tysdag, juni 19, 2007

Sommarfeber.....



Det e alltid kjekt å komme heimatt til sommaren:) Og eg gleda meg like mykje kvart år. Kjekt å sjå familie, venna og bekjende. Hund, katt og kyr.

Men det kan til tider vere litt ambivalent.

Allereide etter litt over ei veke kjenner eg at frustrasjonen sakte men sikkert breiar seg over kroppen. Frustrasjonen over følelsen av å ikkje bestemme over mi eiga tid..
For med det samme ein stig med foten innom barndomsheimen er ein ikkje lenger den store jenta som har budd vekke i seks år, og som er så vaksen at ho veit sitt eige beste, og kan gjere kva ho vil akkurat når ho vil.

Nei, då blir ein på ny minna over at foreldre trur dei framleis har like mykje dei skulle ha sagt. Prøvar ein å snike seg vekk nokre minutter, berre for å få ei lita pause fra familelivet, blir ein raskt oppdaga... For då skal ein t.d. ha kvalitetstid ilag med resten av fam., jage kyr, rake gras, eller "brynnje" kalva (for dei som ikkje veit tydninga: gje dei vatten).... Ikkje det at eg har nåke imot å hjelpe til eller ha kvalitetstid ilag med fam. Det er berre at kjem ikkje ein på sekundet får ein høyre det iallefall ein(to) time/timar etterpå.

Det samme gjeld når ein skal på fest. Dagen etter er det fullt referat til foreldre. Kven var der, kva gjorde vi på, og ikkje minst... om vi oppførte oss fint (noko som er særs viktig!)... Men... Det e no ikkje alltid vi oppføre oss like fint. Sånn e det og sånn blir det...Og sånn har det alltid vore (T.o.m. då våre foreldre va unge...sjølv om dei unnlete å fortelje det).

Derfor e det greit å bu med Trine og Synna. Vi gjer egentlig akkurat det vi vil, når vi vil. Om vi ve sitte oppe å drikke øl te kl. e 06.00, so gjer vi det. Om vi ve ete sjokolade ette at vi har pussa tennene og brukt tanntråd, so gjer vi det. Om vi ve kjøpe sko-par etter sko-par, so gjer vi det...uten å få høyre ifrå kvarandre " Har du kjøpt det enda eit nytt sko-par! Du har no sooo månge sko frå før av!!"... For sko, det får ein aldri nuk av. Nemmelig.


Som dokke forstår, så bære min frustrasjon preg over at foreldre tydlegvis ikkje ser på alt med samme auge som vi litt "barna" gjer.......


Huh... Berre å telle til ti og bite tenna ihop.
Forsatt ein og en halv mnd. igjen av sommaren.

måndag, juni 18, 2007


Sommartid.
På tide å so vidt komme i gong med å skrive på bloggen. Las at det siste innlegget var publisert 18. Mai. Eg bøyer meg i støvet, bite i det sure eple og kasta peppar bak mi venstre skulder. For her ska det skrivast!
Mykje har skjedd sidan påsketider. Då eg sist var ivrig med blogginga mi. Det er blitt sommar:) Sommar heime, hotellet og alle turistane, slåtten, pollen, is-eting og parfymeriet. Ei god blanding av mange forskjellige aktivitetar:)
Har starta sommaren litt på forskot i år. Var ein tur til Egypt for nokre veker sidan, så eg kan skryte av å ha ein fin gyllen farge som eg kan bygge vidare på i sommar:) Sjølv om visse gamle menn påstår eg ikkje har fått farge, sjølv om eg har vore i Egypt. Han skal passe seg han... Då kan eg vertfall skryte av å vere erke-arisk! Hah!
Ellers lovar eg å legge ut på nye kjekke bileter, sjølv om facebook (sikker på bloggen grøssar av å høyre det ordet) har fått sin del med bileter for i år....
So longe bloggen:) Kanskje vi sjåast i måra?