søndag, september 26, 2010

Den raude gensaren 

Eg tok på meg den raude gensaren i dag. Den har eg kjøpt på fretex.
Den er mjuk, god og varmar på ein dag som denne. Ute har det vore haust. Ikkje av det dårlege slaget, men med knall blå himmel og sol som gjev andletet varme. Dei siste varmande strålane den greier å gje frå seg-før vintaren tek tak. Den skarpe lufta klarnar tankane etter ein hyggelig kveld med god mat og bobler i glaset. Fargane er ekstra metta. Eg tek fram boka mi. Nyt kaffien som varmar ned om bringa.

Det er derfor eg elskar haust.
                                                  

fredag, september 24, 2010

I Hope That I don't Fall In Love With You


Tom Waits

Ei periode i livet vart eg introdusert for Tom Waits si melankolske whiskey-stemme. Eg huska den kvelden som det skulle vere i går. Ein mørk og regnfull haustkveld- akkurat slik vi kjenner til hausten i Bergen. 

Det var ein laurdag midt i studietida, den gongen pannelugg ikkje var tenkt på, studielånet kom inn på konto den 15.kvar månad og vi flørta med gutane på lesesalen- for det var jo faktisk den einaste plassen vi var; på lesesalen og universitetet.

Eg huska vi satt i busskuret ved Galleriet, i forsøk på å få ly frå regnet og for å koke hovuda våre saman i å finne den "ultimate" plassen vi kunne gå ut på. Oppstasa i mitt gule fine og nye skjørt, med krølla hår og friske roser i kinnet kunne eg ikkje vente med å komme meg inn ein varm og lun plass.

Ingen utplass frista oss. Av den grunn at vi ikkje hadde råd til å starte kvelden for tidleg ute. Og i posen hadde vi Tuborg som venta på å slukke tørsten vår.

Omsider ringte vi ein kamerat av oss begge to, for å høyre om han kunne tenke seg å opne dørene for oss. Og det ville jo han sjølvsagt! Inne venta ein sofa, pledd som vi kveila oss inn i, eit lite hav av stearinlys og åpen ild frå peisen som knitra mjukt i hauststormen. Varmen sneik seg inn i kroppe etter ein god kopp med te og hyggelig samtale. Dei mjuke tonane som spelte i bakgrunnen lagde ei perfekt ramme på heile kvelden. Og då vart eg forelska.


Og gammal kjærleik seiast å ikkje ruste....

torsdag, september 23, 2010

Han der inne.


Eg har forsatt ikkje skreve om `han der inne´. Den fine lille skapningen som skal komme ut om ca. to måndar.
Augesteinen til Therese og Jens Marius, mamma og pappa sitt djupt etterlengta barnebarn, mitt, Katrin og Jørn sin tante-/onkelklomp- og sjølvsagt bestemor sitt oldebarn nr. 3!


Familien Sundal skal utvidast med ein liten babygut, som etterkvart skal vekse opp til å bli ein dugande Sundal/Andresen. Stor i kjeften, høglytt,blond med store blå auger og forhåpentlegvis ein sjarmør av det beste slaget!


Vi gleda oss alle til at minstemann skal komme ut og at vi kan bli kjendt med gullet på verkeleg- 24 år etter at familien sist hadde ein baby i huset; Dersom vi ser vekk ifrå dei tider då lubne kvalpepotar tassa rundt i huset...


Kan verke som at "racet" etter å bli den beste tanta eller onkelen allereide er i gong. Vi får no sjå kven som går av med sigeren. Kan nemne at min fyrste lille fine ting på å innynde meg er ein lys-blå vakker liten sak.


In your face Jørn og Katrin!

onsdag, september 22, 2010

Dørvakt.

I helga har eg vore dørvakt. Med tre par håpefulle auger som såg på meg, leande under ein paraply i regnet, tok eg fatt på oppgåva. Eg tok av meg pelsen- berre for å verke meir truverdig. Eg spurte folk fint etter bevis, og folk gav meg beviset opp i hendene. 

Eg kommenterte både frisyre og anna. Fleire sa at dei kanskje ikkje hadde vore spesiellt heldig med fotografiet akkurat den dagen. Dei unskylda seg og sa at det kanskje ikkje var deira "beste" periode i livet. Og det kunne eg seie meg einig i.

Då eg ville ta bevis av dei som gjekk ut døra frå utestaden mista eg truverdigheita mi.

Sånn endte den kvelden.

torsdag, september 09, 2010

Lukt av haust og bestemor.

Blomkålsuppe må vere min favoritt "rett" på hausten- og gjev meg deilige assosiasjonar til kalde og mørke haustkveldar. 

Har i skrivande stund laga deilig heimelaga blomkålsuppe til kvelds. Når eg stod på kjøkene å venta på at suppa skulle koke opp strauma dei gode minnene på. 

Minner om bestemødrene mine som laga blomkålsuppe til oss når kvelden kom sigande på. Bestemor i Stryn som laga blomkålsuppe og ønskte oss velkommen med eit vått kyss og spor av leppestift på runde barnekjaka. -Og bestemor heime i Kjølsdalen som lagde, og forsatt laga velsmakande suppe når kalde kroppar kjem inn for å ta kvelden.

Og eg elska dei kveldane ved kjøkenbordet. Når den klare mørke haustlufta blanda seg med deilig lukt av suppe i eit lunt kjøken. Og skrukkete gode hender som auser føde for hjartet opp i tallerkenen. Det er lykke det.

tysdag, september 07, 2010

V.I.P guiding.


Fredag på Garage møtte vi to spanjolar. To skvaldrande jenter over kvar sin irish coffe vart spurt til råds om kor dei ville gått dersom dei var turist i sin "eigen" by. Vi tok pennen fatt og kryssa ut både Fløyen, Verftet og Ulrikken- med andre ord dei største turistfellene som ein kvar utlending bør få med seg ved eit besøk av 'Noregs perle'.


Slurkane av drinken og kryssa på kartet vert fleire. Til slutt hadde turistane kartet fullt av fine og mindre fine stadar dei måtte innom før dei reiste vidare på si ferd rundt om i verda. Og ikkje uventa kom spørsmålet til slutt; "Heilt utan baktankar; kunne dokke tenkt å vise oss eit par plassar på t.d. søndag (vel, dei sa det vel meir på gebrokkent engelsk/spansk)"

"Jo, korfor ikkje?"- sa både meg og den andre skvaldrande jenta i kor. Så vi avtalte å møtast i sjølve kjerna av Bergen; den "blå" steinen klokka to på søndag.

Laurdagen sprang av garde med kyss klem og klapp av Krisine som var på besøk frå Bodø. Helsing på svenskane, eting av sushi og fanteri.


Laurdagsleiking hang godt igjen i kroppen då eg vakna. Og eg ville ikkje noko anna enn å pakke meg inn i pledd, ete chips og sjå dårlige seriar på tv. Men søndagen var vakker, og to jenter hadde lova spanjolane å syne dei rundt.Og slik vart det etter å ha gått eit par runder med seg sjølv- der 'nei, pokker- eg gidd ikkje' var det som stod høgast.

Spanjolane var lukkelege over at vi møtte opp der vi skulle. Og vi kjende oss som dei snildaste jentene i heile Noreg. Det var vertfall det turistane meinte.

Vel, dei fekk ikkje sjå så mykje som vi kanskje hadde håpa på. For dette folkeslaget tek livet med ro. Vi vandra i dei fine smuga mot Verftet, tok ein kopp kaffi der. Skreiv ned forskjellig norsk musikk dei måtte høyre på. Gav dei kjapp opplæring i grunnleggande norsk (det kulturelle, og det språklege). Vart både filma og tatt bileter av. Sang nokre få strofer av 'Ja, vi elsker' og sveipa innom Nordnesparken på vegen tilbake.


For ein "vanleg" nordmann ville turen kanskje berre tatt ein time og litt meir. Men vi brukte tre og litt til(!), og hadde ein frustrert mann med heimelaga mat som satt heime å venta på at fruene skulle komme tilbake ifrå guiding. Men for all del, turen og folka var kjempe hygglege. Og no venta vi i spenning på ein liten pakke ifrå Spania. "I will find something that reminds me of you!"


torsdag, september 02, 2010

Kristian Aadnevik for Nova.

Fantastiske kreasjonar kastar glans over butikkvindauget til Nova, i anledning Raff Design 2010.

fredag, august 27, 2010

Raff.


Er du i Bergen mellom 30. aug. og 4. sep. er Raff Design 2010 virkelig verdt å få med seg!
I ei heil veke kan "mannen/dama i gata" vandre rundt i Bergen sine gater for å sjå kva regionen sine kreative designere har skapt.


Raff er eit samarbeidsprosjekt mellom Raff design og Design region Bergen, kor det felles målet er å vise fram dei unike vestlandske designarane, både i Noreg og utanfor landet sine grenser. På sikt er målet å bidra til at endå fleire unge og kreative mennesker vel å satse på design-, tekstil- og motebransjen.


Seksten butikkar/utstillingslokaler har den glede av å presentere  eit knippe designera som til dømes; Moods of Norway, T-Michael, SVA-Magazine og Scandinavian Surface. Nova, butikken eg jobbar i er så heldige å ha mannen som har kledd opp både Rihanna, Beyonce og Britney til utstillar; Kristian Aadnevik. Bergensaren som knappe er kjend i sin eigen by, men som er stor i utlandet- og som har uttallige fashionshow bak seg i både London og Milano. Kristian har vore assisterande designer for Alexander Mcqueen, sjefsdesigner ved Harrods International collection osv osv. Merittlista er lang!


Ta turen innom Nova!  

onsdag, august 25, 2010

Inspiration by Tim Walker.

Eg har fått meg ein ny yndling. Blir gong på gong tatt pusten frå av dei utanomjordiske bileta til den britiske motefotografen Tim Walker. Eg har lyst å ete opp bildene. Så fine er dei.

Eg drøymer meg totalt vekk i dei fargerike og leikne bileta. Nydelig lys, fargar- og den surrealistiske twisten som ein prikk over i'en.

tysdag, august 24, 2010

Try this.
 Fann ei fantastisk god paioppskrift på nettet her ein dag. Synst den smakte heilt utmerka! Pai er verkeleg ikkje til å kimse med. Også så sunn!
 
Paiskall:
150 gram smør
3 dl hvetemel
3 ss kaldt vann

Fyll:
400 gram fersk spinat (evt kan frosset spinat benyttes)
1 rødløk
2 ss olivenolje
6-8 soltørkede tomater
100 gram fetaost
3 egg
3 dl melk
Salt og pepper
Frisk gressløk, hvis du har

Fremgangsmåte:
Smuldre sammen hvetemel og smøret (som er skjært opp i terninger). Tilsett vann og kna deigen sammen. Pakk den inn i plast og la den stå kaldt i minst en time. Trykk deigen ut i en paiform (ca 26 cm i diameter) og prikk bunnen med en gaffel. Forstek paiskallet på 200 grader i 5-10 minutter. Avkjøl.

Varm olivenoljen i en stekepanne og fres løk og spinat (som er renset og skylt) – til spinaten faller sammen. Ha blandingen over i paiskallet og tilsett oppkuttede tomater og fetaost. Pisk sammen egg, melk og krydder. Hell blandingen i paiskallet og stek paien på 200 grader i ca 30 minutter, eller til paien har stivnet.

Serveres med godt brød og salat.

Nova og Pukka.




Bergen har fått tilbake regnet. Studentar med eit sjenert blikk tråla gatene i håp om å gjere seg meir kjend med byen og sin nye heimby. Litt mindre pågåande og sjølvsikre på ein heilt vanleg kvardag- enn forrige veke då alkoholen og fadderveka gjorde dei rake i ryggen. Snart er uggsa, pelsen og dei store skjerfa bytta ut med goretex-sko, allveirsjakke og ryggsekk frå Bergans. Berre vent. Vi har havna i den samme fella alle i hop.


I skrivande stund, og filosofering over folka som hastar forbi i regnet med store paraplyar- drikk eg te og jobbar på Nova. Ein fin liten butikk i gågata, med kle ifrå Acne, Vienne Westwood, Whyred og Isabel Marant. Pluss mange andre flotte designera. Her kan du kjøpe nydelige kle, knallfine sko, te, luktelys og kunstbøker i ein stilrein varm atmosfære av kuskinnfelle på golvet, gamle fine møblar og lyse innbydande lokaler.


Har lagt mi elsk på eit par sko med kilhelar frå Gardenia. Eg eg kan ikkje slutte å tenke på dei. Så dei må nok desverre havne i mi skohylle om ikje så alt for lenge. Må berre beklage det altså.


Ha ein strålande dag folkens. Tenkte eg snart skal legge ut bilder av den fine nye leiligheta mi:)

torsdag, august 12, 2010

På leiting.

Nytta den solrike fridagen til leiting på fretex etter skattar. Fine skattar i deilige fargar. Eller blir det måling opp og ned i mente.

 

tysdag, august 10, 2010

Can't stop!

Krise i heimen.



Før eg legg meg. Eg skulle berre nyte ein lollipop-is. Eg var vel litt vel kjapp i kjeften då eg tok eit godt bet over den fristande isen. Det resulterte i at tunga mi satt bom fast. Prøvde fyrst å produsere litt meir varmt spytt; utan hell. Putta halve trynet og isen ned i eit vattenglas som stod på bordet ved sidan av meg, men innsåg at der ikkje var nok vatten til å få faenskapet av tunga mi. Hysteriet tok over, og eg sprang bort til springen, dusja varmt vatten over heile munnestellet- og isen løysna. Flaks. Litt kjipt å måtte stå med ein is hengande fast i leppa på butikken i morgon.......
Hundretusenting.

Kjennast det som. Eg har ein tendens til å rote meg vekk inn på nettet. Det er akkurat som ein stor skog full av spennande ting. Kvar gong eg ser ein nydelig blomst, eit snodig dyr eller ei sildrande elv må eg utforske det. Nesten som eg må springe frå plass til plass, berre for å ikkje gå glipp av ein einaste ting. Og slik er det når eg forvillar meg inn på bloggar, om alt ifrå mote, interiør eller foto. Sider der eg kan kjøpe fine skattar, og youtube med klipp etter klipp.

Huh. Den neste linken føre alltid til ein anna spennande link. og derifrå er der sjølvsagt ein anna link som anbefala ein ny link. Og slik er helvete i gong. Eigentleg blir eg berre så stressa at eg ikkje greier å lese teksten som står på sidene, men berre ser på bilda. Akkurat som ein unge som ikkje kan å lese. Men det er bra altså, for eg elskar å sjå på fine bilder. Bilder eg kan drøyme meg vekk i, og som eg kan få inspirasjon i gjennom.

Ein anna ting eg kjenner irriterar meg grenselaust er alle dei "Paris-Hilton-etterlikning-ha-ei-lita-rotte-under-armen-bloggane" som faktisk tjenar fett på det! Eg meinar, ærleg talt! Kor lite inspirerande og forbanna mainstream går det å vere? Sukk, akkurat no har eg så mykje på hjertet eg skulle ha sagt om desse bloggarane, at orda set seg rett og slett fast i hovudet mitt.

Eg må berre få det ut ein anna dag.


No går eg å legg meg.

måndag, august 09, 2010

August.

Kva skjedde? Plutselig var vi kome til august og oppdatering har vore minimal.Eg står på butikken og sel kle frå Filippa k. Fine deilige og tidlause plagg.

Rart å vere attende til byen mellom dei sju fjell, etter at eg har vore heime ein månad.Alt har litt større tempo i byen, og det er her dei vaksne pliktene mine er. Heime er eg berre "lisjesystra"- eller "lisjesnaldra" som ei av dei store snaldrene kallar meg.

Eg er midt i eit prosjekt. Utflytting og oppussing. Eg flytta ut ifrå mi fine leilighet, grunnna høg husleige. Men det bli minst like fint der eg skal flytte inn.No målar eg veggane i stova knall kvite og ein vegg skal få kontrastfargen blå/grøn. Dus fin farge.Ellers har leiligheta eigen altan, som eg tenkte skulle få mange fine plantar to kvite stolar og eit bord.

Blir nok eit par turar på fretex for å finne eit gammalt spisebord med fire stolar. Veit akkurat kva eg leitar etter. Eit gammalt i tred, med tilhøyrande stol med høg rygg.Trur dei skal få fargen kvit. Eller kanskje berre olje dei i ein mørk eikefarge.

Ha ein strålande dag!




torsdag, juli 29, 2010

Sommar anno 2010.

Skriv seg i rekka lik andre sommara. Endelig, etter månader med klaging fekk vi varme strålar på kroppen. Deilige lange sommardagar, med lukt av solkrem og bikiniskille.

Malakoff står sentralt i oppdateringa. Festivalsjefen hadde direktelinje opp til himmelen, og bestillte strålande veir. Noko vi fekk. Store band som Timbuktu, Bob Hund og Jaga Jazzist vitja scena midt i skogen. Og eg digga det. Men den som gjorde eit hogg i hjarte mitt var Egil Olsen. Med sin melankolske balsamstemme og tørr-vittige humor inn i mellom slaga. Han vil eg høyre meir ifrå! Og som han sa "I love Malakoff rockfestival. Malakoff. Malakoff. Malakoff!"

Ellers har Katrin hogd ned eit tred for mykje. Intensiv rydding i hagen. Hagesaks i den eine handa og sag i den andre. Midt i hagen, eller nærare sagt i den gamle sandkassa til min bror står der eit tred. Ei lerk. Vel, der stod eit tred. Familien blir utvida i november, og i den anledning ville det kanskje vere på sin plass at sandkassa fekk sin renessanse. Etter vel jobbing- ei lerk på bakken og seinare opphogd i passelege betar fekk vi alle eit stirrande og forbanna blikk frå pappa. Vi skulda på Jannike som var på besøk.

"E dokke klar over at Jørn planta dinnja lerka då han va liten gut?!!" Sa pappa. Altså, den stygge bustete og spinkle lerka som var vel to meter hadde vel kanskje grodd meir fast i hjartet til pappa, enn den hadde forankring i sandkassa. Vi hadde desverre ikkje nok lim til å lappe ihop den ynkelige lerka som låg fint ihop samla på plenen. Desverre er det vanskelig å bøte på skadene i slike tilfeller.

Måtte fred vere over lerka sitt minne.


søndag, juli 18, 2010

Postgirobygget - Idyll

Gamle minner....

Bonderomantikk av ypperste klasse.

Bonderomantikk kan lett bli ein klisjé synast eg. Men ut i dei seine nattetimar i går var det ein realitet.

Fekk storfint besøk frå "Davikja" i går. Og synte fram Kjølsdalen ifrå si beste side. Sjølv om regnet gjorde dalen våt.

Ut på kvelden kledde vi oss opp i våre finaste badestas og plaska opp i badestampen på 'hauane'. Himmelen var rosa, dalen vart farga i båltonar. Det kunne ikkje bli finare, sjølv om temperaturen ikkje var ei tropenatt å bekjenne. Kva gjor vel det når badestampen haldt 38-39 grader?

I godt lag, mange bein som slost om fotplass på botnen av stampen, vin og øl, vitjing av flaggermus og hjort koste vi oss utover dei seine nattetimar. I ei ramme av vakker natur og raud himmel- ved eit stabbur med torvtak.

Som Britt sa då ho kvilte haka på kanten av stampen og skula opp mot dalen "Ahh....Dette her er livet!"

fredag, juli 16, 2010

Bading under åpen himmel kan anbefalast på det varmaste. Spesiellt med eit slikt vakkert skue som Kjølsdalen.
Sommarbileter med komplikasjonar.

Eit knippe bileter frå "sommaren" so langt. Og med ny layout for anledninga, så har eg ikkje heilt fått satt meg inn i innstillingane enda.

Sommaren kjem og går her. Alle snakka om veiret. På båten oppover mot Måløy i går diskuterte vi veiret med tre forskjellige personar, opp og ned i mente. Greit nok det. For det er tydlegvis det folk bryr seg om.

Men skulle vi vere så heldige at sola dukka fram, så okka og stønna folk over kor varmt det er. Er virkelig mennesker, eller kanskje spesiellt nordmenn så vanskelige å tilfredstille? Blir vi aldri nøgd i eit av verdas beste stadar å bu?

Eg berre spør.

Synast nesten folk blir ufordragelege etterkvart. Kva med å sende alle "okkara og stønnara" til eit land med svolt, krig og veir som spenne seg ifrå total uttørring til flom? Ok, eg skal ikkje påstå eg har vore betre i det siste eg heller. Men har i det minste gleda meg over sola når den har barmhjerta seg med nokre strålar til oss.

Eg synst du skal komme fram igjen sol. Og vi skal glede oss stort over deg.

Melissa Horn - Lät du henne komma närmre

torsdag, juli 15, 2010

Love oh love.

No skal eg sommarblogge. Om lange dagar med sol, strand, kjærleik og jordbær med is. Menn i grøne t-skjorter med fint smil og doggfrisk kvitvin på altanen.

Eg skal tenke på den eine varme sommardagen og leve lenge på den. Dagen då taktfaste og muntre bein gjekk på fjellet i seks timar i steinkande sol. Sko som hadde størkna gjørme på seg, nakkar som vart lett solbrende og som lagde kvite strekar etter der smykket hadde sete på.

Aldri hadde varmt fotbad, kald kvitvin og deilig pizza smakt beire.

måndag, juli 05, 2010

Back to nature.

Yes, då var eg attende i heimbygda. Og har då på dei siste dagane ikkje fått med meg ein flakedans, men hyggeleg "laj" på Eid. Bestemor si blomkålsuppe. Handling på Eid med mamma- av til dømes måling til storproduksjon av bilder heime på garden. Siloståing, raking og storm.

Har akkurat fått rigga opp i "atliéet" mitt, som er på stabburet. Og er klar for at inspirasjonen skal dette ned i hovudet på meg. Mamma har då gått rundt å reklamert til alle på Eid i dag at; "Hon e sooo flinke å måle" at eg kjenne forventningane kvila tungt på mine skuldre. Men men. Greit å ha nokon som kan gjere litt pr for ein i ny og ne.

Endå venta eg spent på kortid den gule runde på himmelen skal dukke opp. I natt var det nesten som haust utanfor vindauga. Alle glasa i huset måtte latast igjen og treda utafor bøygde seg utrøysteleg mot stormen. Men no seie eg meg klar for at bikinien skal prøvast på.
Skal legge ut fantastiske bileter av bikinien i morgon. Badekle i "krépe"-stoff har fått sin renessanse. Mimra attende til ferskenfarga badedrakter som vart så fulle i vatten at dei rett og slett fekk hengeræv på heile greia. Då var det eit kunststykke å finne ein diskré måte å vri om badedrakta slik at alle ikkje kunne sjå rett i hekken.

Sommar, kjem du no. NO då? Ka med NOOO??!

laurdag, juli 03, 2010

Dagen sitt horoskop for skorpionen.

"Du nyt roen og freden fra ein tilbaketrukket posisjon. Familiemedlemmer er behaglige å vere sammen med"

Dagen sitt horoskop seier vel sitt?

onsdag, juni 30, 2010

It's not summer whithout a hat on the top of the head.



Eg har kjøpt meg hatt. Om eg er dame for min hatt veit eg ikkje, men forhåpentlegvis får eg testa det ut når sommaren har bestemt seg for å kome. Etter erfaring skulle eg vel strengt tatt kjøpt meg sydvest. Men eg tenkte å ose av positivitet.


Kom sol.

måndag, juni 28, 2010

Filippa K.




Då den andre butikken, 'Tøy', eg jobba i ved sidan av kunsten skal leggast ned- så har eg fått meg ny jobb på Filippa K!
Kjempe flott butikk som ligg i Håkonsgaten. Gleda meg stort til å sette i gong med jobben 1. august!

Før den tid har eg mine to siste vakter på'Tøy', noko som sjølvsagt er veldig trist. Då mista Bergen desverre enda ein nisjé butikk, som er litt meir spesiell, og sjølvsagt litt dyrare enn H&M, Cubus osv. Og eg ergrar meg litt over det- kan du seie. Deretter tek eg turen heim til Kjølsdalen for å jobbe med kunsten og hjelpe litt til heime i hus og på gard.

Blir kjekt å vere heime no kjenne eg. Har som sagt ikkje vore heime sidan påske- og no når "sommaren" er komen, så er Bergen heller ein kjedelig plass å vere. Mykje liv av alle turistane som er her, men folk reise anten heim til sine respektive heimstadar eller fartar rundt i verda.

Dessuten er det so flott veir i Bergen for tida. Torden og regn. Kjempe flott det!