I lykke over å lese alle dei fantastiske artistane som kjem til Malakoff Rockfestival i år! Drøyme meg vekk i varme sommardagar, bare føter på gras, kald øl, deilig musikk, grilling og gode vennar. Akkurat slik eit perfekt minne skal vere. Minner er til for å huskast- og til for å lagast. Og i perfekte omgjevnadar slik som Malakoff gjev deg, så slår det sjeldan feil at nye gode minner blir laga som perler på ei snor.
Her er nokre av dei eg gledar meg ekstra til å sjå (Juhuuu!!):
Bob Hund, indierockeband frå Sverige. Kanskje det eg gleda meg mest til; Jaga Jazzist(!!!) Fantastisk elektronikapopjazz. Blir ei oppleving utan like! Ferskingen Lucy Swann. Original og magisk pop! My love; Sivert Høyem. Nydelig fløyelsmjuk stemme, eks vokalist i Madrugada. Ta med din kjære og klin til musikken. Då vil han/ho bli din for alltid. Bli sjarmert av Susanne Sundfør sin deilige røyst......
Og min store kjærleik; Thomas Dybdahl. Neil Young'ish. And i love it!
Og mange, mange fleire........Drops!
Sjekk ut linken HER: http://www.malakoffrockfestival.no
4 kommentarer:
Programmet var jo heilt sinnsjukt bra i år då!!!
Eg vil, hehe. Må berre selge ein Muse-billett først..:)
Malakoff e gode greier altså!
Kva er så forskjellen på "my love" og "min store kjæerleik" ??? Du har for mange menn, Netty..:p
Kva er så forskjellen på "my love" og "min store kjæerleik" ??? Du har for mange menn, Netty..:p
Haha, igrunn igen forskjell. Har våte draumar om begge to ;)
Legg inn en kommentar