fredag, januar 28, 2011

Her er den nye blogg adressa mi!

Bloggen er framleis under oppbygging, så ja. Det seier vel seg sjølv at den akkurat no er svært spartansk.



http://frkfjongsundal.blogg.no


onsdag, januar 26, 2011

Å syngje på siste vers.


Sola slo meg midt i andletet då eg stod opp i dag tidleg. Eg strålte om kapp med ho, medan eg slurka i meg varm presskanne kaffi og åt pære. Eg tok på meg kleda; raud prikkekjole i sola sitt høve og veske med gullpaljettar. Eg tok han fine i handa, og vi vandra ut i byen som sjeldan bada i sol.

Eg tok bileter av ender, mannen og alt anna eg har lagt ut nedanfor. Og ikkje minst, eg var innom kjære Pingvinen for litt slarving og mocca med Birgitta.


Som ein ekte bloggar, så tenkjer eg som ein bloggar, tek bilete som ein bloggar og har bloggen kjært i mitt hjarte. Den feirar i desse dagar heile fem år! Eg fekk fullstendig andenød og hadde lyst til å rive av meg alt håret i frustrasjon då bloggen gav meg beskjed om at 'Picasa-webalbum' er fullt! Dette innebære at eg må slette ein heil del bileter dersom eg skal laste opp nye fine minner i verdsvev dagboka mi! Og, berre for å legge ut dette innlegget, så måtte eg slette mengder med gamle bileter. Krise!!
Eg som var midt i å ta ned juletredet og ønkske våren velkommen i heimen vart heilt satt ut av spel! 


Ikkje før no, når eg nesten har fått lagt ut kanskje mitt siste innlegg på denne bloggen, så har eg fått roa nervane. Det er ikkje slik at eg skal slutte å blogge. Men, anten må eg kjøpe meir 'minne' eller så må eg rett og slett flytte bloggen til ein anna stad. Så kjære blogg, eg har visst brukt deg opp! Korleis kunne eg vete at du faktisk var blitt gammal og ikkje orka meir?


Eg trur eg herved må pensjonere bloggen, og sende han på blogg-gamleheim. Takk for alt kjære blogg! Gjennom fem år kan eg kjenne på følelsar berre ved å sjå bileta. Eg kjenner at du held kjenslene trygt bevart her inne om eg skulle sakne nokon av dei. 


Sjåast att om ikkje så lenge på ei ny side. Håpar den blir oppretta ein av dei næraste dagane. Så følg med vidare!


tysdag, januar 25, 2011

Grunnar til å trene.

- Ein heilt vanleg tirsdag, midt i ei heilt vanleg veke, flyttar seg frå 'not-sida' til 'hot-sida'.
-Den verste 'badhair' morgonsveisen kan lett skjulast under ei stor ullhue, og ein kjem ifrå det med å sjå kul ut.
- Å bruke den raude og kvitstripa Ulvangtrøya som eg har lagt mi elsk på.
- Å bli plystra på av eksotiske anleggsarbeidarar i sin beste alder når ein langar ut forbi store Lungården(Les: Gamle sleipe grisar frå austblokkland)
- Å snuse inn doggfrisk luft med hint av sol. 

- Få raude roser i kinn, utan å bruke rouge.
- Få fyldige lepper utan kunstige verkemiddel, berre fordi blodet og endorfinane strøymer som galne i kroppen.
- Late som ein er med i 71 grader nord, kun for å presse seg sjølv til det maksimale. Jamvel om bilen og pengane ikkje ventar på målstreken for vinnaren.
- Å bli sett på med beundrande blikk når ein spring forbi sletne sjeler med hengeposar under augene. Rett og slett fordi ein alt for godt veit korleis det er å være på den "andre" sida sjølv.
- Hoppe over steina, le høgt når ein er fyrste mann opp Johannes kyrkjetrappene og leike slalom mellom treda, utan å bli hente av psykiatrisk i Sandviken. Fordi kleskoda er riktig.
- Gå på butikken å handle inn berre sunne ting, som blodappelsin, pære, youghurt naturell, honning og nøtter. Berre for å gni det inn til han bak- med cola og snickers, liksom. 
- Å kjenne at ein lev, når musklane i arma dirrar etter mange push-up's.
- Å dandere maten fint på min prikkete duk, berre fordi eg vil vise kor flink eg har vore på bloggen min.
- Belønne meg med rykande kaffi og forsette mine daglege plikter i livet, med god samvit.
-Å faktisk ha ein blogg, der eg kan skryte hemningslaust av meg sjølv når andre gløymer å gjere det.

måndag, januar 24, 2011

Sunday funday!

Kva gjer ein en søndag kveld når natta er for ung og ein ikkje vil legge seg?
Joda, vi held ein liten og stille "fest" på altanen med stjerneskot som er 'leftovers' frå nyårsafta! Bante og steikte litt over ei linse som treng alt for mykje lys til å ta bra bileter i skumringa, men denne får halde enn så lenge.

Det står på ønskelista mi om nokon skulle lure.

søndag, januar 23, 2011

Søndagstrening.

Jogging og styrketrening på ein søndag er ikkje til å kimse av.


Den Parisiske laurdagen.
 


Kor heldig er ikkje eg?
Eg har både super hyggelige kunda og fin kjærast!


Laurdag før stengetid kom det inn ein hyggelig ung herremann som ville finne seg nokon kjekke litt maskuline og tøffe kle.
Vi kom i prat og var skjønt einige om at damer har det mykje lettare når det gjeld å finne seg spesielle og kule kle. Det går mykje i rutete skjorter for menn, liksom.

Etter å ha snakka litt rundt det emnet, så nemnte han Paris med alle sine fantastiske vintage-butikkar. Då fekk eg glitter i augene- og måtte sjølvsagt nemne at eg skal til den fine plassen om ikkje alt for lenge.

Det viste seg at han hadde studert i Paris, og var godt kjendt i byen. Den hyggelige herremannen gav meg fleire gode tips for å unngå "turistfellene". Han var faktisk så snill at han tok ein telefon til sin kompis i Paris, då han ikkje kunne komme på gata der alle bruktbutikkane ligg! Derifrå den fine lappen. Deilig med snille mennesker som i tilegg er min kunde!


Eg var sjølvsagt i glød då eg kom heim til han fine! Han sa: "sjå på bordet" Og der låg ein liten presang til meg. Eg som ELSKAR presangar! I gåva var ein dvd som heiter 'Paris 36'.
Fine gode mann! Ingenting er som ein dag med små uventa overraskingar! Då smakar dei best....

torsdag, januar 20, 2011

"Husmor"


Det beste ein kan gjere når pengane i kassa skrantar, er å planlegge måltida minst ei veke framover i tid (Har eg høyrt). Så i går tok vi betrevitarane på ordet og fann ut kva vi hadde i kjøleskåp, vanlege skåp, skuffer og frys- slik at vi kunne handle utifrå dei ingrediensane vi allereide har.
Kjempe smart! Greit, le og tenk "det har no vi funne ut for lenge sidan" men gud bevares, det er lettare å gjere det i teorien enn i praksis!


Etter å ha vore heime i jula, så har vi uhorvelege mengder med hjortekjøttdeig. Les; fem pakka. Eg skyt ikkje hjort, men det gjer far min. Vi lagde to store pizza og ein haug med kjøttkake til å fryse ned og ha i lang tid framover. 
Shit, eg kjenner meg som husmor i eit hushald med minst ti personar! Men det funkar som faen på lommeboka!
Kjøttkaker med grove brødsmular, sesamfrø, løk og kvitløk. NAM!

Husmora googlar og leitare etter gode pizzaoppskrifter
(les nymodens husmor)med grov botten. 
Mannen dokumenterar med bileter.
Det lukta svingodt på kjøkenet av god gammaldags husmanskost!
Forkle må til når ein skal steike kjøttkaker!

tysdag, januar 18, 2011

Søndag.

Siste dagen i vekar er melankoli. Siste dagen i veka bør eigentleg berre ta seg skikkeleg saman, eg lika ikkje deg- og det veit du.
Eg gjer det beste ut av den. Dagen då ein kjenne seg fyllesjuk uansett om ein ikkje har smakt dei edle dråpane og slafsebukse er det einaste rette å gå med.


Sola var inne og i alle fall ikkje ute. 
Men eg tok ho med ut. Berre for å gjere eit forsøk 
i å lyse opp regntunge Bergen.


 Vi er heldige i Bergen trass i at himmelen ramla ned. 
For første gong i Bergen- "ekte" persisk kebab! 
Skiltet lyste i alle fall opp gata og 
alle andre i hundremeters omkrets.

Sol gjorde stor innsats i å trasse vatnet. Og det var deilig.
Innsatsen var heller ikkje til å klage på hjå meg. 
Paraplyen var heller lite samarbeidsvillig. 
Trudde det var ein paraply sin jobb å vere 
himmelen sitt skjold i slike tilfeller.
Vi fann 'stien' vår. Vi kjende oss som heime. 
Og paraplyen bøygde seg oppover. 
Sol vart ekstatisk då ho fann ein raud ballong 
ute i det fri!
Vi var einige om at dette måtte vere det beste 
som hadde skjedd oss så langt på denne dagen!
Verda smilte til oss.Og vi vart lukkelege over 
den raude ballonge.
Vi vart raskt gode kompisar med ballongen. 
Sjølv om den var liten og hadde 
sett sine beire dagar.
Fortida gjekk forbi, med ein skugge av meg sjølv.
Og vi vart så glad at vi hoppa i dammen. 
For heime visste vi at han fine venta, og at
han er alt anna enn fortida, 
og alt anna enn ein skugge.
Livet er godt. I alle fall med ein raud ballong i handa.

Til og med bygningane på den andre sida av Lungardsvatnet
smilte til oss.
Og Sol var som alltid nydeleg.
Vi fann vakre fargar stadar med fargar 
som passa perfekt saman med den raude ballonge.
Og opplyste stadar. Og begge vart mykje 
smartare av det.
Sol held ballongen i si hand og vi var like 
ved målet for turen.
Maria var midt i sorteringa av alle dei 
fine neglelakkane ho har. Vi fekk stjerner i augene
og kjende oss som ungar med nasa i ein godtepose.
Eg kjende meg heilt ør av dei fine fargane.
Ho mangla ikkje ein einaste farge.
Ho fortalde om fine møter, musikk som har 
blitt spelt sidan sist og huset ho 
bur i som har spøkelser.
Dei to kunstnarane Sol og Jeanette kunne 
ikkje anna enn å legge neglelakkane 
etter farge og tone. Vi vart nesten som besatt.
Maria har den finaste sprinkelsenga med 
misunnelsesverdige lys ovanfor. 
Dei har ho laga sjølv.
Vi sat lenge å pludra med fargane. 
Vi fekk til og med ta med oss nokon heim. 
Blå er ikkje akkurat Maria sin farge.
Vi koste oss med kaffi og jazz i bakgrunnen.
Eg kjende det. 
Denne søndagen likte eg. Eg likta alt. 
Sett vekk ifrå at no skal mitt beste kamera få nye 
batteri.
Så seier vi takk og farvel til det kompakte. 
Du er heilt ok, men sug for det meste.