tysdag, februar 28, 2006

Eyes wide shut.....


Eg har fått meg jobb.... ikkje kva som helst jobb; Eg ska vaske på Frim.logen...

Eg har vore inn i det hemmelige bygget.

Med ærefrykt hadde eg opplæring i kvar eg skulle vaske, korleis eg skulle gjere det, og kva rom eg IKKJE hadde lov å stikke min nysgjerrige snute...Ingen utanforståande veit kva som skjular seg bak dei svære dobble tredørene som førar inn til dei hemmelege hallane/kapella. Eg følte meg som "Alice i eventyr land" eller ein statist i "Eyes wide shut"...Rom med gresk lignande søyler, store hallar med sjakkruta golv, "alter", gardiner som er trukke for, og ei stor svart og massiv dør der eg ikkje hadde lov til å gå inn....

Kva driv dei med? Og kva er det som er så hemmelig?......I mine auger verkar det berre som dei er svært opptatt av rollespel. Vel, eg har forsatt ikkje fått svar på det. Kjem vel neppe til å få det heller..

Frim.logen er vertfall ein hierarkisk oppbygd organisasjon, kor ein ettekvart vert innvigde i nye nivå. Totalt er det mogleg å stige ti garder og to embetsmannsgrader. Kor lenge ein har vore med bestemme tidspunktet for kortid ein skal innviast i ei ny gard. For å bli medlem må du være over 24 år, ha plettfri vandel, være bekjennende kristen, og bli anbefalt av to andre medlemmer.

Trur vertfall denne jobben er ein liiitt spesiell, og utan om det vanlege... Eller so e det berre meg som har fått eit overvelande fyrsteinntrykk....

Følg med i neste episode...

måndag, februar 27, 2006

Død eller levande...



Jon Bolstad adm. dir. i Helse Førde irriterar meg SVÆRT mykje for tida.

Så mykje at eg faktisk har vurdert å sende ei kjedemeldig til folk ifrå Sogn og Fjordane, med tlf. nr. til denne arrogante mannen, der eg ber folk om å ytre si meining direkte til han....


Her er nokon utdrag ifrå Dagbladet 26.feb-06:



"Administrerende direktør Jon Bolstad angrer ikke på måten han gikk fram på for å hente folk til ledergruppa. Helse Førde-sjefen avviser kameraderi"

"Bolstad mener en slik stilling ikke er noe du lyser ut i avisene. Han beklager at det er vanskelig å skaffe nødvendig kompetanse.
- Husk at vi er i Sogn og Fjordane. Jeg har heller ikke angret ett sekund på denne ansettelsen. Jeg prøver å sette sammen et godt team, er kommentaren fra Helse-Førde-sjefen til kritikken. Han hevder foretaket nå har kuttet konsulentutgifter med fire millioner kroner"


"Dagbladet avslørte i går at ledelsen i Helse Førde med administrerende direktør Jon Bolstad i spissen, kjøpte inn designmøbler for 600 000 kroner til Bolstads kontor, forkontor og møterom. Blant møblene er 30 Jason Lite stoler for 226 882 kroner"


"Innkjøpet skjer i ei tid hvor Helse Førde går med 65 millioner kroner i underskudd og helseforetakets pasienter må ta til takke med gamle senger og nedslitte venterom"


Vel, håpar denne mannen revurderar si stilling..Og at folk støttar opp om lokalsjukehusa. Dei treng vi!




Staden der tida står stille...

I helga var eg heime. Kjølsdalen e den finaste bygda ein kan tenke seg.... men, alle bygder har eit men...Eg e alltid so spent når det e lenge sia eg har vore heime; Kven er blitt gravide, kven har trynesleika nokon andre sin partner, kor mykje snøv eller ikkje er det, har nokon blitt ilag medan eg har vore vekke???

Eg forventar alltid at det har skjedd store revousjonærande ting... Men ingenting har skjedd!!
Er tida med sladder og utskeielsar forbi... eller har alle blitt gravide og kjedlige slik at dei ikkje gidd å finne på nåke sprell?? Eg prøvar å dra eit eller anna "juicy stuff" ut av sambygdingane, med det er som dei har inngått ein konspirasjon mot dei som har flytta ut.... alle ristar på hovudet "nei, her hakje det skjedd nåke spesiellt.... Han Ole har no fått seg ny traktor, og Else nye gardine.."... OI!! seier eg... å prøvar å legge mitt engasjement i det...

Vel, so kan eg spørre meg sjølv.... "byjenta" som eg er blitt... Er ikkje alle stadar slik? Har Bergen forandra seg noko spesiellt på eit halvår?... Nei, Bergen har ikkje det.
Alt går i sin vandte gong her og. Sjølv om Kjølsdalen ikkje har kafera på kvart eit hjørne, 5000 uteplassar(som ein uansett aldri rekke over!) kino med premierar i hytt og gever og gamle dame med Gucci-briller.... So har slike små bygder sjarm...

I byen finnast ikkje bestemor sine gode vafle, kosesjuke Era, ein småkranglande fam. rundt middagsbordet, rauting av kyra som står i fjøsen, den gode stilleheita, kjende folk uansett kor du snur deg, dei gamle heltane på Ekspedisjonen(uteplass), folket som samlast uansett kva alder dei er i, og selvfølgelig... Ole me den nye traktoren....

Eg har fått det både i "påse" og sekk....

Eg e kjempe stolt over å ha vokse opp på bygda! Samtidig som eg e takknemmelig over å ha opplevd storbyet sitt pulserande liv!

Ken veit, kanskje eg sjølv flyttar tebake "bøgda" ein gong. Skaffar meg mann og 10 ungar, hund og Volvo stasjonsvogn....

Ein gong bygdejente, alltid bygdejente:)!

torsdag, februar 23, 2006

Nordleninga.......


Vel, eg har igrunnen alltid hatt eit litt ambivalent forhald til nordleninga....Oluf, Tore Skoglund og pianisten Trond, Steinar Bastesen.... You name it.


Kan vel ikkje seie at den humoren fell heilt i smak hjå meg! Med fare for å trakke i salaten.Grei nok kan eg humre over småting som til tider KAN vere morsome....... men eg får ikkje den go' følelsen av at dette er humoren som ligg mitt hjerte nærmast. (sorry Svanhild og Kotsasi, eg veit dokke e halvt nordleninga..)

Heilt til i går.

Eg var på "stand up" på Kvarteret. Eg tok meg i å le so eg grein av ein nordlening!!! Eg kan ikkje fatte og begripe det! Ikkje hadde eg konsumert alkohol, eg var heller ikkje overtrøtt eller ustabil i gjerningsaugeblikket... Bergensaren som og var på scena vart berre ein flopp i forhald til nordleningen (BOmbe... heia Brann...)! Eg lo av etterlikning av bie, parodi av kappgong, forskjellige forslag til OL greiner (Hopp-skyting) osv.....

Eg må berre bøye meg i støvet!:) So feil går det an å ta! Neste gong skal eg ha eit mykje meir åpent sinn til ein nordlening moroklomp! Det lova eg......(Berre han ikkje heite Oluf).


Neste veke tek vi for oss Trøndera....So følg med!

No ser eg snart atter slike fjell og fjordar...!:)


onsdag, februar 22, 2006

Datanerd og fugleinfulensa.....





Eg e blitt eit datanerd.

Det e Kjølsdalen musikklag sin feil. Web masteren i musikklaget har nemmelig lagt ut eit forum slik at bådet kjende og ukjende kan "prate" me kvarandre.

Kjølsdalen er i ekstase! Det er so vidt folk går på jobb, ete mat, stelle ungane sine, pleiar samlivet, gløymer å sove etc. Det einaste som betyr noko i livet no er datamaskina! Ektepar som er med i musikklaget har gått til anskaffelse av ein bærbar pc i tilegg til maskina dei allereide har, berre for å behalde husfreden!! Slik at dei begge kan delta aktivt i diskusjonane inn på forumet.

Det har til og med gått so langt at medlemmane vurderar å ha øving på nettet istadan for å samlast i samfunnshuste kvar tirsdag. Kva er vel betre enn å slenge inn ein "smily" til den som tek kontakt med deg, istaden for å måtte seie hei til personen face to face?? Eller ein sur "smily" dersom du har ein dårleg dag?

Nettet gjer deg nemmelig mykje meir laussluppen. Du sei akkurat ka du meinar, legg ut bileter som du aldri ville ha vist dersom du hadde dei i papir format, du kan pirke deg i nasa og prompe medan du "snakkar" med ein person.... osv. På nettet blir alle seg sjølv!

Det hadde vore greit då. I dagleglivet. Om du er trist og lei av den vanlege kvardagen, ja då kunne du berre "logge" deg av, eller gå i "dvalemodus". Og om kvar dag var ein fest, kunne ein ha vore "pålogga" heile tida...t.o.m. "surfa" litt rondt-om-kringfallera:)

En ting eg har tenkt litt på i desse fugleinfulensa-pandemi-epedemi tider er; Kor "frittgåande" er eigentleg desse "frittgåande" hønsa?
Er frittgåande høns høns som berre går fritt rundt om kring inne, eller er frittgåande høns høner som går fritt omkring ute? (inne på natta sjølvklart)....

I det siste når eg har kjøpt ein kartong me "Egg frå frittgåande høner" so føler eg Prior ler meg bak ryggen...: HAHA!.... Veit ho ikkje at høner ikkje har lov til å gå ute no når hønefeberen rasa!!?(dvs. Prior lyg om sine høner!)

- og jo, eg veit det...Eg trur dessuten desse "frittgåande" hønene dokka ikkje e so jævla "frittgåande" allikevel eg....Altso... Kor lettlurt trur dokke eg eigentleg e??

Uansett.... Frittgåande eller ikkje.. Trur eg går for å mate duene i parken eg...


tysdag, februar 21, 2006

Samme gamle gode Britt som har blitt ein anelse mjukare i kantane ette at ho inntok rolla som vår alles favoritt mor!

Prinsesse Martine! Britt og Morten si lille skjønne jente, og som eg e fadder til! Bestemt som få, det har hon etter sin mor...:)



Og her e eit bilde av snilde skjønne morosame Ingvill. Ho maste sånn om at eg skulle legge ut eit bilde av hon på bloggen min....haha...Ingvill hadde eksamen i dag, ein kjempe STOR ein, fordi ho ska bli ein ekte tannlege. Til lykke med vel overstått eksamen Pingvill! Kjenner eg deg rett så gjekk det aldeles strålandes! Vi heia på deg!:)

Dagen for flagrande skjørt og store solbrille!



Dette tenkte eg då eg stod opp i dag tidleg! Klar for ein ny dag, klar for solbriller,klar flagrande skjørt og ikkje minst klar for å levere 1. utkast av mi bachelor oppgåve!

Eg leverte faktisk opppgåva ein halv time før tida!...

Derfor har eg gått med ein snikande følelse av at noko må vere gale. leverte eg i feil resepsjon?... Har eg misforstått heile oppgåva? Har eg tatt feil av datoen?... vel, tida ve vise.....

Universitetet e ikkje det d ein gong va... Eg kan stadig observere uggs, måneboots (sånne store me pels på) og miss sixty bukse godt hengande ned på ræva slik at ein kan sjå den vakre stringen stikke godt over buksekanten....

Kor e det blitt av konfirmasjonsdressen til han far? Gardina te bestemor som er blitt omsydd til eit skjørt og resten av dei raudvinsdrikkande bohemane?....

Eg kjenner meg litt skuffa og trist over at ting har endra seg....

Eg likar ikkje at tilstandar, oppførselar til mennesker og at følelsar forandrar seg... Kan ikkje alt berre vere som "i gode gamle dager"?

Har verkelegheita du ein gong var så gla i berre vore ein illusjon?...Eller e dette det ein kallar å bli eldre og ta lærdom av dei feilstega ein har tatt i livet? I tilfell so synst eg det å bli eldre og "visare" sucks!

Vel, visse mennesker endrar seg ikkje, eller jo. Britt mi kjære barndomsvenninne er forsatt den samme gode gamle!:) Noko, eller rettare sagt nokon har endra seg med Britt og. For litt over eit år sidan vart hon to. Ei lita illsint, skjønn, bestemt og veldig kosete jente har hon fått seg! Martine heite vidunderet!

Britt er den som trilla meg i barnevogn då eg var lita(sjølv om det berre er eit år i forskjell mellom oss) som alltid åt flest ispinnar ned me "bestemor" Sigrid. H o kom alltid på døra kvar dag heile sommaren igjennom og sa på klingande bææærrgensar "ska æg vææærrreme deg?".

Britt var den mest frykta jenta i gata når ho kom til Kjølsdalen. Hon kunne banke dei største gutane, sykle raskast på sykkel(mens eg satt bak på), rape nasjonalsongen(til bestemor sigrid sin store fortvilelse) og skyte dei kraftigaste skudda rett i mål. Og eg, eg va berre soo stolt over at ho var mi venninne!

Vi fann alltid på jævelskap, noko kattane våre fekk smertelig erfare....og ikkje minst min bror Jørn. Britt gjekk besjærk me fiskestonga....kven fekk ho på kroken?.. jo det va min lille bror på då 5. Eit legebesøk var uungåeleg....

Vi forelska oss alltid i dei samme typane...Kven kan vel skryte på seg å ha gått heilt opp på sætra, i snøstorm, vadande me snøv opp til knea klokka 12 om natta... med ei nylaga sjokoladekake til vår utkårede? Det kan vi!! Visen på enda var jo at vår utkårede faktisk ikkje var på sætra i det heile..

Kven var det som la meg trygt i seng hjå bestemor Sigrid, men ei bøtte ved sidan av og ein klut på panna då eg var så full at eg knapt kunne stå på mine eigne bein?

jo, det var vår alles kjære Britt..

(-vel, ho sjøl rømde ut i natta for å finne den store kjærleiken... og kom ikkje att før ettermiddagen dagen etterpå)

Som sagt, visse ting endra seg aldri. Slik som Britt.
Og det er slike ein veit å sette pris på i livet!

Ting ein aldri trudde ville endre seg, har som oftast ein tendens til å gjer nettopp det. Det e vel det som kallast "å la vegen bli til mens ein går".

Hadde berre den vegen ikkje vore so fordømt kronglete av og til......:)








måndag, februar 20, 2006



Må berre legge ut eit lite skrytebilde!:)

Her e Kjølsdalen musikklag ette ein framragande innsats på NM i Bergen forrige helg!!

Akkurat no e heile musikklage i teknologisk ekstase over å ha fått eit forum som går utover samlivet, matinntaket, skule, jobb osv...hihihi



Ps. Kotsasi. Skulle du vere so heldig å støte på denne mannen, ja då veit du ka du skal gjere!

Sol sol sol sol..........

I dag va d dagen for inntak av naturlege d-vitamin "pilla".....og det gjorde godt!

Eg følte meg nesten som ein turist, når eg vandra fram og tilbake, fram og tilbake på bryggen. Uviten om ka slags dør eg skulle banke på...

Hadde eg haurt på dei som "visste" kor Adecco låg hen, hadde eg forsatt traska fram og tilbake no....Takk til den snilde Narvesen mannen som hjalp meg!

Adecco e snilde. Dei ville gje meg ein jobb!

"Det ska nok ikkje bli problem å få deg ut i jobb" sa dei.....
Eg smilte og va igrunnen heilt enig:) !

Eg synst eg e flink. Eg e ikkje redd for å ta i eit tak, heller ikkje for å få skit under neglene... Eg smile og e blid uansett ka slags kunda som tek turen innom butikken, kan t.o.m. komme me eit gullkorn i ny og ne......(send mail for meir info.:)

Glad og fornøgd vandra eg ut av Adecco. No venta eg berre i spenning på DEN draumejobben......!

So, finnast der nåke der oppe i himmelen, GJE MEG NÅKE ANNA ENN EIN VASKEJOBB!!

Sidan eg forsatt følte meg som ein turist... ja, so tok eg det like godt heilt ut. Eg kjøpte meg ein kaffi, muffin og dagbladet...deretter satte eg meg på torgallmenningen som ein diva.

Torgallmenningen e ein snodig sak....Der eg satt so godt tilbakelent og naut min kaffi i sola, fekk eg gleden av å overhøyre "Mari" , ein ekte bææærrrgensar. Hon hadde funne seg DÆN typen. Muskla hadde han, smal midje og DI sexy hendene!!!

Det rare va at for å sjekke ut om han typen med stor H va flink til å kline, ja då hadde hon faktisk bedd veninna si kline me han fyst !!??

Hallo? e det berre meg, eller e det vanleg for tenåringa no te dags?? E det nåke eg har gått glipp av her? Eller burde eg faktisk be td. Kotsasi kline me den eg e intressert i??

Herregud! korfor har ingen sagt det te meg før?? E det nåke rart e aldri har fått eit forhald te å fungere??!

Kjære Kotsasi, ve du kline me min neste beilar? Sånn at EG og kan få meg eit stabilt forhald?

Mitt hjerte står forsatt i brann... snodig nok...:)

søndag, februar 19, 2006


Trist som faen....

Hjelpe ein god film...? Nei.... Hjelpe ei go bok..? Nei. Skulle eg ønske eg hadde eit lass me sjokolade og masse pistasj is? Nei...
Akkurat no føles det som ingenting hjelpe.

"Fortida" tek tak i deg og røska deg me ned i ein djup svart brønn, der alt berre e bunnlaust trist. Salt blir gnidd inn i såret....Mens du sjølv prøva å kravle deg nytteslaust opp av brønnen, utan at det går. Den svarte kalde kloa held deg fast, skubbar deg nedatt.

Eg har lyst å stå opp på eit fjell og rope ut min frustrasjon!!

Fuckings dritt dag. Trur eg utsette "vær gla dagen" min nåken daga te eg....

Men på torsdag då e eg gla! for då ska eg heim....
Søndag blues....


Fam. Sundal, jula 2005.




Vel, sidan det er søndag, og søndagar vanlegvis står i familien sitt namn, so kjem her eit utvalg av eksklusive bilder ifrå min kjære familie...

Sjølv om eg e her i Bergen, systrene Therese og Katrin e i Oslo, og mammaen pappaen broren bestemora og Era e heime i Kjølsdalen, so kan vi jaffal vere samla allje ihop her inne på min blogg!:) (sorry resten av familien om dokke føle dokke ekskludert, men kanskje dokke e so heldige å bli publisert ved ei seinare anledning??)
Det lille gule kule huset til bestemor.


Årets nyttårshelsing anno. 2005. Var du så heldig å få denne helsinga på mobilen din, kunne du og nyte søstrene sisters synge "We Wish you a merry christmast". Vel, so dei seie om ein god gammal årgang, vi blir berre bedre og bedre for kvart år som går!

Meg, Systra Therese og ein mindre villeg Era.

Dette er husets o'store vaktbikkje Era. Veit ikkje heilt om eg hadde lagt på sprang om eg hadde møtt hon i ei mørk bakgate......Men tøff e hon vertfall....:)


Bestmor by night!
Ditta e bestemora mi. Hon e ei rockebestemor... vertfall på ditta bildet.
Ps. Bestemor sei akkurat ka hon meina, og då meina eg AKKURAT. Dette er dama som ikkje legg noko imellom... Sjølv om hon e 86, e hon spretten som ein fole (nesten) og klarare i haudet enn ein 16 åring:)
Her e venninna mi Jannike og systa mi Katrin. Bildet er tatt i jula. Jannike er schizofren, og Katrin har ikkje dei funne ei diagnose på enda....;)hahaha..

Dette er meg!
Grønn Jeanette 1.

Grønn Jeanette 2.

Grønn Jeanette 3.