torsdag, desember 04, 2008

Organisering-

Må til for den som ska arrangere julebord for 25 stk. Etter mykje om og men, fram og tilbake. Bestilling av pinnekjøt og svineribbe. Avbestilling, og mangel på lokale å halde det i- ser det no ut til at alt e i boks om ikkje so alt for lenge! Det ska bli kjekt å igjen ta på seg finstasen for å feste jula inn med hyggeleg lag!

For å ikkje snakke om den fyrste festen som vi skal arrangere som allereide går av stabelen på laurdag:) Då blir det julefest hjå "de vakre" (som det står på ringeklokka vår). Altså meg, Synnøve og Johanna inviterar til gløgg, mandarine, pepparkake og Mariah Carey som syng for fulle muggar (hihi...) "All i want for christmas is you!"......Det kan ikkje bli betre!

Alle som ikkje har fått invitasjonen på facebook er hjarteleg velkomne!


Ha ei go natt!