laurdag, februar 28, 2009

God helg!

Då va atter helga her igjen. Og eg kan ikkje seie anna enn at dissa vekene flyge. E forsatt sjukmeld med ein nakke/korsrygg som ikkje likna grisen. Men det går sakte men sikkert framover..... Men det hjelpe ikkje akkurat meg sia eg kanskje må vere den mest utolmodige sjela av alle...

Va på en kjekk tur til Oslo i forrige veke:) God å komme seg ut av Bergen so eg ikkje går på veggane her heime. Tenkte kanskje ta turen igjen om nåken daga. Berre for å få eit lite avbrekk ifrå den kjedlege kvardagen.

I dag på laurdagskvelden har jentene slappa av i stova med smågodt, ostepop og film. Ein god gammal laurdagskveld med andre ord!:)

torsdag, februar 19, 2009

Valentinstur til Haugesund

Jepp, som gammalt ektepar tok vi snøggbåten til Haugalandet. Med niste og kaffi koste vi oss på den fire timers långe turen nedover kysten. Endte opp på Rica maritim som Ragnar hadde booka til oss dagen før. Koste oss med god mat, dessert og drikke!
No sitte eg klar for å atter ta turen vekk frå regnfulle Bergen til tigerstaden. Gleda meg som ein unge til å ha ei GOD natt "søvn" på nattoget!
God helg!

onsdag, februar 11, 2009

Sånn går no dagane.....



Då va NM og festivitasen over. Har ikkje hatt det så kjekt på lenge, sjølv om eg e handikapa og ikkje kunne vere med å spele. Godt med ei lita avkopling midt opp i alle kiropraktor, akupunktur og naprapat-timane....

Flesland spelte fradag, og på kvelden samla gjengen seg på Peppe's. For ei stemning! Trudde til tider at magemusklane skulle revne. Og med eit par øl innabords vart nakken og stressnivået mitt meir avslappa enn kva det har vore på mange veker.....Deilig! DET e terapi!

Laurdag stod vi opp for å møte mamma, pappa, Anne og Jan til lunch. Fekk med meg ein del korps blant anna Kjølsdalen og Eikanger. Eikanger spela som vanleg suverent! Og enda opp på toppen i elitedivisjonen. Seinare på kvelden samla Flesland folka seg på forspel og til direktesending frå Grieghallen. Vi vart godt nøgde med 5. plass av 13 i 2. divisjon!:) Og atter ein gong var stemninga upåklageleg...stakkar naboar!...

Fredag kl. 6.58 fekk dessuten Britt og Morten (som det er bilete av ovanfor) ei stor jente som skal heite Malin:) Gratulerer! Gleda meg til å helse på hon:)

torsdag, februar 05, 2009

NM og brilleslange.

Då har eg herved stempelet som brilleslange! Har vore til synstest, noko eg visste eg skulle ha gjort for lenge sia. Slite jo litt med å lese nota, bøke og skilte frå lange avstandar. Så mentalt har eg strengte tatt forbreidd meg i mange år på å gå med brille. Skal ikkje gå med dei heile tida, men som ei avlastning når eg les eller når eg kjenne at augene mine er for anstrengte. So no har eg lånt med meg tre kule brillepar heim:)

Ellers er det NM i brass i helga. For fyrste gong sidan eg starta mi karriere innan korpsverda skal eg sitte på sidelinja å sjå på. IKKJE SPELE! sukk...Eg grua meg og gleda meg. Gleda meg til å sjå flinke Flesland spele det fantastiske stykket 'Endeavour'. Eit stykke som starta heilt i det stille og tek seg opp til eit klimaks som kan lette taket i Grieghallen! Trist å ha vore med fram til no, men so måtte droppe ut pga. ein dårleg nakke.

Men allikevel, eg gler meg!!!

tysdag, februar 03, 2009

Ventetida.


Rart med eit lite menneske inn i eit litt større menneske. Om ikkje so lenge kjem ho ut for å helse på oss....Til då får vi berre smøre oss med tolmod.
Nåler i øyret.


Etter min fyrste akupunkturtime har eg fått tre nåle i kvart øyre for å rette opp i ubalansen i kroppen min. Har stor tru på at det har god effekt! Skal gå med desse i to veke til eg skal ha min neste akupunkturtime. Akkurat no kjennast øyrene ut som to raudglødane pulserande ting som sitte fast på kvar side av hovudet. Og det stemme jo.



måndag, februar 02, 2009

Behandling nr.3.

Oppdatering: Litt knekking av ribbebein, trykking av punkt i auehola, knekking av hofte/korsrygg og punktmassasje på muskla i hoftene.

Konklusjon: Forsatt VELDIG stiv (som kiropraktoren sa) Men nakken har løsna litt, so snart kan vi knekke opp låsninga som e der...grøss.

søndag, februar 01, 2009

Drops.



På leit i veven.
Sjølv om eg sitte å drøyme om plassa å reise er det vertfall sikkert at vi skal på tur til Berlin ein gong i vår/sommar. Sidan Mr. Melz er halvt berlinsk så har eg den perfekte reiseguide som veit om mange second-hand butikkar der ein kan handle fine hattar(som han vertfall gjer)!. Fann ei fin side på nettet som eg har lagt til på blogglista mi. Gleda meg!

Shoes and pearls.


Dei nydlege fine ballerinaskoa eg fann på ein second-hand butikk i Krakow.
Dei store trekule-perlene eg kjøpte hjå ei gammal dame som stod i ei lita bod i Krakow.Skjørtet kjøpt på salg hjå Zara i Krakow, perlene og blomen frå H&M.

Dagdrøyming.....




Lett å drøyme seg vekk til eventyrlege og eksotiske plassa når ein er sjukmeldt.....

Sitte å ser på biletene frå Krakow, og tenke at eg har lyst til å gjennoppleve alle dei fine stundane der, bortsett frå at eg har lyst til å oppleve ein ny stad. So no når min kjære er i Kiév, so drøyme eg om å reise til Barcelona eller Paris.


Har heilt sidan eg var lita, og sidan eg oppdaga dei fantastiske kunstverka til Antonio Gaudi ønska å sett alt med mine eigne auger. Bygningar som ser ut som pepparkakehus dekka meg glasur, nonstop og sukkertoppar.....Og den fantastiske katedralen sagrada familia som vart påstarta i 1882, men som aldri har blitt ferdig.


Trur eg må sjekke prisane på tur til Barcelona på nettet...