torsdag, april 27, 2006


idérik!:)

I går måtte eg rett og slett gå heimatt, fordi eg hadde ein særs go idé til eit bilete eg driv å måla på!...

Ette å ha surfa litt på internett, sett på illustrasjonar, kunst og design vart eg berre heilt gira på å lage mange kunstverk og få selgt dei for mange mange penga!

Eg ska lage veske, smykke, sy klede,male bilde, ikkje minst ta bilde, selge illustrasjona til folk som skal gje ut bøke osv. ....alt eg treng e berre eit super digitalt speilreflekskamera og ein pc med photo-shop, pluss litt andre trikse og fikse program......Men kor i alle daga ska eg få penga te det????? Eg berre spør...Har ein god ide sjølv; det e å henge opp bilde til salgs på F. Logen. Og tru det eller ei, det fekk eg faktisk lov til!:).....

Kanskje det e nåken av dokke som har nokon gode idéar???

Kotsasi, eg e drit misunnelig på ditt kamera, so... kan eg kanskje få det me deg??????.....


Phu..... Hardt å være kunstnar.

laurdag, april 22, 2006

DOMEN.




I dag har eg vore i domen. Nidarosdomen.

Det e eit fantastisk bygg! Det e rart. Når ein e slike historiske plassar som Nidarosdomen, med den varme rolege atmosfæra, ja, då kan ein plutseleg bli ein smule religiøs av seg. Ikkje det at eg ikkje e det frå før. Har forsatt barnetrua mi; trur uten tvil at det finnast noko meir mellom himmel og jord som vi mennesker ikkje kan råde over (trancendent, som det heiter så fint i det religionsvitskaplege fagspråket). Men kan ikkje seie eg har noko til overs for den pietistiske fordømmande kristendomen som blir praktisert av fundamentalistane (ok, ein smule fordømmanede der..men men).

Uansett. Den var ikkje til stades i Nidarosdomen i dag vertfall.
So eg tennde eit lys for glede, håp, kjærleik og varme.







Drops ifrå påska:)

No e det på an igjen med strieskjorta og havrelefsene. Kan ikkje seie eg har vore nåke særleg flink til å oppdatere bloggen i påska, men har hatt so mykje anna moro å gjort på at eg diverre valgte å prioritere bloggen i siste rekke.

Eg drøyme forsatt om påska, og den gjekk desverre alt for fort! Påskeeget e fortært, telemarkskia e godt nedpakka, hytta e låst og appelsinene som ikkje vart oppeten i år spara vi te neste år!

Påska starta med bygdefest i tradisjonell stil. Då kunne alle rocke av seg kiloane dei hadde lagt på seg gjennom året! phu... takk gud for at vi har påska, om ikkje hadde vel alle enda opp på "fat-camp"....eller...?

Deretter fekk eg storslagent besøk frå Balestrand! Ska tru om påskekyllingen besøke oss igjen te neste år óg??

Hytteturen var bortimot svaret på den perfekte påskeferien. Einaste som satte ein liten minus i margen var den fråværande sola.

Vi gjekk på bortoverski, åt den tradisjonelle påskemiddagen beståande av joikakake, hadde Christian som personleg trenar i å renne på telemarkski, spelte spel til den store gullmadaljen (nokon hadde større konkuranse instinkt enn andre), raudvin og conage kveldar, den offisielle "Ola-dagen"... enten vi ville eller ikkje;)gjekk i ullundertøy dagen lang og hadde diskusjonar om kven som skulle hente vatten i frå elva. Alt ved det gode gamle med andre ord.

Påska vart avslutta med feiring av tante Jenny sin 60 års-dag på hotell Alexandra . MMMmmm... forsatt drøyme eg om alt det eg SKULLE ha smakt på....

Til slutt svippa eg innom Balestrand for å klippe litt epletred:)

I bunn og grunn ei vellykka påske!




Tante Jenny feira 60 års dag på hotell Alexandra!:)


Bjørn Tore elska familie selskap!
Therese og Jørn sjekkar bileta av fotsoppen til Therese. Jørn grøssar, medan Therese stolt viser fram heile galleriet.
Pappa flott oppdressa til systa tante jenny sin 60 års dag
Katrin og Geir Egil til middag på Alexandra
åååhh... e det sånn det fungera åååja!!

Bestemor drikk champagne
Bileter frå påsketur på hytta.

Jean nyt sofaen ette ein lang dag i skibakken
Katrin les festlige innlegg frå forrige påske
Påskekos på hytta
Era ein smule lei av påskemaset...
Raudvin og Hyttebok er ein fin fin kombinasjon!
Fam. Sundal e klare til avreise. "Påsketur, vi skal på påsketur"
Therese sjekkar ut sine føter som er blitt misdanna av blemmer!

torsdag, april 06, 2006

Marie du bedåre!


I går hadde eg besøk av Ingvill. Alle som kjenne Ingvill veit at det kan vere litt av ein opplevelse!

Med ein pakke Marie kjeks kan ein ha mykje moro. Spesiellt når ein skal sjekke kor mange kjeks som faktisk går inn i ein kjeft!

Vi talde fem:)

tysdag, april 04, 2006

Berre tre dagar att!


I dag hadde eg planar om å skrive eit seriøst innlegg på bloggen min. Men alle ideane forsvinn som dugg for sola kvar gong eg tenke at det berre e TRE dagar att til heimreise og PÅÅÅSSSKE!!!

Eg ska stå på ski(få til både høgre óg venstre svingane på telemark),ete masse påskegodt, kvikklunsj og appelsin,krangle me systrene mine, lage fettflekkar på bilen til broren min berre for å irritere han, ligge på golvet me Era og late som ég og er ein hund, diskutere me mamma og bokse med pappa, synge påskesongar ilag me bestemor (Påskemorgen slukker sorgen..), ha rølpefest me sambygdingane,knabbe godteri frå dei andre sine påskeegg,reise på hytta, dette på ski so eg får snøv opp i nasa, ÓG få besøk!!!!!!!

Akkja..... Eg gledar meg te påske!

Tre ting står i vegen:
-Forelesningar.
-jobb.
-Maling av bileter til opptaksprøve.
-Veiledning.

måndag, april 03, 2006

Ingen kommentar.

Eg har ein mistanke om at det er mange som er innom sida mi utan å kommentere.
Frå no av har eg innført ein regel om at alle som er "skapblogglesara" ska legge igjen ein liten kommentar.

Vennleg helsing webmaster.

søndag, april 02, 2006

Aprilsnarr!


Ok, ska innrømme eg e litt fyllesjuk i dag. Sjølv om eg har lovd meg sjølv at dette ikkje ska bli ein fylleblogg.

Men, ette øl, gin, tequila og raudvin har eg gode grunnar.

Jannike var midt i fyttesjauen då vi ramla inn dørene på hybelen hennar. Midt i mellom alle kassene, kledene, skoa og jakkene, hadde ho rydda plass til oss. Vi tende stearinlysa, fyllte opp skålene med chips og smågodt. So kunne festen starte.

Etter konsumering av diverse drikkvarer, "release-party" av Odd Erik Lothe sin nye cd (broren til Siri) diskutering av mannfolk, oppringing til pappa der vi ville få bekrefta viss episodar eg og Jannike har delteke i... Fann vi ut vi skulle ta ein aprilspøk på visse utvalgte.

Valet fall på Jostein. Pappaen til Jannike.

Katrin ringte til han. Ho forklarte at mamma og pappa va på hytta, og at vi hadde ei kyr i fjøsen som skulle kalve. Bestemor som va den einaste som va igjen på garden va heilt fortvila og visste ikkje si arme råd. Derfor lurte hon på om Josten kune ta turen bort i fjøsen for å dra ut kalven.

-Joda, det skulle han gjere. Sa Jostein.

Etter vi hadde fnist oss gjennom heile tlf. samtalen kunne vi bryte HØGT ut i latter då hon hade lagt på! Hohohoho....... So mykje moro hadde vi ikkje vore med på sia krigen!

Vi ringde deretter pappa for å fortelle at no va Jostein på veg bort i fjøsen for å ta imot ein kalv. Vel, pappa vart litt rysta over oss fyllebærtene. Han synst selvfølgelig det heile va moro. Men at vi måtte ringe tilbake te stakkars Jostein som vi hadde forstyrra ein seine laurdagskveld.

Då Jannike ringde tebake til Jostein og ropte: APRILSNARR!!!!- påstod han at satt og åt middagen i all bedaglegheit....og at ditta hadde han gjennomskua for LLLeeennge sia!

Ha! Jostein! Vi VEIT du slengde på deg jakka og støvlane, og i det du skulle gå ut døra kom du plutselig på at du va rundlurt!!!!......

Gle deg te neste år! Då blir det TO kyr som ska kalve:)
Søstrene sisters!
Fine fruer drikke fint frå flaska:)
Eg har ikkje lært dei å posere!
So skåla vi for godt utført aprilsnarr!
Ska det vere so ska det vere!
Vi pøse på med vatten!....

Jannike klar for "Hell's kitchen" og "Mono"
Hmm... e det her nåke bra buksestoff??...
Katrin drikke drink, laga av Therese og Siri.
MMMMM......
So tok Therese natta......

laurdag, april 01, 2006

Dragéegg!


No e eg i Oslo. Vart tvinga av mine søstre til å ta meg ein tur.

Vi har vore på byn å vifta. Ete mat og ketchup med både hender og føter. Slikka tallerken har vi og. Og det grundig. Til Alfreds store bekymring.

So no e det på med paljettane, høghela skoa og rocketoppane. So forsvinn vi snart i ei dunst av parfyme og hårspray ut døra til Jannike sitt lune rede på Frogner.

Der ska vi nemmelig slå oss lause te heftige rytmer... "Team Sundal" beståande av systrene mine, meg og Jannike+ ein Kjølsdøling te, Siri.

Då eg og Therese va å handla på Coop Mega i stad kom eg over noko snop frå fortida. Eg hadde heilt gløymt drageegg! Eller... kanskje det va bestemor som brukte å ete desse søte eggeforma e-stoff djævlane. Vertfall tenkte eg å pusse støv av gamle minner.

Det smakte overraskande bra! mmmmmmmmmm........




Eg lot dei utfalde seg fritt i leiligheta te systa!