste mest (kan du tru det....).
Elise (då 4 år) fekk høgast terningkast for beste replikk: "kan du løfte meg opp for eg har so stort skjørt..."
torsdag, juni 22, 2006
Eg har prøvd å komme med gode argument for at vi ska behalde allje.....som bl.a. at vi kan gje dei vekk??... men som det trauste gardsmennesket bestemor e, so seie hon med ei streng miné "e du GAlen! vi skulle vel fostre opp alle dissa!"...... "dei e no so små allikevel at dei ikkje kjenne nåke"...( då det vert snakk om avlivning) Fy bestemor!! Då som e eit kristen og rettslegt menneske burde snakke sånn!
Sånn blir ein ette 100 år som gardskjerring. Kald, umenneskleg og ALT for rasjonellt tenkande når det gjeld oppforsting av små kattedyr som eigentlig ikkje gjer nåke nytte for seg...
onsdag, juni 21, 2006
No har eg betrakta kledene opp og ned i mente. Det vise seg at nåken av dei ikkje e so vest allikevel.
Katten te bestemor har fått rie. Eg har kokt opp varmt vatten, og har reine kluta klar.... (veit ikkje heilt ka ein ska bruke det te, men dei gjer alltid det på film)
Vi har foreslått akupunktur som eit hjelpemiddel; slik som Marta louise hadde. Vi har diverre ikkje skikkelige nåler, men håpe at bestemor sine strikkepinnar duge. Har haurt ifrå dei konglege kretsar at rosenterapi skal hjelpe óg, men rosene i hagen til bestemor har ikkje "språtte" ut endå.
Uansett ligg katta fint på skinnfellen oppi stolen te han bestefar. Hm... kan tenke meg bestefar grmmast opp i himmelen over at "den fordøøømmmte katta" ligge opp i stolen hass for å føde. Mest trulig hadde han kasta tøffelen sin på den, før han hadde kome med nåken svært så saftige gloser som både hadde hatt bokstaven F..i.......osv. og H....e.....osv i seg!:) Bestefar, berre slapp av! Bestemor har lovd at hon ska vaske skinnfellen godt ettepå. Kanskje vi t.o.m kalla eine kattungen opp etter hon "Perneeele" i bakkjen??



I dag hadde eg gleda meg til å hente pakken frå Hennes og Mauritz som låg å venta på meg hjå nærbutikken. Gla og fornøgd opna eg pakken då eg kom heim..... Eit skår i gleden; kledene som i katalogen såg so fantastisk fine ut, var slett ikkje so fantastisk fine då eg tok dei på meg....dei mangla rett og slett form, og fargen på den fine lakserosa blusen... ja, ka ska eg seie...rosa fargen samsvarte ikkje akkurat med den som var på nettkatalogen....eg e djupt skuffa og vonbroten.....Hennes og Mauritz sucks!!!!... (vertfall når ein bestille..)
tysdag, juni 20, 2006
I dag har eg hatt fri. Ein fortreffelig dag om eg skal seie det sjølv!Ikkje berre at eg har hatt fri, men den har óg vore ganske so produktiv- og ikkje minst, eg har fått ete kake!
Elin, Beate og meg har vore på Eid i dag. Vi har kopiert ting og tang, henta skattekort, handla matvare te bestemor, besøk Bente i "gamlebanken" (turistkontoret på Eid), og dukke kaffi på "Didriks".. ein koslig kafe som ligg midt i Eid sentrum.
Då eg kom heim besøkte eg bestemor, noko eg gjer kvar dag, det nye i dag var at katten hadde spydd på teppe... ikkje veit eg, kanskje det va morgenkvalmen??.. vertfall låg både eg og bestemor på alle fire for å vaske teppet reint. Eg har til og med raka ihop nåke gras. Deretter fekk eg ete bestemor sin VELdig gode lapskaus.
Neida, dagen tok ikkje slutt der. Elin og eg tok oss ei runde rundt Kjølsdalen... vi jogga so fint og snertent i tightsen! Etter utskeiinga av sportslege aktivitetar var det duka for kakeeting med ein riktig so god kaffitår attåt...mmmm...... skulle ha ete kake kvar dag!
Deretter satte vi oss ned med eit gamalt fotoalbum.... vi va vel ca. 16-17 år... og vi såg vellllldig morosame ut. Alle hadde kort rett av hår, med midtskill. Jannike såg ut som ein gut, eg va bleik som eit spøkelse, og Elin hadde dei "finaste" kledene i Kjølsdalen. Det va tider det. Ikkje minst kunne vi drikke oss full på ei "Hootch" eller ka det vart kalla....hangande rundt alle dei lokale heltane på flakedans i kjølsdalen, hyttetura med folk ein knapt huska kven er lenger, og det var ikkje minst veldig poppis å gå med lusekofter i alle slags fargar....
Berre vent, om ti år sitte vi å ler av kor teite vi så ut i dag.....
måndag, juni 19, 2006

I måra, 20. Juni- 06 blir Lars Jonas 24!
For dei som ikkje veit det, e han ein av dei eg gjekk i klasse med på Høyanger vidaregåande skule, og som utan tvil gjorde året der minneverdig!
For dei som er på jakt.... Dette er utan tvil draumemannen med berre gode kvalitetar!
Håpe du får ein trivelig bursdag Larse'n :)!
søndag, juni 18, 2006

Ikkje akkurat sydenveir...
Kor e det blitt av sola? Har nåken fanga den?... Eller e det skyelaget som ligg over Nordfjord blitt permanent?
Må seie eg misunne austlandet litt..
Nei til meir styggeveir! ja til brunfarge på kroppen!
Oppsummering frå Kjølsalen:
- Flakedansen kost 150 kr.!! (Faktisk halva av ein Robbie bilett!)
- Katten til bestemor har forsatt ikkje fått unga.
- Blomstrane på marka har vokse 4 mm. på tre daga..
- Era spring ette fuglungane på marka.
- Eg har skreve meg i dei to bøkene som ligg på "Dua"
- Vi har kjøpt to pakka is på Lidel.
- Mob. tlf. min e død.
- Vi har fått ein ny støvkost på hotellet. Ser nesten ut som ei duskedame der eg svinsar med svansen....
Ps. eg kjeda meg litt.....
Kommentar til biletet:
Gla e eg og for at tida går, og at folk farandra seg... hahahahahahahahahahaha!!!!!................
torsdag, juni 15, 2006
No skal eg ikkje fortelje om skitne lugubre hotellrom.
Fem ting eg gleda meg til i sommar:
- Flakedans.
- Slikke sol på Refviksanden (og grilling).
- Til systre, slekt, venna og kjæreste kjem på besøk.
- Malakoff rockfestival.
- Danse rundt i lett sommarkjole.
Fem ting eg har lyst å ete i sommar:
- Is, is, is og is.
- Grill mat, gjerne fisk og kylling med masse stæsj!
- Pastasalat.
- Tortilla og guaqemole.
- Melon og jordbær.
Fem ting som er eit must om sommaren:
- bikini.
- Solseng.
- Flippfloppa.
- solbrille.
- Flagrekjole.
Eg har fleire femtingpåmiliste.... men det ska eg komme tebake til i måra:)... no e det natt, og eg ska legge meg.
tysdag, juni 13, 2006

Pusen te bestemor e blitt ei dundre. Det e vel like før hon nedkjem med kanskje femlinga eller sekslinga. Etter størrelsen å bedømme blir det nuk nåke sånnt ja...
Problemet e berre at katten har for "vane" å gjøyme seg vekk før den får unga. So dukka den plutselig oppatt etter nåken veke, med ein skokk med ungar som e so livredde at ein skulle tru dei hadde sett sjølvaste Jon Bolstad. Ditta lika ikkje bestemor. So no har hon eit prosjekt på gong. Bestemor har laga ei kasse meg eit teppe i, so ho so fint har plassert under stovebordet. Der e det meininga at katta ska føde dissa ungane sine. Ikkje nuk med det. Katten får ei heller gå ut lenger- "Den får jammen det holde seg inne til ho har fått kattongane" seie bestemor.
Hon ekje so dom hon bestemor. No venta vi alle i spenning......
måndag, juni 12, 2006

Fyrste dag på jobb...
Jaja, då va eg i gong. Kom heim frå Bergen i går, og i dag hadde eg min fyrste dag på jobb. Hotellet såg ut akkurat sånn eg huska det. Forsatt va det like travelt. Og forsatt vart eg like lei på slutten av dagen som eg alltid har vore. Kjekt å sjå igen alle dei gode gamle! Nokon gamle var erstatta me nye. Kokka vart forundra over å sjå meg att. " ALDRI meir!" hadde eg visst sagt i fjor. Vi kom fram til at det har eg igrunnen sagt kvart einaste år. Vaktmeisteren meinte eg sikkert kom til å "gå igjen" på hotellet, då eg sa at det vart ikkje riktig sommar utan at eg har jobba på hotellet. Det kan jo godt hende.
Uansett. Kjølsdalen e avslappande... Veit liksom ikkje heilt ka eg ska ta meg til når eg e ferdig på jobb. Litt uvaneleg å ikkje ha mas og kjas rundt seg. Eg må på ein måte venne meg til att på nytt å ikkje kunne springe ut døra for å gå på rimien, ikkje kunne gå på cafe når eg måtte ønske det, og ikkje ha venna rundt meg til alle døgnets tider. Men på same tid veldig godt og befriandes!
I stad va eg ned på grava for å besøke og vatne min kjære bestefar. Der fekk eg litt av eit sjokk. Mamma hadde forbreida meg på det utan hell. På nedsida av kyrkja, der alle dei eldste gravene ligg, hadde dei faktisk tatt vekk alle gravsteinane. Området der det hadde stått minst 50 graver var no ein stor moldhaug. Grunnen til dette makabre "fritidssysselet" var at dei trengde å legge mold på toppen av all leira som var i dette området. Leira gjer nemmelig at rotningsprosessen tek mykje lenger tid. Og dette resultera i at når dei gamle gravene er "utgått" på dato, og der skal leggast nye oppat på der igjen, kan dei vere så uheldige å støte på likrestar.... usj...
Gravsteinane ska visst på plass att igjen, både oldemor og oldefar!godt e no det. Håpe berre dei har laga ei god skisse på kvar dei forskjellige låg hen..... blir litt trist om Olina Hatlegjerde plutselig skulle fått gravstøtta til Josefine Sundal.. osv....
onsdag, juni 07, 2006
Program - Malakoff 2006
Fredag 4. august:
Tim,The School,Serena Maneesh,Animal Alpha
Laurdag 5. august:
MagnetTurboneger,SilverThe Goo Men,Briskeby,Superfamily,Svelene,Bjørn Berge,The Vinyards,BOB,Rauma Rock/ØresusEggstock
No e det sommarferie for min del.Eg ser fram til lange daga på hotellet med min kjære venn "tvåga"(klut... til dei som ikkje skjønnar slikt språk...), busslaster med sleske spanjolar som ser på rompene til stuepikene...amerikanara med store kvite "basketsko" og mage i tilsvarande størrelse, franskmenn som nekta å prate engelsk, laken med bremsespor og div. andre kroppsvesker, menn som tydlegvis har for lang manndom-eller som trur dei har det.. sidan dei ikkje med kjangs i havet greier å treffe det fordømte holet som befinne seg på badet (les:do)....uff ja... gledene er mange på Nordfjord hotell....
Men det merkelige e at det ikkje blir sommar utan lukta av hotellkorridorar og mennesker frå fjerne land....som ein liten eksotisk oase midt i traustaste bondeland. Sjølv om det blir min 8. sommar på hotellet(!!!) ser eg faktisk fram til enda ein sommar med påklistra smil, og hyggelige utvekslande fraser til turistane...(ikkje spør meg om eg synst det samme på slutten av sommaren)
Det nye i år er at eg skal jobbe ei tre vekes periode på parfymeriet på Eid. Trur det kan bli eit kjærkomment avbrekk etter hektiske veker på hotellet!:)
No venta eg berre på at sola ska gjere sin ankomst...slik at vi kan nyte fridagane med bading og grilling på Refviksanden, turane opp på sætra, flakedansane og ikkje minst Malakoff Rockefestival...som utan tvil kjem til å bli eit stort høgdepunkt i sommar!
-og for dei som e i Jølsterområdet neste helg.....pass opp.....Kjølsdalen e laus.
måndag, juni 05, 2006
Ja, det stemme. Eg e blitt gal.
Oii... der mista eg Christian som kjærest... oi, der for jammen det Kotsasi óg! hihih.....
Eg ska brenne bøkene mine, trakke på dei, spytte store slimkyse på dei, legge dei ut på motorveien so dei blir overkjøyrd.... og til slutt danse seierdans rundt dei. Eg hata kunnskap.
søndag, juni 04, 2006
Kan du tenke deg følelsen av å endelig ha sommarferie, kasta bøkene bakerst i bokhylla, pakka med skulesekken... so vips...; so finn du plutselig at du har ein eksamen igjen... MUNNLEG!...
Satt so glad og fornøgd ein morgen, hadde fri, sola skein, fuglane kvitra og eg hadde kaffikoppen, med rykande fersk kaffi i handa... ting kunne ikkje bli beire.. Heilt til eg TILFELDIGVIS sjekka på "Mi side"(universitets side) at eg faktisk hadde ein eksamen igjen...jada.. eg skulle ha munnleg i det fage eg leverte heimeeksamen!!
So.. ette ein dag med "fri", va det berre å sette igong å lese att. Onsdag e visst ein fin dag for munnleg har eg haurt... ska tru om det stemme...

Legg ut eit bilete frå "gamle" daga. Blåtur med musikklaget 1999....
måndag, mai 29, 2006
Til dokke som trudde eg va begyndt å skrive korte innlegg.....der tok dokke feil:)!!!
Vil berre understreke at eg ikkje skreiv førre innlegg....
Men folkens... DET E SOMMARFERIE!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
I dag leverte eg bacheloroppgåva mi. Det va både ein lettelse og litt vemodig. lettetse fordi eg knapt har hatt eit normalt liv dei siste to vekene, skriving frå morgon te kveld, heim og ete ogso rett i seng! e det mulig å få eit kjedligare liv??? vemodig fordi det mest truleg e siste gongen eg har satt mine bein på min "kjære" skule...... tenk.. aldri meir ei pause i kantina, aldri meir do uten konstant mangel av dopapir... og aldri aldri meir........ åi... no gløymte eg ka eg skulle skrive... sånnt som skjer...
ENDELIG
gratuler meg gjerne!! aaahhh..!!!
laurdag, mai 27, 2006
onsdag, mai 24, 2006
Versace og Medusa
I går leverte eg 7 dagers eksamenen min, og eg kan fortelle deg at eg slett ikkje synst det har vore nåke fest desse dagane eg har sete inne å arbeida for harde livet. No har eg berre igjen ei.Tru det eller ei, i dag synst eg det har vore fantastisk moro å skrive!... Lure på om det e gleden over å kunne skifte til eit nytt emne igjen, eller om det faktisk er eit snev av akademisk intelligens som glimtar igjennom?????
Det kan faktisk hende seg at det e pga. at eg faktisk lika det emnet eg skriv om. Problemstillinga er: Designera og massemedia sin bruk av klassiske element- med spesiell utdjupning av Versaces sin bruk av Medusa og meanderbort.
Kan du tenke deg for ein fryd? eg har store bøke med kle frå Versace og eg får t.o.m. lov til å analysere reklamebileter der Madonna e frontfiguren!! jippi jippi! universitetet e so kjekt!:)
Kom til å tenke på ein ting. E litt gla for at vi ikkje har ein politistasjon i Kjølsdalen eg, for då hadde nuk både eg og ein del andre blitt putta sporenstreks på cella, både ein og to og femhundre gongar i løpet av vårt liv.
Eg og Jannike hadde nuk mest sannsynleg blitt drege inn p.g.a. dyreplageri; då vi i gamle dage hadde som hobby å kle på kattungane i dukkekle, springe rundt me dei opp i ei dukkevogn, og, uppss..... der låg dei visst i grøfta gitt.......arma og bein og gudane veit ka låg å sprella ned i grøfta...
Eller kanskje vi hadde blitt sperra inne for bigami??...Eller rettare sagt: dei bokmålssnakkande barbidukkene våre, som ALLTID hadde ein rik og berømt mann som jobba i Nordsjønen, 2 veke "på", og 4 veke "av". I dei fire vekene han va "av" hadde dei slyene te barbidukke alltid ein HAUG me elskara..... so kom mannen tebake, og dei vart ein kjærnefam. uten like igjen...
Hm... lure på om det forekjeme mykje misting- av- spedbarn-på-haudet i Kjølsdalen eg.....eit eller anna må det no vere vertfall....
Ps. Det e STOR forskjell på å skrive akademisk, og det å skrive på ein blogg. Berre nemne det.
tysdag, mai 23, 2006
-Kan ikkje huske at politiet i Kjølsdalen etterforska saka då eg vert fastbunde til ein container, eller då eg fekk ein stein midt i haudet etter at eg hadde krangla me søskenbarnet mitt Bjørn Tore, eller då systra mi putta meg opp i ein vask og skrudde på kokvarmt vatten, eller då eg datt ut av øvste hylla i kleskåpet og pådrog meg hjernerysteles, eller då eg slo hol i haudet og måtte sy UTEN bedøvelse- etter at eg og systra mi Therese hadde dansa ála "dirty dancing" då Patrick Swayze tok imot Jennifer Grey og holdt hon høgt opp i lufta*sukk*, eller då eg fekk ei gravstøtte over foten ette å ha balansert på den.......
onga no te dags.... tåle ikkje å få seg ein støyt....
søndag, mai 21, 2006
Korfor i alle daga blir alt so rasandes festlig når ein sitte å ska skrive oppgåve. Har gjort det i nåken dag no, og... eg ler av alt.....!!
t.o.m. teite ikkje morsomme spøka som eg ellers aldri ve ha ledd av.
Til alle som går på lykkepillen! Slutt å gå på det, start heller med å skrive ei SÆRS morosam eksamensoppgåve! då blir alt so mykje kjekkare!!!!:)
små gleder....
Uansett.... kjekt at Finland vann i Grand Prix i går! Kjekt at endelig nåken når til topps ved å gjere narr av heile konseptet, som faktisk e blitt ein parodi av parodien...:)
laurdag, mai 20, 2006

Jada, eg helde nedtellinga!
Blir snart galen av å sitte inne, vertfall i dag når det e laurdag, og eg har mest av alt lystå leike me alle vennane mine, fare på forspel, drikke øl og føle at eg e fri som fuglen!!!!
Men friheita smaka vel best ette at ein har arbeida litt for det...phu..
Ska tru om duene og måkene har paringstid no??
Dei bråka vertfallnåke so inni h...... om morgonane, kan ikkje dei vente te kvelden me å "hoppe te køys"? sånn som alle andre gjer.....
Uansett, so har eg tatt fri frå kveldenmed oppg. mi, trur eg vertfall....om eg ikkje får eit innfall av hysteri....
So då blir det nuk sofaen og litt nostalgisk tv-sjåing... :Grand prix!
Håpe egentlig at Christine Guldbrandsen ikkje får so mykje som eit einaste poeng. So kan dei sjølvgode oppblåsbare bergensarane få smake sin eigen medisin!: Dokke e ikkje verdensmestera i alt! Dokke trenge ikkje skrike høgare enn alle andre!Og, hallo??? Fisketorget dokka e jo berre ein flopp, med roten fisk som er helsefarleg og som det nesten går makk i! Dessuten, Herman Friele, han e eit kapittel for seg sjølv.....har han vore dame ein gong??eller er han berre så feminin,eller har hanrett og slett voreigjennom eit kjønnsskifte??
ken veit.... bergensara sjokkera ikkje meg lenger...
og,no kjeme alle bergensara eg kjenne til å bli sure på meg....men men... shit happends...
Ha ei TRIVELIG helg.......
fredag, mai 19, 2006

Når eg ser dissa bildene heimaifrå, so angra eg på at eg ikkje feira 17. mai heime!
Då hadde eg ikkje trengd å fryse, eller bruke paraply, ikkje minst hadde eg sluppe å krangle meg vei mellom aggressive bergensara med store "body shop" paraplyar.......
Då hadde alt berre vore sol og sommar, is, korpsmusikk, gull og grøne skogar..
Ska tru korfor eg har fått eit Kick av å skrive på bloggen min i det siste? Kan det vere pga. eg har heimeeksamen, og at ALT anna e mykje kjekkare enn å skrive på oppgåva???
LA DET BLI SOMMARFERIE!!!!!!


Midt inn i toget kan dokke sjå mamma som bære flagg, og pappa som går i solbrille og spela euphonium!:)

























