tysdag, april 28, 2009

Den som ventar på noko godt.....








Hææærrlig dag på Fløyen!

Girlsa på Fløyen.
Jeanette, blomsterpiken.

Heilt nydeleg dag!

Jammen fann eg ikkje ein hjort óg!


Idyll...... Elin har heist flagget, gitt!

Ablegøyer nedatt frå Fløyen.Britt Pommfritt.

laurdag, april 25, 2009

SOOOL!

Sol, sol og sol frå skyfri himmel i Bergen! Uendelig deilig å vakne opp av at sola skin varme strålar inn soveromsglaset:) Det e då ein kjenne energien komme tilbake etter ein lang og hard haust/vinter. Ser fram til ein god frukost ute i sola, deretter te vi turen til Fløyen for å skue utover byen som bada i SOL!

Ha ein fin dag godtfolk!

fredag, april 24, 2009

Shopping og champagne!

Har fått besøk av Jannike. Det va vel ca. 6-7 år sidan ho var skikkelig på besøk med meg sist, so det va jammen på tide at ho endeleg tok turen igjen! Har berre nytt livet og kosa oss MASSE. Og LITT alkohol har vel vore inn i biletet og, så kjenne meg ein smule sleta no.

Onsdag vandra vi rundt i byen, satte oss på Opera i sola og der vart vi sittande utover kvelden. Deilig å berre nyte maten, sola, øl og irish coffe:)....Mange kjendtfolk kom slentrande forbi, og vi va vel kanskje vel rusa på livet og litt for fnisete til å ha ein skikkeleg samtale med. Hehe....Deretter tok vi turen på Onkel Lauriz. Spelte spel og var til god underhaldning til dei litt eldre damene som satt ved sidan av oss. Ikkje mindre enn tre gongar måtte dei gje terningen og kakene (TP) tilbake til oss etter å ha blitt LITT for overivrige i spelet. Også her tok kjendtfolk turen innom for å helse på oss. KJEMPE kjekt!:)

I går var vi i Åsane neste heile dagen. Det e nesten obligatorisk for dei som ikkje bur i ein by til dagleg......Vi vart rett og slett totalt utsletne av å handle, og holdt nesten på å sovne på vegen heimatt til byn:) Deretter bar det på byen igjen med jentene, åt mat, drakk og litt til drikke.... og kanskje litt til..........SLETEN i dag!

På tide å komme seg ut av morgenkåpa og hlese på bye igjen......venta enda ein kveld i dag. Surferosa skal vere på Garage, so kanskje vi tek turen dit:)

onsdag, april 22, 2009

U rock my world.
Å vandre gjennom livet betyr ikkje å berre møte éin du trur du skal gifte deg med, men opp til to-tre kanskje fire stykker (neppe). Men etter kvart som ein blir "voksen". Eller vertfall har komt opp i ein viss alder. For eg kan vel ikkje påstå eg er spesiellt voksen. Då ville eg vel ikkje gjort alle dei dumme tinga som eg ofte gjer. Gong på gong. Eg kjenne eg blir forbanna på meg sjølv, fordi eg rett og slett er totalt håplaus til tider.
Ok, i allefall fått den"rette" alderen på papira, så skjønna ein at livet ikkje er laga slik at ein skal møte den "rette" med det samme. Vel, no skal eg ikkje fornærme nokon her. Kanskje der faktisk finnast nokon som har funne den rette på fyrste forsøk. Uansett, så forstår eg no at å tru at den rette skal vere den fyrste som dukkar opp er passe naivt. Det blir nesten som å tru at Stratos er yndlings sjokoladen din, heilt til du finn ut at du berre ELSKA Troika over alt på jord!
Og det er nettopp det eg har funne ut, smart som eg er(!!) Uansett om "Troikaen" min har litt feil både her og der, så vise det seg at under den mørke litt harde crispy overflata, så skjule det seg eit innhald som er berre heilt fantastisk! Og då meina eg unik. For det vise seg, at Jeanette som sikkert er noko så kjedelig som ein melkesjokolade har MINST 3 gonga så mange feil som Troikaen. Eg streba stadig etter å bli ein betre sjokolade.

tysdag, april 21, 2009

Snack's frå påska, og vår i Bergen.












































Tam-ta-da-daaaam!

Påska over, og eg e tebake i Bergen att! Dårleg med oppdateringar i påska. Ikkje fordi vi ikkje har nett heime i Kjølsdalen, vi har faktisk eit meget kjappt eit. Men fordi eg rett og slett ikkje har gidda. Sånn ærleg talt på ein måte.

Påska har vore fin fin. Kom mandagen i påskeveka. Heile familien var samla til onsdagen, då for mamma og pappa på hytta. Då va det tenna i tapeten, og dansing på bordet hjå oss "ungdomane" som var att i Kjølsdalen. Fekk gått litt på kafé ilag med både systre, svoger, bestemor og venna. Ellers hadde vi som hør og bør i påska, besøk av litt familie ifrå Stryn. Knakande kjekt, om eg sjølv skal seie det. Ellers fekk eg og Katrin ein luftetur til Eid, skjærtorsdag, med Jannike som sjåfør. Trur rett og slett alle "normale" personar hadde tatt fri ifrå festing då. Eit meir udugeleg klientell skal ein leite lenge etter. Ikkje det at vi sjølv var so mykje beire, men HALLO....

No, ei veke etter at eg kom tebake frå påskeferie, kan eg skryte på meg å ha fått litt farge i ansiktet. Det har rett og slett vore STRÅLANDE veir i Bergen. Og livet kjennast godt ut å leve!
Må meddele at eg har gått til innkjøp av ein rockering! Jada, den e rosa og kvit. E utruleg god trening for både rygg og mage, men kan ikkje i min villaste fantasi hugse at det var so vanskeleg å få den rockeringen til å snurre fint rundt magen og ikkje fint rundt anklane........
Men eg blir beire og beire dag for dag, så eg vurdera sterkt å melde meg på 'Norske talenter' neste år. Då med ca. 10 rockeringa snurrande rundt Jeanette. Hadde eit lite snarbesøk av Therese i går. Treng du ein god latter, be Therese rocke litt med rockeringen for deg:) haha......Ho såg rett og slett ut som ein sterkt rusa magedansar!

Ellers gleda eg meg til å få storfint besøk heimaifå av Jannike i måra:)
Ps. Jannike og Jeanette har namnedag i dag!! Hipp hipp til oss!


Sånn ska det IKKJE gjerast.....Der ja, litt dreisen på det.....Fått inn 'boogie-stilen'Her går det stadig beire.....So va det på tide å besøke anklane igjen.....

onsdag, april 01, 2009

Besøk av Pånni og Griffeluren! Alltid kjekt å ha besøk av radarparet med ADHD! Og so visst ser det ikkje ut til at Synnøve har fått ADHD og!:) (Eg veit eg ikkje ska tulle med folk med adhd, men eg berre må litt...)

Snart påske! Har berre ein merkedag att å feire i helga;) Reiser til Kjølsdalen på mandag, so helga skal brukast til å kosedoes i Bergen. Ellers blir det vel ein tur på hytta i Stryn, og kanskje ein "svipptur" innom Arendal (les:amerikareise)