søndag, september 26, 2010

Den raude gensaren 

Eg tok på meg den raude gensaren i dag. Den har eg kjøpt på fretex.
Den er mjuk, god og varmar på ein dag som denne. Ute har det vore haust. Ikkje av det dårlege slaget, men med knall blå himmel og sol som gjev andletet varme. Dei siste varmande strålane den greier å gje frå seg-før vintaren tek tak. Den skarpe lufta klarnar tankane etter ein hyggelig kveld med god mat og bobler i glaset. Fargane er ekstra metta. Eg tek fram boka mi. Nyt kaffien som varmar ned om bringa.

Det er derfor eg elskar haust.
                                                  

fredag, september 24, 2010

I Hope That I don't Fall In Love With You


Tom Waits

Ei periode i livet vart eg introdusert for Tom Waits si melankolske whiskey-stemme. Eg huska den kvelden som det skulle vere i går. Ein mørk og regnfull haustkveld- akkurat slik vi kjenner til hausten i Bergen. 

Det var ein laurdag midt i studietida, den gongen pannelugg ikkje var tenkt på, studielånet kom inn på konto den 15.kvar månad og vi flørta med gutane på lesesalen- for det var jo faktisk den einaste plassen vi var; på lesesalen og universitetet.

Eg huska vi satt i busskuret ved Galleriet, i forsøk på å få ly frå regnet og for å koke hovuda våre saman i å finne den "ultimate" plassen vi kunne gå ut på. Oppstasa i mitt gule fine og nye skjørt, med krølla hår og friske roser i kinnet kunne eg ikkje vente med å komme meg inn ein varm og lun plass.

Ingen utplass frista oss. Av den grunn at vi ikkje hadde råd til å starte kvelden for tidleg ute. Og i posen hadde vi Tuborg som venta på å slukke tørsten vår.

Omsider ringte vi ein kamerat av oss begge to, for å høyre om han kunne tenke seg å opne dørene for oss. Og det ville jo han sjølvsagt! Inne venta ein sofa, pledd som vi kveila oss inn i, eit lite hav av stearinlys og åpen ild frå peisen som knitra mjukt i hauststormen. Varmen sneik seg inn i kroppe etter ein god kopp med te og hyggelig samtale. Dei mjuke tonane som spelte i bakgrunnen lagde ei perfekt ramme på heile kvelden. Og då vart eg forelska.


Og gammal kjærleik seiast å ikkje ruste....

torsdag, september 23, 2010

Han der inne.


Eg har forsatt ikkje skreve om `han der inne´. Den fine lille skapningen som skal komme ut om ca. to måndar.
Augesteinen til Therese og Jens Marius, mamma og pappa sitt djupt etterlengta barnebarn, mitt, Katrin og Jørn sin tante-/onkelklomp- og sjølvsagt bestemor sitt oldebarn nr. 3!


Familien Sundal skal utvidast med ein liten babygut, som etterkvart skal vekse opp til å bli ein dugande Sundal/Andresen. Stor i kjeften, høglytt,blond med store blå auger og forhåpentlegvis ein sjarmør av det beste slaget!


Vi gleda oss alle til at minstemann skal komme ut og at vi kan bli kjendt med gullet på verkeleg- 24 år etter at familien sist hadde ein baby i huset; Dersom vi ser vekk ifrå dei tider då lubne kvalpepotar tassa rundt i huset...


Kan verke som at "racet" etter å bli den beste tanta eller onkelen allereide er i gong. Vi får no sjå kven som går av med sigeren. Kan nemne at min fyrste lille fine ting på å innynde meg er ein lys-blå vakker liten sak.


In your face Jørn og Katrin!

onsdag, september 22, 2010

Dørvakt.

I helga har eg vore dørvakt. Med tre par håpefulle auger som såg på meg, leande under ein paraply i regnet, tok eg fatt på oppgåva. Eg tok av meg pelsen- berre for å verke meir truverdig. Eg spurte folk fint etter bevis, og folk gav meg beviset opp i hendene. 

Eg kommenterte både frisyre og anna. Fleire sa at dei kanskje ikkje hadde vore spesiellt heldig med fotografiet akkurat den dagen. Dei unskylda seg og sa at det kanskje ikkje var deira "beste" periode i livet. Og det kunne eg seie meg einig i.

Då eg ville ta bevis av dei som gjekk ut døra frå utestaden mista eg truverdigheita mi.

Sånn endte den kvelden.

torsdag, september 09, 2010

Lukt av haust og bestemor.

Blomkålsuppe må vere min favoritt "rett" på hausten- og gjev meg deilige assosiasjonar til kalde og mørke haustkveldar. 

Har i skrivande stund laga deilig heimelaga blomkålsuppe til kvelds. Når eg stod på kjøkene å venta på at suppa skulle koke opp strauma dei gode minnene på. 

Minner om bestemødrene mine som laga blomkålsuppe til oss når kvelden kom sigande på. Bestemor i Stryn som laga blomkålsuppe og ønskte oss velkommen med eit vått kyss og spor av leppestift på runde barnekjaka. -Og bestemor heime i Kjølsdalen som lagde, og forsatt laga velsmakande suppe når kalde kroppar kjem inn for å ta kvelden.

Og eg elska dei kveldane ved kjøkenbordet. Når den klare mørke haustlufta blanda seg med deilig lukt av suppe i eit lunt kjøken. Og skrukkete gode hender som auser føde for hjartet opp i tallerkenen. Det er lykke det.

tysdag, september 07, 2010

V.I.P guiding.


Fredag på Garage møtte vi to spanjolar. To skvaldrande jenter over kvar sin irish coffe vart spurt til råds om kor dei ville gått dersom dei var turist i sin "eigen" by. Vi tok pennen fatt og kryssa ut både Fløyen, Verftet og Ulrikken- med andre ord dei største turistfellene som ein kvar utlending bør få med seg ved eit besøk av 'Noregs perle'.


Slurkane av drinken og kryssa på kartet vert fleire. Til slutt hadde turistane kartet fullt av fine og mindre fine stadar dei måtte innom før dei reiste vidare på si ferd rundt om i verda. Og ikkje uventa kom spørsmålet til slutt; "Heilt utan baktankar; kunne dokke tenkt å vise oss eit par plassar på t.d. søndag (vel, dei sa det vel meir på gebrokkent engelsk/spansk)"

"Jo, korfor ikkje?"- sa både meg og den andre skvaldrande jenta i kor. Så vi avtalte å møtast i sjølve kjerna av Bergen; den "blå" steinen klokka to på søndag.

Laurdagen sprang av garde med kyss klem og klapp av Krisine som var på besøk frå Bodø. Helsing på svenskane, eting av sushi og fanteri.


Laurdagsleiking hang godt igjen i kroppen då eg vakna. Og eg ville ikkje noko anna enn å pakke meg inn i pledd, ete chips og sjå dårlige seriar på tv. Men søndagen var vakker, og to jenter hadde lova spanjolane å syne dei rundt.Og slik vart det etter å ha gått eit par runder med seg sjølv- der 'nei, pokker- eg gidd ikkje' var det som stod høgast.

Spanjolane var lukkelege over at vi møtte opp der vi skulle. Og vi kjende oss som dei snildaste jentene i heile Noreg. Det var vertfall det turistane meinte.

Vel, dei fekk ikkje sjå så mykje som vi kanskje hadde håpa på. For dette folkeslaget tek livet med ro. Vi vandra i dei fine smuga mot Verftet, tok ein kopp kaffi der. Skreiv ned forskjellig norsk musikk dei måtte høyre på. Gav dei kjapp opplæring i grunnleggande norsk (det kulturelle, og det språklege). Vart både filma og tatt bileter av. Sang nokre få strofer av 'Ja, vi elsker' og sveipa innom Nordnesparken på vegen tilbake.


For ein "vanleg" nordmann ville turen kanskje berre tatt ein time og litt meir. Men vi brukte tre og litt til(!), og hadde ein frustrert mann med heimelaga mat som satt heime å venta på at fruene skulle komme tilbake ifrå guiding. Men for all del, turen og folka var kjempe hygglege. Og no venta vi i spenning på ein liten pakke ifrå Spania. "I will find something that reminds me of you!"


torsdag, september 02, 2010

Kristian Aadnevik for Nova.

Fantastiske kreasjonar kastar glans over butikkvindauget til Nova, i anledning Raff Design 2010.