



















Bob Hund, indierockeband frå Sverige.
Kanskje det eg gleda meg mest til; Jaga Jazzist(!!!) Fantastisk elektronikapopjazz. Blir ei oppleving utan like!
Ferskingen Lucy Swann. Original og magisk pop!
My love; Sivert Høyem. Nydelig fløyelsmjuk stemme, eks vokalist i Madrugada. Ta med din kjære og klin til musikken. Då vil han/ho bli din for alltid.
Bli sjarmert av Susanne Sundfør sin deilige røyst......
Og min store kjærleik; Thomas Dybdahl. Neil Young'ish. And i love it!
Og mange, mange fleire........Drops!
Sjekk ut linken HER: http://www.malakoffrockfestival.no
Well i hope that i don't fall in love with you.
'Cause fall in love just makes me blue.
Well the music plays and you display,
your heart for me to see.
I had a beer and now i hear you
calling out for me.
Well i hope that i don't fall in love with you.
Tom, mannen i mitt liv som eg alltid kjem til å elske.
Nasa rynka seg, augebryna fell ned i augene- og spørsmålsteiknet surra rundt i hovudet. Då gjeld det å ha tolmod. Vente å sjå kva som skjer. Eg er ikkje spesiellt god på det. Vil helst alt alt skal skje i mitt tempo. Tydeligvis går ikkje det.
Det er torsdag. Og alt eg vil er at det skal bli fredag. Grunnen er "uviss". Tights.

Aleine.Tunge regndråpar treff andletet. Mørket favnar kroppen idét joggeskoa treff vegen dekka av sørpe og morkna jord. I ei verd for seg sjølv saman med Bo Kaspers på øyret. Avhengig som ein narkoman.
Eg og vatnet spring side om side. Eg spring om kapp med det- men har ikkje sjangs på å nå det att. Det har allereide kome til enden før eg er der. Det er rart med vatten. Det kan sjå stille ut- men det ligg der som eit lunefullt djup i mørket. Etterliknar lysa og byen. Det etterliknar til og med meg.
Ein sleten kropp med raude kinn kjennast som lykke. Lykke som dampar av vatten mot glovarme hud. Dråpar som lagar elv av mascara. Svarte striper som er ein motpol til tårer av sorg.
Lungegårdsvatnet eg elskar deg.Du er mi oase av bygd- midt i ein hektisk by. Ein oase som eg har delt mine tankar med. Men dei er mellom meg og deg. Og du tystar ikkje.


Fekk deilig besøk av Sara og Tuva på butikken i dag. Tuva er snart tre mnd. gammal, og eg har enda ikkje fått meg til å besøke dei. Men endelig! I ein liten klomp på mamma sitt bryst låg ho og såg på meg med store vakre auger.
Det var ein gong eit lite frø. Som spira inn i magen og vart til ein liten bolle. Alle skulle trykke og klemme på bollen- og var svært nysgjerrig på kven som skjulte seg der inne. Alle visste det var ein vakker liten skatt. Men det var jo ikkje spesiellt lett å snakke med nurket når den var på innsida av verda.