
torsdag, april 08, 2010

torsdag, april 01, 2010
tysdag, mars 30, 2010
I lykke over å lese alle dei fantastiske artistane som kjem til Malakoff Rockfestival i år! Drøyme meg vekk i varme sommardagar, bare føter på gras, kald øl, deilig musikk, grilling og gode vennar. Akkurat slik eit perfekt minne skal vere. Minner er til for å huskast- og til for å lagast. Og i perfekte omgjevnadar slik som Malakoff gjev deg, så slår det sjeldan feil at nye gode minner blir laga som perler på ei snor.
Her er nokre av dei eg gledar meg ekstra til å sjå (Juhuuu!!):
Bob Hund, indierockeband frå Sverige.
Kanskje det eg gleda meg mest til; Jaga Jazzist(!!!) Fantastisk elektronikapopjazz. Blir ei oppleving utan like!
Ferskingen Lucy Swann. Original og magisk pop!
My love; Sivert Høyem. Nydelig fløyelsmjuk stemme, eks vokalist i Madrugada. Ta med din kjære og klin til musikken. Då vil han/ho bli din for alltid.
Bli sjarmert av Susanne Sundfør sin deilige røyst......
Og min store kjærleik; Thomas Dybdahl. Neil Young'ish. And i love it!
Og mange, mange fleire........Drops!
Sjekk ut linken HER: http://www.malakoffrockfestival.no
fredag, mars 26, 2010
torsdag, mars 25, 2010
Well i hope that i don't fall in love with you.
'Cause fall in love just makes me blue.
Well the music plays and you display,
your heart for me to see.
I had a beer and now i hear you
calling out for me.
Well i hope that i don't fall in love with you.
Tom, mannen i mitt liv som eg alltid kjem til å elske.
Kjenne på meg at eg bør gå ut for å få litt inspirasjon i dag. Litt smågroggy etter deilig jazzkonsert på Kvarteret i går. Og kva passa beire enn å få litt frisk luft under vingane? Driv å måla fire bileter- eller kanskje fem samtidig. Eigentlig ganske greit. For då slepp eg bli så lei av kvart enkelt bilete.
Skal legge ut foto av bileta om ikkje så lenge. Men fyrst: Ut å gå tur med kameraet.Har eg gløymt å seie at eg gledar meg til påske? Då skal eg heim å ete meg feit.
onsdag, mars 24, 2010
tysdag, mars 23, 2010
Ikkje lenge att til påska. Den gule høgtida vi alle venta på- berre fordi den innheld raude dagar. Gult og raud blir oransj. Og appelsiner er oransje- noko vi et mykje av i påska. For påska er den høgtida då appelsinene er best.
Berre ei lita anekdote, no før den gule høgtida.
Ps. Høgtida blir på tradisjonellt vis feira i vakre Kjølsdalen. På garden mellom dei steinete fjell og nutar.
søndag, mars 21, 2010
Nasa rynka seg, augebryna fell ned i augene- og spørsmålsteiknet surra rundt i hovudet. Då gjeld det å ha tolmod. Vente å sjå kva som skjer. Eg er ikkje spesiellt god på det. Vil helst alt alt skal skje i mitt tempo. Tydeligvis går ikkje det.I dag, søndag. Siste dagen av helga. Dagen etter laurdagen då eg hadde fri, sprang til Svartediken og var på innflyttingsfest. Innflyttingsfest med punsj, raud leppestift og sko med høge hela.
Søndagen har eg óg benytta til å helse på Svartediken. Deilig å springe ute i dag. Kjenne våren komme med eit friskt pust og vi kan på ny sjå bakken igjen her i Bergen.
I mellomtida venta eg.
torsdag, mars 18, 2010
Det er torsdag. Og alt eg vil er at det skal bli fredag. Grunnen er "uviss". onsdag, mars 17, 2010
Tights.

Aleine.Tunge regndråpar treff andletet. Mørket favnar kroppen idét joggeskoa treff vegen dekka av sørpe og morkna jord. I ei verd for seg sjølv saman med Bo Kaspers på øyret. Avhengig som ein narkoman.
Eg og vatnet spring side om side. Eg spring om kapp med det- men har ikkje sjangs på å nå det att. Det har allereide kome til enden før eg er der. Det er rart med vatten. Det kan sjå stille ut- men det ligg der som eit lunefullt djup i mørket. Etterliknar lysa og byen. Det etterliknar til og med meg.
Ein sleten kropp med raude kinn kjennast som lykke. Lykke som dampar av vatten mot glovarme hud. Dråpar som lagar elv av mascara. Svarte striper som er ein motpol til tårer av sorg.
Lungegårdsvatnet eg elskar deg.Du er mi oase av bygd- midt i ein hektisk by. Ein oase som eg har delt mine tankar med. Men dei er mellom meg og deg. Og du tystar ikkje.
tysdag, mars 16, 2010


Fekk deilig besøk av Sara og Tuva på butikken i dag. Tuva er snart tre mnd. gammal, og eg har enda ikkje fått meg til å besøke dei. Men endelig! I ein liten klomp på mamma sitt bryst låg ho og såg på meg med store vakre auger.måndag, mars 15, 2010
Det var ein gong eit lite frø. Som spira inn i magen og vart til ein liten bolle. Alle skulle trykke og klemme på bollen- og var svært nysgjerrig på kven som skjulte seg der inne. Alle visste det var ein vakker liten skatt. Men det var jo ikkje spesiellt lett å snakke med nurket når den var på innsida av verda.Nurket let vente på seg og kom ikkje ut før han ville det sjølv. Han likte seg alt for godt inn i mammaen sin mage. Éin dag etter at skapningen skulle melde sin ankomst såg lille Karl Elias dei store augene til mammaen og pappaen sin for fyrste gong. Og det var kjærleik ved fyrste augekast.
Det høyrer med til historia at mammaen og pappaen fekk den vesle vakre skapningen til odel og eige resten av livet sitt....
onsdag, mars 03, 2010
søndag, februar 28, 2010

Brått kom helga, og brått for helga. Og snart hamna vi jammen i mars, gitt. Kor har tida blitt av? Og har vi nytta den til fulle?
Som ein god godtepose av miks, så har helga vore like eins. Litt av alt. Bursdagsbesøk på fredagen. Jobbing, kjekt lag, jazzkonsert og ein liten tur ut på laurdagen. Og i dag- nyting av sol!
Som ein forskot på påska kom sola og varma andletet vårt i dag. Naut kvar solstråle utandørs på Verftet. Godt å endelig kunne sitte ute å drikke kaffi og ete mat utan at ein frys av seg forskjellige kroppsdelar. Folk smilte lo og hadde det godt i livet!
Tek på strieskjorta og et havrelefse. I morgon er det mandag, jobb og kvardag igjen. Men eg nektar at kvardag skal vere kjedelig. JA til at kvar dag skal vere ein fest!
PS. Ikkje gløym å 'klikk'!!
tysdag, februar 23, 2010



Bergen skin i dag. Og det gjer eg og, for eg har fått meg ein ny fin jobb på 'Tøy'. Ein nydlig butikk som ligg i Håkonsgate. Skal bli kjekt å jobbe med kle som 'Designer remix collection' og 'Stella Nova'.Vi elska nordisk design!Skal få jobbe akkurat perfekt mykje, sånn at eg og får satse 50/50 på kunsten. Skummelt, men det er det eg vil.
Tok med kameraet ut på tur i dag. Og fekk tatt nokon små knips av vennar, sol og fine ting. Vi er no komen i slutten av februar, og snøven har vendt tilbake etter nokre dagar med nesten vår. Tenke seg til at det ikkje har regna i Bergen på 68 daga. Og med det er det satt ny rekord!
Lenge leve rekorden.Flott.
Men no, vår. Ok?



















