søndag, februar 28, 2010

O'herlige helg!




Brått kom helga, og brått for helga. Og snart hamna vi jammen i mars, gitt. Kor har tida blitt av? Og har vi nytta den til fulle?


Som ein god godtepose av miks, så har helga vore like eins. Litt av alt. Bursdagsbesøk på fredagen. Jobbing, kjekt lag, jazzkonsert og ein liten tur ut på laurdagen. Og i dag- nyting av sol!
Som ein forskot på påska kom sola og varma andletet vårt i dag. Naut kvar solstråle utandørs på Verftet. Godt å endelig kunne sitte ute å drikke kaffi og ete mat utan at ein frys av seg forskjellige kroppsdelar. Folk smilte lo og hadde det godt i livet!


Tek på strieskjorta og et havrelefse. I morgon er det mandag, jobb og kvardag igjen. Men eg nektar at kvardag skal vere kjedelig. JA til at kvar dag skal vere ein fest!

PS. Ikkje gløym å 'klikk'!!

Klikk.

Oppfordring til å klikke på reklama nedanfor innglegga mine. Det vil vere til stor hjelp. På forhand. Takk!

tysdag, februar 23, 2010

Fjasefin dag.



Bergen skin i dag. Og det gjer eg og, for eg har fått meg ein ny fin jobb på 'Tøy'. Ein nydlig butikk som ligg i Håkonsgate. Skal bli kjekt å jobbe med kle som 'Designer remix collection' og 'Stella Nova'.Vi elska nordisk design!Skal få jobbe akkurat perfekt mykje, sånn at eg og får satse 50/50 på kunsten. Skummelt, men det er det eg vil.

Tok med kameraet ut på tur i dag. Og fekk tatt nokon små knips av vennar, sol og fine ting. Vi er no komen i slutten av februar, og snøven har vendt tilbake etter nokre dagar med nesten vår. Tenke seg til at det ikkje har regna i Bergen på 68 daga. Og med det er det satt ny rekord!

Lenge leve rekorden.Flott.

Men no, vår. Ok?

måndag, februar 22, 2010

Absolut vintage

I'd rather spend my time close to the sky, than waste it wishing i had wings.

Vintage, tyder god gammaldags årgang. Blir ofte brukt i samband med vin. Vintage kle reiknast frå omkring 1920-1980.






søndag, februar 21, 2010

Glimt frå ein deilig aften!

Tek alt tilbake

Skulle ikkje ha nemnt veiret i mitt forrige innlegg. Våkna opp til snøv som dala ned i frå himmelen i dag. Og det skulle ikkje skje. No skulle våren komme, isen skulle smelte og sola skulle skinne frå skyfri himmel. Får håpe det er siste ladnind frå Gud.


Søndag er dagen for å pleie sofaen. Og sofaen pleiar meg. I godt lag med mykje god mat, og god drikke- så er ikkje det alltid like lett å vere helt om natta óg helt om dagen. Yngve opna sitt flotte hus for oss i går. Mona, Yngve og Marius diska opp med steik, ovnsbakte poteter, salat, salsa og kvitlauksrømme. Deilig! For ein fantastisk gjeng! Skulle hatt slike fine kveldar kvar helg.
Men då hadde dei gjerne ikkje blitt like spesielle.


No er det på tide å få ski på beina kjenne eg. Planen eg hadde forrige veke gjekk rett i vasken då eg fekk halsbetennelse. Men er no blitt frisk som ein fisk. Ny veke, nye moglegheitar og tid for å få opp att formen etter sjukeleiet!

Forsatt god søndag!

laurdag, februar 20, 2010

Med vår i lufta!




No kjem snart våren. I går, og forsåvidt i dag har det vore ein nydelig dag i Bergen. Fuglane kvitra og sola kika fram frå himmelen. Kjende ut som påske i går vi satt på Bocca for å ta ein kakao. Sola som varma i andletet, blide mennesker og solbriller vitnar om at lysare tider går oss i møte.


I dag blir det vin, peis og mat ilag med gode vennar på Hjellestad! Gleda med mykje til å treffe alle godfolka igjen!



Ha ei god helg godtfolk!

tysdag, februar 16, 2010

På utkikk i veven.


Alltid ute etter fine skattar i veven. Og kom nyleg over desse to vakre skapningane her på http://www.blafre.blogspot.com/ .
Salt og peppar? Eller sukker og salt. Kan kjøpast på Mique. Eit lite glimt av vår på kjøkenet........
Skremmande.

Eg har altid synst at mennesker uansett religion eller kultur bør ha fridom til å ytre sine meiningar, sett at det ikkje er krenkande eller truande for andre. Vart i sjokk over Mohyeldeen Mohammad sin apell til det muslimske folket under demonstrasjonen mot Dagbladet sine Mohammad-teikningar fredag. Der meinte han blant anna at homofile bør steinast og at eit nytt 11. september vil råke Noreg.

Det er viktig at Noreg viser at slike uttalingar får konsekvensar og er totalt uakseptabelt. Ikkje minst er det med større framandfrykt hjå dei som allereide ikkje har eit åpent sinn ovanfor andre etniske minoritetar.

Kva gjer ein feil? Skulle Noreg ha vore flinkare til å integrere våre nye landsmenn? Eller gjer Nordmenn det som skal til for å innlemme dei ny i samfunnet? Ein ting er sikkert. Ein må møtast på midten, og då hjelpe det ikkje bite handa av den som gjev deg mat. Eller sage av greina som ein sit på. Eg skjønnar at dei muslimske reagerar på Mohammed-teikningane. Og dei andre som ikkje har same religion bør lære at det er sjeldan lurt å kaste sprit på bålet til noko som står hjertet så nært.

Reaksjonen til dei ekstreme islamske opprørerane har no gått langt over streken. Måtte dette få konsekvensar!

laurdag, februar 13, 2010

Den vil eg ha, takk!


Fann ei fantastisk kåpe på nettet her om dagen. Ho som har den på seg har sydd den sjølv, desverre. Eller ikkje desverre. Men då blir det vanskelig å få tak i den. Eg elska kombinasjonen av den kraftige blåfargen opp mot leopardmønsteret, og 50-talls snitten den har. Knallfin!
Nydelig dag!

Vel, kan ikkje skryte på meg at formen er på topp. Men no er det faen meg nok. I dag har eg tenkt meg ut for å ta litt bilder av det nydelige veiret og byen i mitt hjarte. Så får heller mandla vere mandla.

Korfor i POKKER skal vi ha noko i kjeften som heite 'mandla' i det heile? For det fyrste er det ein nøttesort, og for det andre passa det beire å ha i grauten på julafta enn i halsen. Og dersom dei berre skal vere der og ta opp plass så hadde vel vi klart oss beire uten?

Gud, der gjorde du ein særs dårleg jobb. Treng eg nemne blindtarmen??

Ok, eg ser at eg er ein smule amper i dag. Men heldigvis blir ikkje eg den einaste ampre i Sigurdsgate 6 i dag. Får snart besøk av bulldogen Jabba. Og Jabba har nettopp fått erfart sin første mensen (Ja, Jabba er ei jente)
Så i dag kan det bli spennande å vere bulldogvakt!

fredag, februar 12, 2010

Blå fredag.

Det er fredag. Dagen for leik, god mat gjerne lit vin og moro. Eg sit inne for 3 dag på rad, med ein hals eg ikkje vil ha. Og med ein kropp som verke.Ibux og is har vore min gode venn i dag.


Kom igjen,no kan eg bli frisk snart. Sa brura.

onsdag, februar 10, 2010

Flesland Musikklag på tv!

Http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/606742

Fram til 04:10
Korps er kjekt, baby!


Konsert og speling på Logen saman med Eikanger og Bjørsvik Musikklag. Monica varmar opp. Oppkøyring til NM i Knarvik.Gamlegutta rocka. Hadde samanhengande latterkrampe i ein halvtime. Og eit leveår lenger å leve.Har du ikkje rockering, so skaff deg det. Eit partytriks utan like. Alle skal få!Finn dreg ut puppen.FLØTT deg Jeanette! Eg skal bli tatt bilde av no!Jasså, obsternasig og no??Endelig min tur til å rocke! Må berre skubbe vekk T.J. fyrst.Dobbelrocking!Finn likar vesten min. Som forøvrig gjekk på rundgang. Vel å merke hjå mannfolka (!?)Festen i gong!Fullt i leiligheta, då måtte vi ta senga i bruk. Litt av gjengen i god stemning! Eg hadde mykje jobb med å passe på at ikkje nokon av mine feminine eigendelar tok vegen til Brassnight. Gutt'a slost om å prøve tyllskjørt og smykke....(enda ein gong: !!???) Og då var Jan Banan i vesten! Var ikje mangel på folk akkurat....Øl og korps! Kan ikkje bli betre!MongisaElin og Sander.Skjønne Malin! Grieghallen i si vakre prakt! Stasleg køyretøy høyre med til NMSkøyergutt Fredrik!

Full sal for å høyre på svenska og Eikanger og Bjørsvik.Svenska til oppvarming! Happy Birgitta. Men dog litt sjuk.

Eg bøye meg i støvet, kysser tapeten og set kryss i taket over mi manglande oppdatering! Eg gjev meg sjølv sparken i blogging for tida, men tek meg sjølv inn att i varmen igjen etter å ha lova meg sjølv i å ta meg i nakken.

Livet har bestått av mykje leiking med kornetten i det siste. Nm er vel overstått- og etter å ha hatt stiv kuling på scena og nota som flagra er vi vel "fornøgde" med 6. plass av 13. i 2. divisjon. No kjennast det mest ut som om nokon har tatt lufta ut av ein ballong. Litt tomt å ikkje møte alle dei eg har møtt i nesten kvar dag to veker i strekk. Vi blir mest som ein stor familie.

No når eg kan senke skuldrane og konsentrere meg om dei kvardagslege tinga- så måtte eg sjølvsagt bli sjuk. Kanskje eg ikkje er akkurat vandt med å vere sånn "skikkelig" sjuk, men i går synst eg synd på meg sjølv. Låg som ein unge i fosterstilling og var nesten på gråten. Hadde trena kraftig med vekter dagen før- så ein kombinasjon av gongsperre, kaldsvetting, sår hud og sår hals vart ein fest! Ikkje akkurat den festen eg likar best. Med då kom Maria, min reddande engel, med mat til meg. Tusen takk svenska! Gid hon lenga lenga lenga leva må!

Ellers har eg mykje spennande på gong. Har sagt opp min gamle jobb. Vel, det er ei stund sidan no. Og har så vidt starta med å halde eigne hudpleiekurs gjennom Mary Kay. Eit fantastisk konsept som gjev deg moglegheita til å vere din eigen sjef, styre mi eiga tid og i tillegg få mykje tilbake alt etter kva du vel å legge i det. Ikkje akkurat butikkjobb-betalt. Uansett tek det si tid i å bygge opp sitt eige nettverk, så blir ikkje rik med det samme. Men er imponert over marknadsplanen til Mary Kay! Eller har det blitt ganske så mange bestillingar av bilete etterkvart! Og det er deilig! Deilig å faktisk kunne tjene pengar på det eg elska å drive med. Raudvin og måling ;)

Bergen har vore heldige med mykje fint veir i det siste. Og eg kjenner det gjer noko med både humør og sinn. Kjennast nesten ut som vår til tider. Hadde ein fantastisk tur på Fløyen søndagen etter NM. Turen opp dit var nesten ein leik med livet. Bana stoppa grunna teknisk feil. Kjende eg såg livet i revy då eg såg kor høgt ned det var. Ikkje minst i kombinasjon med fylleangst gjorde det til ei herleg auking i pulsen. På veg nedatt kasta vi oss ut i grøfta tett og ofte. Virka som om alle bergensarane hadde fått på seg ski, eller tatt med seg akebrett. Ein liten tass suste forbi meg. Eller dvs. Ho hadde ikkje sust forbi meg dersom eg ikkje hadde hoppa til sides. Då hadde eg vel nærare gjort ho flat. Eller kven veit. Kanskje eg hadde blitt flat- og hjerneskada?

Uansett, eg fekk blod på tann. Og no SKAL eg skaffe meg 'bortoverski' som eg kan ha her i Bergen. Har jo heime, men dei har seperasjonsangst i forhald til Kjølsdalen. Hadde planlagt ein nydeleg tur i går, men sidan sjukdomen gjorde sin inntreden, så måtte eg heller trene rompemusklane på sofaen. Formen er lettare beire i dag. Fekk servert det deiligaste måltidet av Mr. Fjongesen. Sushi i ny leilighet er ikkje feil!

No har eg skreve for mykje.