torsdag, januar 20, 2011

"Husmor"


Det beste ein kan gjere når pengane i kassa skrantar, er å planlegge måltida minst ei veke framover i tid (Har eg høyrt). Så i går tok vi betrevitarane på ordet og fann ut kva vi hadde i kjøleskåp, vanlege skåp, skuffer og frys- slik at vi kunne handle utifrå dei ingrediensane vi allereide har.
Kjempe smart! Greit, le og tenk "det har no vi funne ut for lenge sidan" men gud bevares, det er lettare å gjere det i teorien enn i praksis!


Etter å ha vore heime i jula, så har vi uhorvelege mengder med hjortekjøttdeig. Les; fem pakka. Eg skyt ikkje hjort, men det gjer far min. Vi lagde to store pizza og ein haug med kjøttkake til å fryse ned og ha i lang tid framover. 
Shit, eg kjenner meg som husmor i eit hushald med minst ti personar! Men det funkar som faen på lommeboka!
Kjøttkaker med grove brødsmular, sesamfrø, løk og kvitløk. NAM!

Husmora googlar og leitare etter gode pizzaoppskrifter
(les nymodens husmor)med grov botten. 
Mannen dokumenterar med bileter.
Det lukta svingodt på kjøkenet av god gammaldags husmanskost!
Forkle må til når ein skal steike kjøttkaker!

4 kommentarer:

Mari sa...

Ja, det var husmora si!
Eg har òg kome fram til at mathandling må planleggjast! Viss ikkje blir det så himla dyrt og vanskeleg å lage middag.

Marianne sa...

No vart eg beroliga,godt at sonen skal få skikkeleg heimelaga mat slik han er van med!!( ha-ha)
Såg forresten veldig godt ut...

jeanette_s sa...

Anar eg ein viss ironi her, Marianne?
Ja, planlegging e tingen! Nåke eg e særs dårleg til!

Anonym sa...

AZM!