onsdag, desember 17, 2008

Onsdag!

-Og fridag:).....
Sitte i stova, ser God Morgen Norge, drikk kaffi, et frukost og nyte livet! God med ein dag fri midt i veka. Spesiellt no framfor jul, når det blir mykje jobbing. Har plana om å handle dei siste julegåvene i dag, eller dvs. eg MÅ handle dei siste julegåvene i dag! Sia det faktisk e den einaste fridagen eg har før eg ska heim te Kjølsdalen den 22. Gleda meg veldig te å komme heim te jul no! Ska bli kjekt å sjå heile familien igjen, og berre kjenne på den gode følelsen som kjem når jula står for dør.

Arrangerte julebord ilag med Synnøve for korpset forrige helg. Må seiast at det ikkje e berre berre å arrangere julebord. Mykje logistikk! Bestilling av ribbe og svinekjøt, leige av lokalet, innbetaling av dei som ska vere med, pynting, rydding og betaling av reikninga. Synst sjølv at vi greidde oss bra- kvelden vart veldig vellykka den! Starta kvelden med å halde julekonsert i Fana kyrkje. Ei fin steinkyrkje med store fine gotiske vindu med glasmåleri. Kosleg når lyset va dempa og dei einaste lyskjeldene i kyrkja var dei små lampane vi har på notestativet og stearinlysa i vindauga. Stemningsfullt! Deretter bar det vidare til Hjellestad der vi dagen før hadde pynta bordet fint med glitter og stas:) Festen varte ut i dei seine nattetimar med boblevatten og "all i want for christmas is YOU"........;)

Ellers er eg svært lykkeleg for å ha fått billettar til Coldplay som ska spele på kohengen i haust! Sjølv om dei har fått terningkast éin vel eg å oversjå karakteren av dei bedrevitande musikkannmeldarane. E ein fan, so e ein fan. I tjukt og tynt! Ellers gleda eg meg til eit litt mindre band, Kniv og taffel, som held konsert på Garage i måra. Då blir det go gammaldags oppjazza julemusikk. Håpe eg får mi dose med julestemning og stjerner i augene......

Ha ein go dag folkens(for dei som forsatt gidd å følge med på bloggen)........
May all your dreams come true:)....


torsdag, desember 04, 2008

Organisering-

Må til for den som ska arrangere julebord for 25 stk. Etter mykje om og men, fram og tilbake. Bestilling av pinnekjøt og svineribbe. Avbestilling, og mangel på lokale å halde det i- ser det no ut til at alt e i boks om ikkje so alt for lenge! Det ska bli kjekt å igjen ta på seg finstasen for å feste jula inn med hyggeleg lag!

For å ikkje snakke om den fyrste festen som vi skal arrangere som allereide går av stabelen på laurdag:) Då blir det julefest hjå "de vakre" (som det står på ringeklokka vår). Altså meg, Synnøve og Johanna inviterar til gløgg, mandarine, pepparkake og Mariah Carey som syng for fulle muggar (hihi...) "All i want for christmas is you!"......Det kan ikkje bli betre!

Alle som ikkje har fått invitasjonen på facebook er hjarteleg velkomne!


Ha ei go natt!

onsdag, desember 03, 2008

Trist dag på Eid.





Ei ufatteleg tragedie har skjedd på Eid.
Ein mann og ei dame vart funne døde utandørs, og politiet reikna med det et eit drap og eit sjølvdrap.
No sit tilsaman sju barn attende utan ei mor, og utan ein far.
Alle heime på Eid veit kven borna er, og kven dei drepne var. Sjølv om ein ikkje nødvendigvis kjenner alle personleg. Klart ei lita bygd som Eid reagerar med sorg og vantru når slike forferdelege hendingar skjer med sambygdingar.



Mine tankar går til familie og pårørande til dei som har mista sine kjære.