laurdag, november 27, 2010

Heime ein laurdag


Advent

Julestjerna oppe!
Lys i mørket

November er tung for sinnet. Ein månad midt i mellom som står på vent. Gleda over den fargesprakande hausten blir drukna i mørkt regn, og desember virka milevis langt ifrå.

Men no er den endelig her! Månaden som bugnar av mandariner, julebrus, adventsstjerner, barnsleg glede og kos.

Eg våga meg ein liten tur ut i den gjennomtrengande kulda i dag. Eg kunne ikkje gå glipp av 'lysfesten'!
Så stod vi der; meg, Reinert, Sol- og holdt rundt kvarandre for å halde varmen. Vi såg utover hundrevis av fakkellys, raude barnekinn som stemte i med 'O' jul med din glede'  og Odd Nordstoga på scena med gitaren. 

Då virka brått alt mykje lysare og stemninga vitna om at vi går ei god tid i møte! 

No heng julestjerna fint på plass i vindauget, stearinlys i krik og krå er tendt, og pleddet er knuga godt opp mot haka....

God laurdagskveld! 

fredag, november 26, 2010

Kjempeviseslåtten.

Flott! No har eg fått ein song på hjerna. Såg eit program på NRK i går om ekstremsport. Livsglade menn frå Sogn og Fjordane som ville selge eventyrlege opplevingar til turistar.


Eg kjende eg vart dregen inn i adrenalin-kicket deira då dei segla over Folgefonna med fallskjerm. I bakgrunnen spelte dei eit stykke av Harald Sæverud; Kjempeviseslåtten. Og av ein eller anna grunn kunne eg ikkje sette fingeren på kva stykke det var. Men eg kjende at eg hadde eit slags forhald til den songen.


For dei som kjenner til dette stykket, så startar det i det små- og bygger seg opp til å bli heftig og mektig. Eit godt musikalsk eksempel på korleis ekstremsporten må kjennast ut. Avsluttinga tek pusten av ein kvar mann!

Ut av det 'blå' vart eg plutselig irritert på dei suggerande tonane. Men eg visste ikkje heilt kvifor. Og til meir eg fekk høyre av stykket, dess meir irritert vart eg.
Plutselig kom eg på det! Eg kjende ein gong ein mann som kunne akkurat dette stykket, og ja, ikkje så mange andre stykker på piano. Hadde pianospelinga vore ei plate, så hadde det garantert vore hol på akkurat dette sporet! :)


Eg måtte le litt for meg sjølv. 

Ikkje rart musikk blir brukt til å få demente til å hugse livet sine små blackout.

tysdag, november 23, 2010

Oslo.

Eg vakna og tørka søvnen ut av augene. Andletet hadde avtrykk etter mønsteret i puta, og eg var fuktig på kjaken etter å ha sove med munnen open. Puta hadde ein våt stor flekk eg ikkje ville vedkjenne meg.  

Stemninga i lugaren var roleg i den monotone duren av toget si stigning over fjellt. Dei fleste sov, men nokre få hadde ei bok dei satt fordjupa med nasa i. 
                            Phu. 
Ingen hadde sett at eg diskrét tørka den fuktige randa i munnviken. 
Ved sidan av meg satt han med sixpencen. Eg smile for meg sjølv der han satt med munnen open og hatten trekt godt nedom augene. Eg tok han på nasa, men han reagerte ikkje.

Ute durte den mørke kvelden forbi. Lysa i dei lune stovene, snøven som virvla idé toget rasa gjennom landskapet og hutrande mennesker på perrongen lagde ei kribling i magen. Eg renska meg ei mandarin og kvinte inn i meg av ei barnsleg glede; snart JUL!

Eg såg på minnene som hadde festa seg i kameraet. Therese og Jens Marius som smila stolt mot sin fyrstefødde; Marius- den finaste eg har sett på lenge! Han som allereide etter berre litt over to veke ut i verda, såg ut som han skulle brekke seg av "jentelus" då eg kyssa han 'hade' på kjaken. Og som har stor runde auger som observerar når tante Katrin og tante Jeanette lagar rare grimaser til han. 

Jannike er óg inn i kameraet. Men av uviss grunn likar ho å vise fram handa si. Eg trur kanskje ho synast den er fotogen, der vi sit på Kaffibrenneriet og gjer narr av opererte damer med overdimensjonerte lepper og bryst. Frognerfruer lenge leve!


- Eg blar vidare i 'boksen' med minner.

Eit bilete er av meg og Sirianne på eit hotellrom, der vi pratar laust om livet kjærleiken og alt anna som måtte romme verda. To bileter seinare står eg i snakk med ein ukjend mann på ein bar. Mannen som fekk øla mi etter eg hadde tatt ein minislurk av den; Eg kom på at alkohol ikkje er bra for sinn og kropp. Han fekk den med eit raudt leppestiftmerke på og ei dose god moral. Eg var flink og vart henta tidleg av systra. Akkurat som i gamle dagar.

Eg tek eit augeblikk kvile frå bileta på skjermen. Etter eit raskt overblikk i lugaren kjennast det som om tida der inne har stått stille. 
-Kaffilukta pirrar nasa. 
Nokon har kjøpt seg ein kopp kaffi. Hovudet lar seg ikkje be to gongar. Eg hentar meg ein kopp frå resturantvogna og forsett mi ferd gjennom opplevingane på turen.


Med dunsten av nykverna kaffi dukkar Sol sitt blide ansikt opp. I ei stove omringa av tre andre fine vesen. 
Bileta syner eit samensurium av bulldog med for mykje hud i trynet, Mona i ekte husmorstil ståande over 'takka' for å lage nydelig frukost til dei to rare jentene som har komt på besøk, og Marius med kniv i handa- heilt dedikert til konstruksjonen av 'pepparkakelåvehuset'! 

Eg ler stille for meg sjølv.


Akk, for ein fin bukett av folk, tenke eg medan eg tok meg ein slurk kaffi. 

Eg let at augene og lar duren av toget dysse meg i søvn igjen, før neste stasjon er Bergen....

 

fredag, november 19, 2010

Marius

På besøk i Oslo og helsar på mitt nye tantebarn. Han har fem fingra på kvar hand, og fem tå på kvar fot. Alt er i skjønnaste orden og han er den finaste!

onsdag, november 17, 2010

Raud neglelakk.

Raud neglelakk og leppestift, pels, glamour og liten dæsj glitter gjer dagen litt beire. Kall meg gjerne litt overflatisk. Men sånn er det berre.
 
 

laurdag, november 13, 2010

Restitusjon.
Roleg avslappand helg. Kviler sinnet og kroppen frå kvardagen. Dei to søte fine stelte i stand forsinka bursdagsmiddag til meg i går,  og eg må seie at begge to er dei beste! Mannen og jenta hadde kjøpt inn nydelig sushi til meg. Sushi i alle variantar. Og til dessert fekk eg flytande sjokoladekake med is. Himmelsk!

På toppen av det heile fekk eg óg forsinka bursdagsgåver. For som sagt var eg i Stavanger då eg hadde bursdag. Av mannen fekk eg heile verda. Eller ein globus, som det og kallast. Elska lyset frå den. Og vart sittande å stirre på den utover kvelden. Og av jenta fekk eg eit nydelig bilde som ho sjølv har tatt av ein karusell i Italia. Det var som om det stod Jeanette på biletet- for dei som kjenner meg veit at eg ELSKAR slike gamle og nostalgiske karusellar. Eg er himla fornøgd med begge gåven! Dei passa perfekt til meg. Og innser at dei må kjenne meg ganske godt til no.....