torsdag, november 30, 2006





JIPPI!!!!


Jippijodlejuble!!!!!!!

Fuck of HF! Eg tek resten av dagen ffffffffffffffffrrrrrrrrrrriiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiiii!!!:)

onsdag, november 29, 2006

Snart....

I dag spratt eg opp av senga ti på sju, opplagd som ein fole!:).......For kva skjer i dag??.....jo, jeanette kjem eit steg nærare juleferien!!!!!!!!::))



jippijippijippijippijippijippijippi!!!!!! Då ska eg kose, doze and rocking around the christmast tree til Wenke Myres og Vikingarnas julekasett ete mandarin og marsipangris all night looong!!!!:)
Ulldott.

Hjerna mi kjennast ut som ein stor ulldott. Eg prøvar å komme fram til finurlege, elegante og godt gjennomtenkte setningar som eg kan brilliere med i oppgåva mi....men alt eg tenker på akkurat no er ingenting.

Eg skal ta ut ulldotten snart.....

måndag, november 27, 2006

Endeleg......


Endeleg har eg funne min sjelefrende. Ho heiter Marit, og er jorunalist i "Studvest"......

Her er eit utdrag frå det ho skriv....:

"Det er leggetid, en tid jeg har sett frem til siden vekkerklokken smertefullt bekreftet dagens begynnelse. Med sminkefritt tryne, frisk ånde og pysjamaskledd kropp spankulerer jeg tilfreds fra badet i retning soverommet. Blikket sveiper over stuen. Det er best å legge seg sist.Kun da kan jeg vere sikker på at alt ser plettfritt ut. En smule på komfyren er katastrofe og kan medføre støvsuging. Etter å ha stappet klippan-stoffet på plass, fløffet putene og kastet alle de utbrente stearinlysene og erstattet dem med nye, kan jeg endelig senke skuldrene og forsvinne inn på soverommet.

Jeg bretter sengeteppet og legger putene i riktig rekkefølge ned på gulvet. Riktig rekkefølge vil si at den puten som skal ligge innerst i putehaugen neste morgen, får plass på toppen. Fem puter har sin faste plass, både i, og utenfor sengen. Jeg er klar til å lukke øynene. I et siste krafttak løfter jeg armene for å slukke lyset på nattbordet til venstre for meg. Men så får jeg øye på den. Skapdøren. Den er åpen. Den jævelen. Hvem kan sove med en åpen skapdør?..........."



Det Store Norske Leksikon definerar tvangshandlingar som "Handlingar som individet gjer av ei ubetvingelig indre kraft, men utan rasjonell intensjon eller fornuftsmessig logikk"

onsdag, november 22, 2006

Mandarin.



Denne orange vesle djævelen her er rota til alt vondt.


Ja, eg veit det. og eg skammar meg.



Eg har ete mandarin so det helde......


I dag blir eg spandert på ein betre middag!mmmm..... kan ikkje vente:)

søndag, november 19, 2006

Pepparkakebyen og juleverkstad.




Kortid skal vi ha juleverkstad og besøke pepparkakebyen folkens?....
Det blir vertfall ikkje jul uten å ha tatt ein tur på galleriet.....
Kjølsdalen best i Nordfjord!
Jølster musikklag var som vanleg suverene i Sogn og Fjordane-meisterskapen for amatørkorps, men Kjølsdalen musikkorps sikra nok ein gong andreplassen
.

"Kjølsdalen musikklag har fleire andreplassar frå tidlegare, og korpset frå bygda lengst vest i Eid kommune har all grunn til å vere fornøgde med både innsats og plassering. Dei kan smykke seg med å vere best i Nordfjord, og dei var også einaste korpset utanom Jølster som fekk tresifra poengsum." Sitat: Sunnmørsposten.



Brass
1 Jølster Musikklag - 95 + 10 = 105 p
2 Kjølsdalen Musikklag - 91 + 9 = 100 p
3 Torskangerpoll Musikklag - 90 + 7 = 97 p
4 Fjordbrass Lavik - 88 + 8 = 96 p
5 Florø Hornmusikk - 86 + 8 = 94 p

laurdag, november 18, 2006


Negative trendar i "trivselsfylket"......




Kjølsdalen skule kan bli lagt ned.

- Det må vurderast å leggje ned Kjølsdalen skule, føresler Arbeiderpartipolitikar Oddvar Os i Eid.


Aldri meir Coop.

"Etter 60 år vert handelslaget på Bryggja lagt ned. Faghandel Eid og butikken på Stårheim får leve på nåde ei stund til."

Flyplassar kan bli helgestengt.

Dersom våt snø legg seg samstundes på dei fire flyplassane i Sogn og Fjordane i helgane kan flytrafikken i Sogn og Fjordane stanse heilt opp i tre døgn.


Fødande til Førde utan jordmor

Fødande i Nordfjord må truleg reise i ambulanse utan jordmorfølgje til Førde eller Volda i jula.

"Små" reduksjonar i bemanninga

Talet på tilsette ved lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal er redusert med kring 14 stillingar på fem år.


Fødetilbodet kan verte truga.

Fødetilbodet i fylket kan vere truga av stadig fallande fødselstal ved sjukehusa. Dei siste åra har det vore ein jamn nedgang, og så langt i år er trenden den same.


Eg har ein idé til alle poitikarane; Kvifor ikkje berre legge ned heile Sogn og fjordane? Så kan alle bøgdisar ta med seg kyrene sine til t.d. Oslo gryta, eller Bergen by.... slå opp telt i slottsparken, dyrke økologiske grønsaker og leve som ein "one big happy family" til verdas ende..


Det hadde vore noko dét.
Ragnarokk.

No trur eg ikkje verda står te påske (vertfall Bergen).

I natt har det vore eit helvetes veir utan like. Lynet blenka kvart femte minutt, tordenet dundra så det høyrest ut som om siste time er komen og både Fløyen, Ulrikken og Løvstakken er på veg til å dette ned. Og haglet er på størrelse med ormeauger.

Men inne er det varmt.

Det er bra, for no er det ikkje lenge at til innleverngsfristen.

fredag, november 17, 2006

Nyttige ting å vete.

- Blåhvalen er verdens største dyr. Hjertet er like stort som en bil, og tungen like lang som en elefant. Ved fødselen veier den ca. 2-3 tonn.
- Det er 206-220 bein i kroppen din.
- Hvis du river av alt skinnet på kroppen, vil det veie ca. 2.5kg.
- En zebra er hvis med svarte striper.
- En flodhest kan løpe fortere enn et menneske.
- Alle planetene i verdensrommet svever mot klokken, bortsett fra Venus. Den går med klokken
- Hippopotomonstrosesquippedaliophobia er ordet for "fobi mot lange ord".
- Den første sykkelen ble laget i 1817 og hadde ikke pedaler. En gikk med den.
- De som forurenser mest i verden er jern, stål og sement-industrien
- I India har tallet på motoriserte kjøretøy økt fra 0.2 millioner i 1947, til 36.3 millioner i 1997
- For å nå jordens indre må du grave 6437 kilometer.
- Tungen til en kammerlon er dobbelt så lang som kroppen
- Omtrent 10% av verdens befolkning er venstrehendt
- En vanlig seng huser som regel over 6 millioner husmidd. De lever av hudrestene dine
- En hakkespett kan hakke 20 ganger i sekundet
- En rotte kan klare seg lengre enn en kamel uten vann
- En person som har hexadectylisme har enten seks fingre på hver eller en hånd, eller seks tær på en eller begge føtter.
- En av 8 snorker og en av 10 gnisser tenner når de sover
- 188 decibel er den høyeste lyden laget av et dyr. Blåhvalen går av med seieren.
- En bjørn kan løpe like fort som en vanlig hest
- En nyfødt panda er mindre enn en mus
- Fingerneiler vokser nesten 4 ganger fortere enn tåneiler.
- Du blunker over 10,000,000 ganger i løpet av et år.
- Hunder og katter kan også være venstrehendt, akkurat som vi mennesker.
- Når en katt gjesper, kan den ikke se til siden.
- En vanlig person ler ca. 15 ganger om dagen.
- Alle isbjørner er venstrehendt.
- I løpet av de siste 150 årene har gjennomsnittsmennesket vokst med ca. 10cm
- Hvis 1% av kroppens væske forsvinner, vil du føle deg tørst. Blir den redusert til 10%, vil du dø
- Bull betyr Okse på engelsk, men kan og være en han-antilope, han-elefant, han-giraff, han-sel
eller han-hval.

(Beklaga at det står på bokmål)

torsdag, november 16, 2006

Urinal.
Marcel Duchamp. "Fontene" frå 1917.

Kanskje det mest kjende kunstverket innan den moderne tid.
Tilskodarane vart provosert då Duchamp stilte ut dette urinalet signert med R.Mutt, og meinte at dette ikkje kunne kallast kunst. Det var nettopp denne reaksjonen Duchamp ønska å oppnå med urinalen; å provosere og få folk til å tenkje over spørsmålet "kva er kunst"?

Er det berre den "tradisjonelle" kunsten som skal kunne kallast kunst, eller kan alt som har ein bakanforliggande tanke og idé også kallast kunst?



Gerhard Nauhold, urinal. 2006.

Plassert på eit offentleg toalett i nærleiken av opraen i Wien.
Uniralet provoserte sterkt dei folkevalgte som skulle gjere sitt fornødande. Dei synest det var upassande å la dei trengande late vatnet i eit kvinnegap.... Dermed vart eigaren tvinga til å selge urinalane...

Skulle tru tidene har forandra seg, og at menneske anno 2006 tålete meir enn kva dei gjorde i starten på 1900- talet. Tydlegvis ikkje...

tysdag, november 14, 2006

Oppskrift på fin kveld.

Sia det nærma seg jul e det lov å smake på den berre litt....

Sitt godt innpakka i dyne opp i senga/sofaen (gjerne saman med nokon)
Leig ein kosleig julefilm (slik som t.d. "polarekspressen" eller "Hjemme alene" filmane...osv.)
Et masse pepperkake og mandarin.
Drikk haugevis med julebrus og gløgg.

Ein perfekt kveld og eit perfekt minne...
Make my wish come true, all i want for christmast is you....

Alle masa om ønskelista mi til jul.

Her er den:

Eg ønska meg ein mann innpakka i raud sløyfe!
-Den finaste av dei alle...
Eit perfekt renessansemåleri. Faktisk veldig kjekt å lese i dag.
Sjukepleiar Synnøve.

I går, etter ein lang og hard dag på universitetet, då eg stod å gjorde mine aerobic øvingar... Kom Synnøve i ekstase over å ha fått ein pakke i posten. Eg letta so vidt på smilebandet, sa "jippi"....og forsatte mi treningsøkt.

Synnøve la på sprang til butikken. Og etter nokre få minuttar var ho tilbake igjen. Endå meir i ekstase! Jo, for kva hadde ho fått?..... Eit stetoskop.......! "Jippi "..... sa eg endå ein gong.... med "god" innleving......

"No kan eg ENDELEG bruke mitt eige.."... sa ho.


Altso, kva er det med sjukepleiara og kjærleiken til stetoskop???....

Har budd ilag med sjukepleiara før- og det samme fenomenet oppstod der.
Synnøve greide knapt å vente med åpne det før ho hadde ete opp maten, foten dirra, augene vart store som tinntallerkenar, og det var både julafta og bursdag på same dag.

Berre for å vere litt kjip, so tok eg stetoskopet og lata som eg skulle sjå på det akkurat då Synnøve hadde ete ferdig og var klar til å kaste seg over hærligheiten....


Då fekk ho store auger då! hehe... DET synst EG va moro!:)

Vel, no har vi både sjekka lunger og hjerter. Og det ser ut til å stå bra til med oss bort i Nygårdsgata!

So veit dykk det.

måndag, november 13, 2006

Kattekvinnen!

Når eg fyrst er så godt i gong med å leite opp stoff om renessansen, tenkte eg legge ut eit bilete av "Mona Lisa" Nokre av biletene meir aktuelle enn andre........











Lika spesiellt godt det siste....

Kva er nytt med renessansen sitt syn på kunst?

-La større vekt på individet, og ikkje på fellesskapet (slik som i mellomaldaren).
-Fekk eit humanistisklivssyn.
-kunsten vart meir autonom i forhal til kva han hadde vore før. Vart meir lausreven frå kyrkja.
-Vart viktigare å avbilete sanninga slik som den verkeleg var. Det trancendente vart nedtona.
-Strenge komposisjonar var viktig. Skjønnleik vart definert som ein heilheit kor alle delane i biletet stod i bestemte proposisjonsforhald i forhld til kvarandre.
-Kunsten vart ikkje lenger berre eit handverk, men fekk ei eiga "kunstsfære".
-Gjenføding av antikken

Seier "ja takk" til fleire gode innspel!:)

Eksamensdagar.

I dag fekk eg utlevert min fyrste heimeeksamen. So no startar helvetet.
Det verste var at eg fekk utdelt eksamensoppgåvene på bokmål. Er det ein gyldig grunn til å sende ei skrifteleg klaget til universitetet? "Sorry, pga. dårlege kunnskapar innan bokmål, so skjønte eg desverre ikkje spørsmålsformuleringane.....".....

Vel det er lov å prøve seg.....

Egentlig har eg mest lyst heim for å malet på bildet mitt. Tenkte eg skulle vere so "crazy" at eg blanda bonderomantiske element inn i eit abstrakt bilete. Trur det kan bli veldig festlig.....T.d. Båten til "Brudeferd i Hardanger" på knæsj mintgrøn bakgrunn?? Eller, bondejente som eg er, biletet av ei kyr på ein catwalk.... hm...


moglegheitane er mange.

Eg savna allereide Kitch'n. To veke til eg skal på jobb att......

søndag, november 12, 2006

Takk for flott kveld!

Raudvin og Ingvill er alt som skal til for at ein kveld skal bli perfekt! Vi fjasa, masa og sang til Mari (halle halle halleluja...)

Gleda meg til Ingvill skal feire nyttårsafta i Kjølsdalen!!!!!! jippi jippi!!:) Det ska bli superkjekt:)

laurdag, november 11, 2006

fredag, november 10, 2006



Feiring av min og bestemor sin bursdag.

Var som sagt heime i helga for å feire min og bestemor sin bursdag. Mykje rart som blir sagt og gjort i slike selskap der både Sundal og Erdal fam. er samla.

Kenneth rippa opp i gamle sår hjå Therese. Han kunne erindre at Therese hadde for ein vane å kle av seg eit og eit plagg når ho vart sur. Når ho tilslutt satt att i stilongsen; ja, då visste ein at det var like før bristepunktet .

Therese på si side, kunne ikkje hugse at noko slikt hadde skjedd.

Ellers har vi gamle "travarar" slik som historia om då Jørn i sin pure ungdom skulle gje kattungen melk; han putta like gjerne heile katten ned i melkestampen. Treng vel ikkje seie meir enn at pappa, som oppdaga katten, både prøvde med livredning og spyling av katten.

Livete stod desverre ikkje til å redde.

Ein kjem vel heller ikkje vekk ifrå endå ei dyrehistorie... Då Kenneth i all stillheit gav kyra så mykje mjøl, at det var like før ho gjekk i lufta og måtte ha dyrlege i all hast.

Desse historiane seie vel litt om kven som var dei snildaste og rolegaste ungane på garden. Eg seie ikkje meir....

Bestemor inspisera dei nye stavane.

Kenneth med sjegget hjelper bestemor med å sette ihop stavane.

No er stavane snart på plass. Jens Marius følger nøye med ifrå sidelinja.

Eg tek ein Shabana Rehman.

By the way. I dag ska "The school" spele på Garage. Veldig bra.

Heilt vanleg dag hjå fam. Sundal.

Legg ut nokre heller lite flaterande bileter av fam. Sundal sitt middag selskap.
Godt mogleg eg blir gjort arvelaus no......







tysdag, november 07, 2006

Kva er i drikkevatnet??




Kva er det som er i drikevatnet heime?? Kvinnelege kjønnshormonar?? Eg berre spør etter å ha sett desse biletene.....

Vel, dersom vassverket har forgifta vatnet i fleire år, kan eg godt skjønne kvifor eg og fleire andre i Kjølsdalen er blitt som dei er blitt.....;) "No FENCE" altså.....

TRØNDERLOVEN:

1. Bli itj fæst uten skinnvæst
2: Bli itj fin uten mokkasin
3. Bli itj fart uten bart
4: Får itj råna uten Ascona
5: Bli itj rock uten two-stripes sokk
6: Bli itj knullings uten rullings
7: Bli itj barsk uten karsk
8: Du e itj kvass uten Adidas
9: Du veit ka du får, me bleika hår
10: Me japansk bil e du homofil

Noko vi andre kunne ha lært av......

måndag, november 06, 2006

Kaffi.

Ken av jentene har fri til å vere med å drikke kaffi i måra? Då har eg lesedag, og treng pause inimellom:)

jeanette ropar hurra!


Hurra for Trine!!

Kjære Trine, gratulerer så mykje med dagen din!! Håpe du har hatt ein dag du har følt deg som prinsesse og diva på samme dag! Tenk, no e vi i samme båt.....

Takk for fint innlegg på bloggen din i går!:) Eg ska følge råda dine. Eg synge på bachelorette songen din dag og natt. Og veit du ka? Eg trur den hjelpe!:) Eg e klar for sjekking på høgt nivå te helga!:)

Vi savna deg, kom snart tilbake!:)

søndag, november 05, 2006

Bachelorette, you can turn dust into champagne
you even dream about his name
you tried to show him that you can
but you can never rush a man
you`re a car girl, you`re a star girl
you`re at the door
the tide will turn
There`s a window
You fly alone and when you cry sometimes
there`s nothing like it in the world
oh, just bachelorette you climb on rooftops and you bachelorette.
Forresten.....


Gle dokke kjære bloggarvenna. Eg har utrulig mange festlige bileter heimaifrå!

Har leika fotograf heile helga, til bestemor og tante Jenny si store fortviling......

Eg har tatt bilete av:

-Utdraging av laus hud frå ansiktet (dette skjedde under fam. middagen. Ps. Jens Marius starta...)
-Tvangsklemming av bestemor.
-Bestemor i "nordic walking gange"... ho fekk seg nemmelig stavar til bursdagen.
-Eg som va sterk og løfta Therese


Desse bileta kjem om ikkje so veldig lenge.......Må berre få dei lasta over til dataen.

I mellomtida, eit pausebilete.
Eg sitte berre her å venta eg.......
Tusen takk!:)

Tusen takk alle kjære venna som har sendt meg mange fine bursdagsmeldingar:)

Gla' i dokke óg!:)
Og Kotsasi, du va uten tvil fyrst ute!:)

laurdag, november 04, 2006

Slutt på singellivet!

Dagbladet hadde nyleg ein artikkel om at mennesker som er single har større risiko for å få dårleg helse, enn dei som er i eit fast forhald.

Dette stemmer heilt sikkert.

Ikkje fortvil kjære single venner. I dag kom eg over ei fantastisk heimeside som gjer singellivet til ein sagablott! Etter å ha les "Henne" satt eg igjen med gode tips.....

Eg seie ikkje meir. Sjekk det ut sjøl. www.realdoll.com......
Meny:

Forret:

Reke og gåselever med avocadopuré

Hovedrett:

Hjortefilet, med viltsaus, fylde tomatar, hasselbakte poteter og noko anna stæsj mama laga so eg ikkje kan namnet på.

Dessert:

Flytande sjokoladekake med heimelaga vaniljeis.

Deretter skal vi ete ynglingskaka mi; sviskekake og bodakake (kvæfjordkake) mmmmm....



Etegilde forsette i måra hjå feiringa av min og bestemor sin bursdag..

Marsipankaka henta vi på butikken i stad.

Eg kjem aldri nedatt te Bergen.....

fredag, november 03, 2006

Deilig å komme heim. God og frisk luft. Gla Era!! Gla mamma og pappa og litt Jørn:)

Skulle eigentlig vore på hellbillies konsert no. Stod på gjestelista. Takkar for det tromme-mannen!:) Neste gong kjem eg:)

torsdag, november 02, 2006

Jippi Jippi!!!! I dag skal eg heim!
Ser deg att i måra kjære trufaste maskin....
Nokre folk er falske. Medan med andre er dei plommeblide. Det var dei ein gong for andre og.
Ja til sviskekake. Nei til pels.
Eg ynskjer meg ein hest til bursdagen. Ein liten ponni med superfart slik som "Super Mario Bross". Og eg vil at han skal kunne sparke "brosse" sjølv om eg sitte på han.

Han skal vere like lur som Petter Smart, like sleip som Fetter Anton, og ei like stor sjøge som "Dolly".

I dag skal eg pakke, i måra skal eg heim.