tysdag, februar 21, 2006

Dagen for flagrande skjørt og store solbrille!



Dette tenkte eg då eg stod opp i dag tidleg! Klar for ein ny dag, klar for solbriller,klar flagrande skjørt og ikkje minst klar for å levere 1. utkast av mi bachelor oppgåve!

Eg leverte faktisk opppgåva ein halv time før tida!...

Derfor har eg gått med ein snikande følelse av at noko må vere gale. leverte eg i feil resepsjon?... Har eg misforstått heile oppgåva? Har eg tatt feil av datoen?... vel, tida ve vise.....

Universitetet e ikkje det d ein gong va... Eg kan stadig observere uggs, måneboots (sånne store me pels på) og miss sixty bukse godt hengande ned på ræva slik at ein kan sjå den vakre stringen stikke godt over buksekanten....

Kor e det blitt av konfirmasjonsdressen til han far? Gardina te bestemor som er blitt omsydd til eit skjørt og resten av dei raudvinsdrikkande bohemane?....

Eg kjenner meg litt skuffa og trist over at ting har endra seg....

Eg likar ikkje at tilstandar, oppførselar til mennesker og at følelsar forandrar seg... Kan ikkje alt berre vere som "i gode gamle dager"?

Har verkelegheita du ein gong var så gla i berre vore ein illusjon?...Eller e dette det ein kallar å bli eldre og ta lærdom av dei feilstega ein har tatt i livet? I tilfell so synst eg det å bli eldre og "visare" sucks!

Vel, visse mennesker endrar seg ikkje, eller jo. Britt mi kjære barndomsvenninne er forsatt den samme gode gamle!:) Noko, eller rettare sagt nokon har endra seg med Britt og. For litt over eit år sidan vart hon to. Ei lita illsint, skjønn, bestemt og veldig kosete jente har hon fått seg! Martine heite vidunderet!

Britt er den som trilla meg i barnevogn då eg var lita(sjølv om det berre er eit år i forskjell mellom oss) som alltid åt flest ispinnar ned me "bestemor" Sigrid. H o kom alltid på døra kvar dag heile sommaren igjennom og sa på klingande bææærrgensar "ska æg vææærrreme deg?".

Britt var den mest frykta jenta i gata når ho kom til Kjølsdalen. Hon kunne banke dei største gutane, sykle raskast på sykkel(mens eg satt bak på), rape nasjonalsongen(til bestemor sigrid sin store fortvilelse) og skyte dei kraftigaste skudda rett i mål. Og eg, eg va berre soo stolt over at ho var mi venninne!

Vi fann alltid på jævelskap, noko kattane våre fekk smertelig erfare....og ikkje minst min bror Jørn. Britt gjekk besjærk me fiskestonga....kven fekk ho på kroken?.. jo det va min lille bror på då 5. Eit legebesøk var uungåeleg....

Vi forelska oss alltid i dei samme typane...Kven kan vel skryte på seg å ha gått heilt opp på sætra, i snøstorm, vadande me snøv opp til knea klokka 12 om natta... med ei nylaga sjokoladekake til vår utkårede? Det kan vi!! Visen på enda var jo at vår utkårede faktisk ikkje var på sætra i det heile..

Kven var det som la meg trygt i seng hjå bestemor Sigrid, men ei bøtte ved sidan av og ein klut på panna då eg var så full at eg knapt kunne stå på mine eigne bein?

jo, det var vår alles kjære Britt..

(-vel, ho sjøl rømde ut i natta for å finne den store kjærleiken... og kom ikkje att før ettermiddagen dagen etterpå)

Som sagt, visse ting endra seg aldri. Slik som Britt.
Og det er slike ein veit å sette pris på i livet!

Ting ein aldri trudde ville endre seg, har som oftast ein tendens til å gjer nettopp det. Det e vel det som kallast "å la vegen bli til mens ein går".

Hadde berre den vegen ikkje vore so fordømt kronglete av og til......:)








Ingen kommentarer: