laurdag, mars 31, 2007

Godbitar frå starten av påska;)

Ute på joggetur.

Det fasjonable konfirmasjonsbiletet til Katrin. Uforgløymeleg! hahahahahahaha......
Pappa fekk ein tomat i hovudet. Det fekk eg óg....
Silo.
Katrin.
Jeanette.

Therese.
Handletur på Eid. Katrin, Therese og Jens Marius.
Berre å rulle ut den raude løparen!
Mr. playboy har sett seg godt til rette i einstabel med mjøl....
My boobs are ok.
Jannike og Therese med meget flatterande briller.
Ein agurk til kvelds er som ein ......
My name is Bond, James Bond.
Era og papsen kosar seg på altanen.
Jørn har kjøpt seg ny bil.
Jørn and the dog.
Pus og bestemor.
Era i full firsprang.
Tvangskos.
Heimreisa!


No kjeme ein del bilete. Gidd neppe skrive so mykje i påska, men kan i gjengjeld legge ut på ein del bilde.



torsdag, mars 29, 2007

onsdag, mars 28, 2007

Farvel Bergen.

No må eg seie hade.

Eg kjem ikkje att på nesten to veke.

Eg trur du greie deg utan meg.

Eg skal erstatte deg med fjordar og fjell, telemarkkjøyring, mange meter med snøv, hyttekos, familien, appelsiner og kvikklunsj.

-For det er der eg høyrer heime.

Sogn og fjordane, alle gode ting er tre. Olav Stedje høyrer med.

-Eg er bygda-jente. Ikkje by-jente. Kanskje berre inn i mellom.

Båten ventar så fint på meg på kaia i morgon.

Takk for denne gong.

torsdag, mars 22, 2007

Har forresten veldig mange morro bilder frå etter treninga(bildene kjem sjølvklart)!


Veit ikkje heilt kva dei hadde putta i drikkevatnet mitt.

Har berre ein ting å seie:

Duracel-kanin med aerobic tendensar.

Dessutan e meditasjon ein fin ting. Kvar dag frå no av. Det gjer godt for kropp og sjel.
Klatremus.

I går va eg klatremus, bang sa det, og eg kræsja kneet mitt i veggen. I dag e det blått med eit fint sår på. Lenge leve spiderwoman.

torsdag, mars 15, 2007


Flink jente veke.
Ete fem frukt om dagen
trena
og fått meg jobb!
Kotti, huska du det her?
Vaniljefudge.

450 g sukker
1,5 dl melk
75 g smør
175 g viking-melk
1/2 ts vanilje-essens
Tid.

Det er rart.

Det er rart korleis tid forandrar alt.

Forhaldet mellom mennesker.

Mennesker som ein hadde gode og varme tankar om. Og forsatt har. Mennesker ein kunne dele alt med.
Mennesker som var som famile.
Mennesker som skapte jordskjelv i verda mi.
Mennesker ein måtte seie hade til. ufrivilleg.

Kvifor må det vere slik?
Kvifor går nokre mennesker ut døra, og forsette si eiga reise.

Ei reise utan meg.

Eg vil ikkje treffe nye mennesker, dersom det skal vere slik.
I frykt for at eg ikkje får bli med.



Ikkje sjå deg tilbake.
Eg saknar deg!

Elin kom snart tilbake!
Kjekkekvelden med jentene.


Stand-up kveld.

Cafébesøk

Medlemsmøte med Fleslandmusikklag.


måndag, mars 12, 2007

Martin Andresen.

Rett og slett ei fabelaktig helg!

Mykje god mat, og godt selskap. Fredag var vi ein liten tur på våre vanlege plassar, Pingvinen og Opera. Vi var så heldige å få møte Trine sin Bent. Trur kanskje han var litt skremt av jentne som fjasa og masa på at han måtte komme på besøk til oss, men det var i beste meining altså;)

Laurdag var vi på eit litt ellers uvanleg medlemsmøte med Flesland musikklag... møtet varte ut i dei seine nattetimar.Ikkje noko å seie på stemninga! Veldig godt fornøgd med kvelden. Har ein del Veldig festlige bileter derifrå som eg skal legge ut. Men trur kanskje nokre av dei bør sensurerast fyrst;)... berre for å ikkje havne i "klammerier".

Men til den viktigaste saka; I går då eg var ute å gjekk rundt Svartediken, såg eg plutseleg to raudkledde menn som var ute å gjekk/sprang. Å joda. Heilt riktig. Det var min draumeprins! Martin Andresen. Ikkje nuk med det; han smilte til meg óg! Vel, det kan hende det var for at eg vart rimelig stressa, eller fordi eg nistirra på han... eller berre fordi eg rett og slett ser rar ut. Men det bryr ikkje meg.

sukk. Dette kan eg leve lenge på.

Helga: Terningkast 6.

fredag, mars 09, 2007

Mimring og babyskrik.

I går hadde vi ein fantastisk fin kveld med mimring og babyskrik. Delar av "strikkeklubben" var samla hjå Kotsasi. Veldig kjekt å sjå at Sol, Siv og Lena att!! Alt for lenge sidan sist gong.

Alle har komt eit steg vidare i livet. Lena er blitt sjukepleiar, og ikkje minst, ho har gifta seg med den mexikanske draumeprinsen sin:) Sol har fått bachelorutdanning på kunsthøgskulen og Siv er i praksis, for ho skal bli lærar. Og ikkje minst Kotsasi som har fått seg ein liten baby:) Rart kor tida går. Ikkje lenge sidan vi alle i hop satt å skvaldra i munnen på kvarandre på KIB.... So ja, eg savnar den tida! Derfor e det ekstra kjekt når vi kan treffast igjen slik som i går.

Tobias var vel ikkje heilt i det rette humøret. Stakkar lisje babyen hadde sikkert låkt i magen sin. Eller kanskje berre var han lei av alle damene som bråka høgt og lenge.

Eg har veldig mange bilder av kvelden som eg skal legge ut! Skal prøve å få gjort det i måra.

I dag har eg veldig vårstemning. klokka er snart seks, men allikevel er det lys og fint ute! Har vore ute å gått masse i dag, folk er liksom litt gladare, smile meir, og blomstrane rundt lille lungaardsvatnet er på god veg til å slå ut i full blomst!!

Jepp, livet er hærrleg! I dag e det fræddan! ..og alle veit ka som skjer då.....;)

torsdag, mars 08, 2007

Latter og spagat.


I dag er vi så heldige å være eigarar av tre nydlige lysestakar som kvarteret tidlegare var eigarar av.
Trine, som håva inn lysestake på lysestake, blir sikkert ikkje spesiellt glad for at dette biletet blir lagt ut på. Men som sagt kan du klage det inn for PFU dersom du ser det naudsynt!;)
I går var vi på stand-up show på kvarteret. Nokre av stand-up'arane trena magemusklane meir enn andre, nokre var "Hønkar", medan andre berre var pervo. Kjekt hadde vi det vertfall!:)
Har ikkje ledd slik sidan krigen.
Eg, som skulle vere ordentelig å ikkje drikke, greidde det nesten. Og ikkje nuk med det. Eg gjekk tidleg heim. Berre for at det var onsdag, og for at eg ska vere opplagd til "strikkeklubb-samlinga".
Som sagt, dei andre var litt meir bedugga. Midt under ein samtale fann Trine, som også viser seg å vere SVÆRT så akrobatisk, ut at ho skulle hente lysestakane på det andre bordet, slik at vi fekk dei til odel og eige (FY!). Eg fylgde med på heile scenarioet, og plutselig går Trine ut i spagat! Midt i lokalet på kvarteret!:)........ Vel, det viste seg at jenta, som sikkert kunne ha hatt sitt eige stand-up show, ikkje fekk lysestakane "gratis" men også måtte gjere noko for å få ei. Og kva er vel beire då enn å ta ein liten spagat?
Bortsett frå det, er det sinnsjukt godt å kjenne at kreftene kjem tilbak etter det helsika infulensaen som har herja med meg i ei veke!:) Sola skinn, og eg har berre lyst ut å springe i den deilige vårlufta!:)
Snart e det påske óg, og det gleda eg meg vannvittig til!!! Eg gleda meg til å komme på hytta igjen, og få stått litt på ski, ha det kjekt ilag med familien, og ikkje minst ete masse påskegodt:) Lenge leve hytte/påske kos!
Ps.
Om nåken seie "gratulerer med dagen" til meg i dag, so kjem dokke til å få dokke ein på snuten! Eg hata kvinnedagen!
Altså, eg e sjølvklart for at det skal vere likestilling, men snakk om å gjere seg sjølv undertrykte ved å lage sin "eigen" dag!.....
Eg lar den dagen være forbeholdt kvinnegruppa OTTAR. Kvinner som ser ut som ei krysning mellom dame og mann, skiftar traktorhjul, og som sikkert ikkje har "fått seg" nåke sidan krigens daga..... Denne konklusjonen trekker eg utifrå eigne observasjonar.... mykje agressivitet lagra.

onsdag, mars 07, 2007

JA!!!!!!!!!


Endeleg e eg tilbake på bloggarfronten!!!!!!!!

Eg har slete so sinnsjukt lenge med å komme meg inn på bloggen min, fordi blogspot.com ville at eg skulle oppgradere bloggen min... noko eg har gjort..... men feilen va at eg har gløymd å godkjenne vilkåra som dei hadde gjeve meg.

Kjære gode gamle bloggen som er akkurat runda eit år, aldri forlat meg igjen!!!

Ikkje stort mykje har skjedd her, eller jo, egentlig.

Alle ser ut til å gå rundt i babymodus.

Tobias kom som sagt til verden 1. Februar.
Susanne fekk sin lisje baby for berre 3 daga sidan, altså 4. mars.
Kotsasi vart også tante til ei lita prinsesse i går, 6. mars
...og ikkje nok med det i går møtte eg Marte, min gamle sambuar, ho fekk sin lisje baby Johanna 28. Januar.

Skal tru om det er smittsamt?